Slike lister blir eg berre meir og meir glad i. No blir det ikkje berre mørkare ute, det nærmar seg jo også eksamenstid med stormskritt, og difor synest eg det er ekstra kjekt å ha nokre fine punkt på ei liste. Fine ting som er fint akkurat no, noko som alltid er fint og noko å sjå fram til. Eg tar litt ekstra bilete av ting eg liker, eg lagrar lenkjer til artige saker på internett nettopp for å lage slike lister. Har de noko spesielt som gjer ein grå haust litt lysare? Mi liste, for denne gong, kjem i alle fall her:
✦ få blomar som takk for dirigentinnsatsen (under sundagens konsert og årsfesten med Grim i går)
✦ denne bileteserien laga av ein mamma som har tatt mange herlege bilete av den søvande babyen hennar✦ nye episodar med David Suchet som Poirot – einaste minuset er at dette er dei aller siste episodane fordi dei no, etter 24 år, har filma alle forteljingane om Poirot som Agatha Christie skreiv
✦ vere på Aquarama Bad med kjærasten min, akkurat slik me gjorde etter skuletid i dag :)
✦ at desember nærmar seg med stormskritt
✦ engasjerande seminar med Gunnar Wærness om boka hans Bli Verden – kanskje eg må ønskje meg den til jul?!
✦ at ein god del av julegåvene er i boks
✦ slappe av midt i veka saman med verdas beste, kaffi og filmen Despicable Me 2
✦ lukta av lavendel trass i frosten ute
✦ femteplassen vår i Siddis Brass
✦ dra på skulen ein laurdag, høyre Popquiz medan eg skriv på semesteroppgåva, og når eg til slutt kjem heim i fire-tida, vite at eg kan ta ordentleg helg
Legg igjen ein fin tanke