23. aug. 2012

Kvardagsrutinar

Fyrste skuleveke for dette skuleåret er over og eg er positivt innstilt. Hadde den fyrste forelesninga i går, og i dag blei det både forelesning og gruppearbeid. Det emnet eg har forelesning i på onsdagar og torsdagar, heiter "norsk språkstruktur og språkbruk" (emnekoden er NO-145, så eg kjem nok til å bruke den om eg skal omtala emnet seinere). På desse to dagane har me hatt litt kort om kva eit språk er, taleorgana våre og om kunstige og naturlege språk. Me har også gått i dybden på enkelte termar, slik som prosodi, minimale par og fonem. Sistnemnde er kort forklart den minste tydingsskiljande eininga i språket. Nok om det, eg skal ikkje vere altfor keisam og nerdete ;) Eg syns i alle fall det er kjekt å komme i gong med rutinar igjen. Etter å ha jobba ni veker på samme sted, skulle ein jo tru at det blei ein rutine. Men det å jobbe på skift blei for min del ingen rutine sjølv om eg likte jobben. No derimot er det skule mandag til torsdag, korpsøving kvar mandag og jobb på tysdagar og torsdagar. Kvar veke. Men eg håpar jo så klart at ingen veker blir heilt lik den førre... 

Legg igjen ein fin tanke