9. nov. 2013
Litt skulearbeid på ein elles avslappa laurdag
Planen i dag var å dra av garde til skulen for å arbeide med semesteroppgåva. Men sidan regnet har falle ned frå himmelen jamt og trutt i heile dag, kom me oss aldri så langt. Må seie at insiprasjonen og motivasjonen søkk når det er så himla grått og trist ute. Likevel fekk me jobba ein del med skulearbeidet rundt kjøkkenbordet tidlegare i dag medan me høyrde på Popquiz og annan fin musikk. No blir det snart nystekt brød her, og resten av kvelden skal me berre slappe av. Fyrste helga på ganske lenge at det ikkje skjer noko korpsrelaterte arrangement. Det blir godt med ei helg kor me kan senke skuldrene, sjå ein film, ete god mat, tenne nokre stearinlys, berre vere oss to.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke