Ler litt av meg sjølv, for eg ser at eg blogga om denne kaféen tidlegare i år fordi eg var så treig med å leggje ut bilete frå fjorårets haustferie ;) Men det gjer ingenting, eg kan skrive om og skryte av finaste Stolt Mat kva dag som helst. I løpet av dei dagane me var på Sjøholt i oktober, tok me turen innom to gongar. God kaffi i koppen, noko søtt attåt på deling og lesing i kvar vår bok.
Hjartet blir varmt av den heimekoselege retrostilen, og ikkje minst må eg nemne dei to som driftar kaféen og butikken – dei er så utruleg hyggelege og du vil garantert få den beste servicen når du er der! Me pleier å sitje der ein liten time medan me les og drikk kaffien, og så klarer me ikkje å la vere å kjøpe med oss noko heim, til dømes lokal saft eller noko anna godt. Dette er kaféen i våre hjarte!


Legg igjen ein fin tanke