11. mai 2015
Konfirmasjonshelg på Årnes
Tilbake til kvardagen og oppgåveskriving. Har halvanna veke igjen før innleveringsfristen for oppgåva går ut, og det skal bli så herleg å få levert den, bli ferdig. Berre konstentrere meg om bryllaupet :) Vil i dag berre leggje ut nokre bilete frå konfirmasjonshelga. Me sat på med mamma og pappa, og saman reiste me alle fire av garde torsdagskveld. Det blei pensumlesing, me høyrde på musikk frå 60-talet og regnbogen titta jaggu meg fram før me var framme i Grimstad der me overnatta frå torsdag til fredag. Fredagen brukte me til å køyre frå Grimstad til Oslo, og på vegen bort var me som nemnt innom Horten der me besøkte tante og onkel. Elles åt me middag på Egon då me var framme i Oslo, og resten av fredagen tok me det heilt med ro. Han og eg overnatta i leilegheita til kjærasten til onkelen min frå fredag til sundag. Med det blei det ikkje hotell på oss, men med god frukost og fint soverom, var det jo nesten hotellstandard :) På laurdag var det dagen for sjølve konfirmasjonen. Seremonien var i Nes kulturhus, og etterpå drog me til eit lokale der festen skulle vere. Bordet var pynta så fint med blå detaljar og også detaljar som har samband med skiskyting. Konfirmanten er nemleg veldig interessert i sporten og han driv mykje med dette på fritida. Han viste oss korleis ein siktar med rifla, og kjærasten min fekk også prøve (rifla var ikkje ladd, altså). Middagen var god og kakene endå betre ;) Og som vanleg måtte eg posere litt i bunaden. Plutseleg var laurdagen over, og i går brukte me jo heile dagen på å køyre heim. I og med at det ikkje var fullt så interessant, blei det ikkje tatt nokre bilete. Men ei kjekk helg saman med fine folk var me alle einige om at det hadde vore! Gratulerer så mykje endå ein gong til konfirmanten :)
Merkelapp
hygge
10. mai 2015
Kirsebærtre, køyretur og konfirmasjon
Etter å ha vore på reisefot frå klokka ti i dag tidleg, er me no endeleg komme heim. Det har vore ein grei køyretur med eit par småstopp, men når ein sit stille så lenge, byrjar ein å bli lei når ein er inne i den sjuande timen med køyring. Og med så utruleg fint vêr ute, ville i alle fall eg heller ha vore ut på tur enn å berre sitje inne i ein bil. Vel. Dagen i går var kjempekoseleg! Seremonien i Nes kulturhus var fin, konfirmanten var så kjekk i finstasen og middagen var hyggeleg med god mat og mange fine folk :) I korte trekk har det vore ei veldig bra og fin helg! Og tenk: mange av dei møter me jo igjen om berre tre veker ;) Ikkje så lang liste denne sundagen, men likevel mange fine ting:
✦ å vere innom skreddaren med brudekjolen; trur resultatet blir veldig bra :)
✦ jentekveld på ein måndag
✦ herlege innlegg på cuteoverload.com, som vanleg: ein katt med ei kaninlue, ein papegøye og ein katt, bittesmå kaninar og små andungar som held på å sovne
✦ vere i konfirmasjon til fetteren min
✦ alle lamma langs vegen på tur til og frå Austlandet
✦ fine og rørande historier som denne og denne
✦ stoppe innom Porsgrunn på heimvegen sånn at me fekk sjå hybelen til broren min
✦"Unlikely Friends Are The Cutest" og "We All Like Curves"
✦ kirsebærtre med dei finaste rosa blomande
✦ å vere innom skreddaren med brudekjolen; trur resultatet blir veldig bra :)
✦ jentekveld på ein måndag
✦ herlege innlegg på cuteoverload.com, som vanleg: ein katt med ei kaninlue, ein papegøye og ein katt, bittesmå kaninar og små andungar som held på å sovne
✦ vere i konfirmasjon til fetteren min
✦ alle lamma langs vegen på tur til og frå Austlandet
✦ fine og rørande historier som denne og denne
✦ sjå eit rådyr på veg til skulen
✦ bruke den nesten seksti år gamle bunaden min i konfirmasjonen
✦ lese denne saka om Lindex som bruker sine eigne ansatte som undertøysmodellar✦ stoppe innom Porsgrunn på heimvegen sånn at me fekk sjå hybelen til broren min
✦"Unlikely Friends Are The Cutest" og "We All Like Curves"
✦ kirsebærtre med dei finaste rosa blomande
Merkelapp
sundagsliste
8. mai 2015
Fint rett før helga
Akkurat no sit me i Oslo. I morgon er det konfirmasjonen til eit søskenbarn, så det er difor me er her. Køyrde frå Sola med mamma og pappa i går kveld, kom oss til Grimstad og overnatta der til i dag. Har hatt ein fin biltur med musikk, pensumlesing, quiz og hjernetrim. Før me kom til Oslo, var me i tillegg ein snarvisitt innom tante og onkel i Horten. Lenge sidan sist, så det var veldig koseleg å vere innom ein tur :) Må berre vise fram nokre bilete av så himla fine blomande tre! Me var nemleg ute og gjekk ein liten tur på onsdag, og med kameraet rundt halsen fann eg så mykje fint å ta bilete av :) No er det snart senga for vår del, så eg ønskjer rett og slett alle ei riktig god maihelg!
Merkelapp
foto
6. mai 2015
Eit kvardagsleg blogginnlegg
Med det fargerike blogginnlegget eg posta på måndag, fortset eg med to fargerike kvardagsbilete frå min onsdagsmorgon. Kjekt å ta i bruk dei fine notatbøkene som eg har hatt liggande ei stund (frå Søstrene Grene), og det same med den fine, lille notisblokka. Kjekk lita blokk til å ha i bokhylla, så har me alltid eit lite papir å skrive på når me treng det. Og til frukost prøvde eg ut ein ny yoghurt utan sukker, ein yoghurt med smak av lime og sitron iblanda litt müsli. Så himla fine fargar utanpå, og heldigvis var den frisk og god :) Nok om det. Dagane går med til å skrive, men hadde jo eit avbrekk på måndagen med jentekveld, og i går var eg hos skreddaren. Er så spent på brudekjolen, og etter i går så er eg sikker på at den kjem til å bli fin og tøff på same tid! Dagen i dag har vore litt oppstykka, for då klokka var 12.30, var me begge to i Sørnes kyrkje. Der snakka me med presten, gjekk gjennom programmet og øvde på seremonien. Tenk, berre tre og ei halv veke igjen! I morgon blir det meir skriving før kjærasten min, mamma, pappa og eg byrjar å køyre av garde til Austlandet. På laurdag er det konfirmasjon til eit av mine søskenbarn, og sjølv om både han og eg er nødt til å jobbe litt i løpet av helga, trur eg det kjem til å bli ei bra helg :)
Merkelapp
bryllaup,
kvardag,
mat og drikke
4. mai 2015
1000 godsaker
Blogginnlegg nr.1000! Sidan september 2009, den hausten eg byrja på folkehøgskulen, har eg blogga, blogga om både stort og smått. Det må me jo nesten feire me nokre bilete av fine godsaker. For sjølv om det var mykje å finne av det i New York, veit eg ikkje om alt var like godt sjølv om det var fint og fargerikt å sjå på ;) Men makronane fra Ladurée var i alle fall veldig gode! Og når me snakkar om godsaker: Synne, som skriv bloggen Et dryss kanel, har akkurat no ein fin liten giveaway gåande, nemleg ei sjokoladefontene frå coolstuff.no. Tenkte eg skulle tipse om dette og samstundes også tipse om den fine bloggen hennar, ein blogg om vintagekjolar og fine reisar. Bloggen hennar har eg lese ein god stund no, og den er ein av dei eg har under "lenkjer". Og nei, dette er ikkje sponsa, men eg skriv om bloggen og gåva rett og slett fordi eg liker bloggen hennar :) I kveld har eg hatt besøk av ei god veninne, og me har prata og prata, me lagde middag saman og me fekk ordna bordkort til bryllaupet. Ein super kveld med andre ord, og ein flott start på veka!
Merkelapp
mat og drikke,
reise
3. mai 2015
"Kom mai, du skjønne milde"
Tida fyk så utruleg fort, og no er me i mai månad allereie! Ferien startar om to og ei halv veke, og om berre fire veker er me mann og kone! Må nesten klype meg sjølv litt i armen, tenk at me snart er eit ektepar! :) Mai månad kjem til å vere over på ein blunk med, som nemnt, oppgåveskriving, konfirmasjon, grunnlovsdag og bryllaup. Men heldigvis er det aller meste kjekke ting, så eg trur det kjem til å bli ein fin månad :) Har vore på jobb både i går og i dag, og sånn elles har det vore oppgåveskriving i fokus denne helga. Men eg fekk heldigvis ein liten pause i går kveld med god heimelaga pizza og komedie A Shot in the Dark, ein Pink Panther-film med Peter Sellers i spissen. Sjølv om dagane går fort, har eg jo fått laga ei lita sundagsliste i dag også:
✦ at det berre er ein snau månad til me giftar oss!
✦ samleinnlegget for Monthly Makers april hos Elsa Lisa (blant anna mitt bidrag), og dette nydelege broderiet hos Alicia
✦ å få lyst til å brodere når eg ser så fine broderiprosjekt (kanskje det er det eg skal gjere når mai månad er over og ting byrjar å roe seg?!)
✦ å endeleg ha levert den eine av to heimeeksamenar :D
✦ rare, men fine otrar, skjønn kanin og ein liten kattunge som leikar med to dalmatinarar
✦ god, heimelaga speltpizza, kjekk film og god armkrok
✦ "Silence, I Clean" og "33 Unbelievable Places To Visit Before You Die" hos themetapicture.com
✦ gå tur både rundt Mosvatnet og rundt Vannassen, i herleg vårvêr, hand i hand med den finaste
✦ veldig kjekt å sjå og lese om denne "leikeplassen" som no er komme på Sola ungdomsskole, den skulen eg gjekk på ein gong i tida
✦ "Hvem får leve og hvem får ikke?" – eit viktig innlegg og så utruleg fine bilete, ei sak som både bør lesast og sjåast!
✦ lese litt vidare i Harry Potter-bok nr.seks når eg treng ein pause frå oppgåveskrivinga
✦ ein herleg og morosam bileteserie :)
✦ at det er ordentleg vår, min favorittårstid
✦ at det berre er ein snau månad til me giftar oss!
✦ samleinnlegget for Monthly Makers april hos Elsa Lisa (blant anna mitt bidrag), og dette nydelege broderiet hos Alicia
✦ å få lyst til å brodere når eg ser så fine broderiprosjekt (kanskje det er det eg skal gjere når mai månad er over og ting byrjar å roe seg?!)
✦ å endeleg ha levert den eine av to heimeeksamenar :D
✦ rare, men fine otrar, skjønn kanin og ein liten kattunge som leikar med to dalmatinarar
✦ god, heimelaga speltpizza, kjekk film og god armkrok
✦ "Silence, I Clean" og "33 Unbelievable Places To Visit Before You Die" hos themetapicture.com
✦ gå tur både rundt Mosvatnet og rundt Vannassen, i herleg vårvêr, hand i hand med den finaste
✦ veldig kjekt å sjå og lese om denne "leikeplassen" som no er komme på Sola ungdomsskole, den skulen eg gjekk på ein gong i tida
✦ "Hvem får leve og hvem får ikke?" – eit viktig innlegg og så utruleg fine bilete, ei sak som både bør lesast og sjåast!
✦ lese litt vidare i Harry Potter-bok nr.seks når eg treng ein pause frå oppgåveskrivinga
✦ ein herleg og morosam bileteserie :)
✦ at det er ordentleg vår, min favorittårstid
Merkelapp
sundagsliste
1. mai 2015
Lyspærevasar
Laurdag for nesten to veker sidan feira me jo mamma sin bursdag her heime hos. Ho, pappa og ei god veninne av mamma, min fadder faktisk, var alle innom, og det var utruleg koseleg å ha litt besøk. Sidan det var fyrste gong ho veninna var her, hadde ho med seg ei lita gåve: desse to små og fine vasane, den eine litt større enn den andre. Dei liknar på lyspærer og er ganske kule. Det morosame med det heile var at me hadde skrive opp to slike vasar på den eine ønskjelista vår til bryllaupet, og det at ho kom med nokre som var heilt like, utan å ha sett på lista, var eit snodig samantreff :) Og ja, me tok dei vekk frå ønskjelista vår ;) Sjølv om det er 1.mai i dag, sit me begge to og jobbar med kvart vårt: han med jobbrelaterte saker og eg med oppgåveskriving. Men me sit no her heime, tar det med ro og gjekk ein tur rundt Vannassen i det fantastiske vêret tidlegare i dag, så eg skal ikkje klage. Resten av helga blir det jobb og oppgåveskriving. Og kanskje ein film i morgon kveld :) Håper de alle får ei flott helg anten de sit med pensumbøkene i fanget eller ei.
Merkelapp
interiør og bustad
Abonner på:
Innlegg (Atom)



























