19. aug. 2012

Snart tilbake til skulebenken

Ei veke er gått sidan førre innlegg her på bloggen. Ei veke med jobbing frå kvart på seks om morgonen til klokka to midt på dagen. I morgon byrjar skulen igjen. Denne sommaren har gått litt for fort. Ikkje for det, eg har jo hatt det fint saman med dei andre på Gamlingen. Eg berre føler at det einaste eg har gjort, er å jobbe. Det er jo ikkje heilt sant, men det har jo blitt ein del jobbing, ja (ni veker for å vere nøyaktig). Likevel så blir det jo kjekt å sjå vener og kjente igjen når kjem til skulen i morgon. Samtidig blir det litt skummelt å byrje i ein heilt ny klasse der eg ikkje kjenner nokon frå før. Men litt etter litt trur eg det kjem til å gå seg til :) Elles så gleder eg meg til korpsøving i morgon kveld, og så skal eg på jobb både på tysdag og på torsdag. Skal jo bli greit å komme i gong med kvardagen igjen, så håpar eg på litt sol og sommar dei nærmaste dagane i og med at me ikkje har hatt så mykje av den til no. Ynskjer alle mine lesarar ein fin kveld før det er tilbake til skulebenken, jobb, generelt kvardagen, i morgon. 

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n fra Møre sa...

Da er det striskjorta og havrelefsa igjen, da!
Ønsker dere lykke til med et nytt studieår. Jeg vet at dere er flinke og arbeidsomme, så dere vil nok klare dere godt gjennom året - som vanlig.
Og i morra skal det jo gjøres litt stas på kjæresten, har jeg hørt :-)) Klapp litt ekstra på vegne av Moder'n!

Silje sa...

Tusen takk for at du tenkjer på oss her i Kr.sand når me byrjar på eit nytt skuleår i morgon :) Skal klappe litt ekstra når han står på scenen og skal også ha med meg kameraet ;)

Moder'n fra Møre sa...

Venter på bilde, jeg da :-) Syns jo det er litt stas dette, vet du!

Legg igjen ein fin tanke