Denne veka har gått veldig fort, og me er allereie litt over halvvegs. For det meste har eg denne veka skrive på semesteroppgåva mi i tillegg til å vere litt på jobb sånn innimellom. Og så hadde me stor ryddedugnad på måndag med brassbandet, noko som for min del var heilt greitt (eg liker jo faktisk å rydde, ikkje heile vegen, ikkje absolutt alle moglege ting, men ein del av ryddeomgrepet passar meg veldig fint). No skal eg snart av garde til jobben ute på Hånes, men før det, har eg berre lyst til å dele nok ei lita liste med fine ting, denne gongen fine ting på ein torsdag, midt i november:
✦ å bruke den heimestrikka jakka som eg fekk av mamma og pappa til bursdagen min
✦ hjartesmil si fine liste over 50 ting som gjer ho glad
✦ stearinlys, kaffi, kjærast og White Collar
✦ treffe på fine vener, sånn heilt plutselig, som ein ikkje har sett på år og dag
✦ at det kjem til å bli ein femte sesong med Downton Abbey
✦ følgje dagboka frå studieturen til årets kull på Afrikalinja ved Bømlo fhs.
✦ vakre klede frå Downton Abbey
✦ sjå sære filmar, som Being John Malkovich, saman med kjærasten min
✦ artig bileteserie
✦ at me i dag har vore saman i fire år og elleve månadar, og med det at me neste månad feirar fem år saman
✦ den fine heimesida til tante og onkel med så utruleg mange vakre bilete som ein kan kjøpe og ha på veggen
✦ PistolShrimps (no også på p3.no, og om ikkje anna, så sjekk i alle fall ut Saruman med "Tro-lo-lo")
Legg igjen ein fin tanke