Kvart på ni i dag tidleg. Kaldt var det, likevel måtte eg ut ein liten tur, strekke på beina etter å ha vore på kontoret ein dryg time allereie. For når himmelen leikar med fargar ute, er det ikkje enkelt å sitje stille inne. Å gå nokre minutt i nærområdet, lufte hovudet litt og nyte ein soloppgang som den i dag, eller som den på det nedste biletet frå førre veke, det gjer alltid godt. Det skal du ha november: du starta ganske grått og vått, men du har verkeleg skine både morgon og kveld i det siste.
Legg igjen ein fin tanke