Siste januardag, ute blåser det. Me sit inne og les høgt lappane frå minneglaset, vår eigen lille årsoppsummeringstradisjon. Eg har mista tellinga på kor mange år me har gjort dette no, men det speler inga rolle. For me synest dette er ein kjekk måte å oppsummere året på. Skrive ned opplevingar på fargerike lappar gjennom heile året, og sidan lese dei høgt når eit nytt år er i gong. Oss to, te i kvar vår fine kopp, stearinlys og minna om små turar, interrailtur, piggsvin- og undulatpass, orkesterkonsertar, hyttepåske, haustferie på Sunnmøre, musikalar, kvardagar og ikkje minst huskjøp. Å dele desse minna i lag med den finaste som finst, eg er takksam ♥
31. jan. 2026
2025-minne på mange små lappar
Siste januardag, ute blåser det. Me sit inne og les høgt lappane frå minneglaset, vår eigen lille årsoppsummeringstradisjon. Eg har mista tellinga på kor mange år me har gjort dette no, men det speler inga rolle. For me synest dette er ein kjekk måte å oppsummere året på. Skrive ned opplevingar på fargerike lappar gjennom heile året, og sidan lese dei høgt når eit nytt år er i gong. Oss to, te i kvar vår fine kopp, stearinlys og minna om små turar, interrailtur, piggsvin- og undulatpass, orkesterkonsertar, hyttepåske, haustferie på Sunnmøre, musikalar, kvardagar og ikkje minst huskjøp. Å dele desse minna i lag med den finaste som finst, eg er takksam ♥
29. jan. 2026
Morse Bar
Eller ikkje berre ein tur på bar, men ei vandring i fotspora til sjølvaste Endeavour Morse rundt om i Oxford i juli i fjor. Via nettsida Interview Room One, fann eg eit kart over Morse-relaterte lokasjonar i Oxford. Både Hertford Bridge og Radcliffe Camera har eg lagt ut bilete av her tidlegare, men det blei ein ny tur dit faktisk to av dagane då det var litt enklare å ta bilete med tanke på sollyset. Brua var på kartet, ein lokasjon som ein kan finne på tvers av dei tre Morse-seriane (Inspector Morse, Lewis og Endeavour). Radcfliffe Camera stod ikkje på kartet, men pyttsann, det var flott å studere litt nøyare uansett. Covered market stod også på kartet, og sjølv om puben Lamb & Flag er under oppussing, traska me forbi og såg den frå utsida (den er med i fyrste episode av Endeavour). Rett over kan ein sjå eit lite bilete frå Bodleian Library der me var på omvisning eit par timar før me drog tilbake til London. Å, for ei magisk oppleving, så klart kjem det fleire bilete frå dette biblioteket!
Høgdepunktet på vår lille byvandring i Morses fotspor, var nok The Morse Bar. Inne på The Randolph Hotel har dei laga ein bar som er dedisert forfattaren av bøkene og ikkje minst den originale TV-serien. Me tinga kvar vår drink som begge hadde namn etter serien, og eg skal innrømme at det var stor stas å sitje i ein god stol i ein staseleg bar omgitt av ekte Morse-stemning. Alle detaljane, lysekronene, flaskene i vindauget og så klart ei Morse-bok i fanget. Tihi, me sat og las i bøkene våre, det gjorde me, men boka er den fjerde i serien og eg kjøpte den i Oxford før eg hadde lese bok to og tre, så den er mest med som ein liten rekvisitt. Alltid kjekt med slike litterære besøk!
Merkelapp
bøker,
film og tv,
reise
27. jan. 2026
Når det å vere ute, får ein til å smile
Sollyset den siste veka. Så godt å komme oss ut på ein liten tur i Sørmarka, eller berre ein spasertur i nabolaget. Det treng ikkje å vere den lengste turen så lenge ein får nytta sjansen til å vere ute på slike flotte januardagar. Smiler godt av skilta me såg i Sørmarka, overalt ser eg rim på lauvet i graset og sola som lager lange skuggar kvar dag nett no, humøret stig eit par hakk med ein gong.
Merkelapp
tur
25. jan. 2026
To gode energibomber
Tidlegare i dag såg eg ferdig den aller siste episoden av Vera. Joda, den har jo vore tilgjengeleg på NRK i nærmare eitt år, men eg har spart den, både fordi eg ville lese boka fyrst (som eg nemnde i førre vekes sundagsliste) og fordi eg ikkje ville at det skulle vere slutt. Men no er det altså over, og det er vel ingen som blir overraska når eg skriv at eg blei rørt og felte nokre tårer. For det er meg i eit nøtteskal ;) Ei heilt grei veke på jobb, eg har laga meg mange gode lesestunder, og til å vere Stavanger, har vêret vore upåklageleg. To halvlange, gode turar, på tysdag med ei god veninne og i går i lag med min betre halvdel, tar eg med meg som energibomber. Å få vere ute i naturen, prate, kjenne sola varme, berre vandre, det gjer noko med heile kroppen og humøret. Seinare i kveld skal me på kino, så eg prøver å poste denne sundagslista litt tidlegare enn vanleg:
✦ nok ei bok frå B. K. Borison som eg verkeleg fall for, nemleg Good Spirits
✦ soloppgangsveke
✦ sollys på dei vakre klassikarane i vindaugskarmen
✦ glitrande gras
✦ Espen Linds versjon av Kråkeviks "Songen om mitt liv" er rørande vakker
✦ lesing foran omnen, og så klart med eit mjukt pledd rundt meg
✦ fint skuggespel på veggen
✦ "Top 10 Most Difficult Boradway Solos to Perform" – både frå Chess, JCS og Les Misérables
✦ heimelaga surdeispizza og sjå ferdig Studio Ghibli-filmen Dagen i går
✦ ei søt og samstundes melankolsk forteljing om fyrstikker, Thomas Korsgaard kan det med å skrive
✦ å, så fint å høyre fuglane syngje når eg er ute og går
✦ denne lille pygmeflodhesten er jo berre superskjønn
✦ eg har ikkje sett filmen enno, men stor stas at Affeksjonsverdi fekk heile ni Oscar-nomiasjonar
✦ solstrålane ved Hafrsfjord!
✦ kule gjenstandar som møtte oss i inngangspartiet på IKEA (for gult er alltid kult)
✦ raudstrupen som sat i eit tre og song då eg skulle gå tur med ei veninne på tysdag
✦ høyre The Hollies med "He Ain't Heavy – He's My Brother" på radioen ein morgon
✦ gleder meg veldig til å lese Miranda si bok The Country Commonplace Book gjennom året
✦ og apropos Miranda: alltid kjekt å sjå dei boklege videoane ho legg ut
✦ vil ikkje at serien skal vere ferdig, men den siste Vera-episoden var ei verdig avslutning
✦ sukk, Sørmarka i går, det var så herleg å gå ein liten tur med sola i andletet og ei hand å halde i
✦ Huset under klippen er den andre boka eg les av Sharon Gosling, og også denne synest eg var bra
Merkelapp
sundagsliste
21. jan. 2026
20. jan. 2026
Mitt bokår 2025 📚
2025 blei ikkje det nye 2024 om ein berre ser på kor mange bøker eg las, for 2024 var eit rekordår for min del. Men 153 bøker i fjor, eg kimsar absolutt ikkje av det. Tvert om så er eg veldig nøgd. Lesinga er noko som får meg til å senke skuldrene, eg slappar av med ei god bok i fanget, og eg koser meg når eg får dykke ned i eit heilt eige univers. Lesestunder om morgonen og lesing på senga. Kanskje litt lesing på kafé, på toget eller på ferie i lag med den aller finaste. Ei viktig kvardagsglede. I fjor var dryge 84 prosent av bøkene eg las, henta frå eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg satsar på å lese mykje frå hyllene våre også i år. Det aller meste eg les, er enkeltståande bøker, men innimellom les eg seriar, og i fjor var det jaggu meg fleire gode krimseriar. Vera og Shetland av Ann Cleeves har eg verkeleg kost meg med. Eg las dei to fyrste bøkene om Karen Pirie av Val McDermid, dei fire fyrste bøkene i kosekrimserien om Jodie "Nosey" Parker slukte eg, og så klart må eg nemne sjølvaste Endeavour Morse. For det var stas å lese den fyrste boka av Colin Dexter medan me var i Oxford, og eg rakk å lese to til før året var omme.
Noko som var ein gjengangar i fjor, var at eg las mange klassikarar. Ei av dei av Jane Austens Emma. Andre var Wuthering Heights av Emily Brontë, The Tenant of Wildfell Hall av Anne Brontë, The Wizard of Oz av L. Frank Baum Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy og Mary Shelleys Frankenstein.
Ikkje nok med alle dei andre krimbøkene eg las, så klart var eg med #readchristie2025 og fekk nok ein gong, kvar månad, dykke ned i Agatha Christies verd. Å kunne dykke ned i ei bok, bli betre kjent med eit univers, sluke det eg les, eg vel å kalle det bokdykking. Etter nærmare fem års ventetid, var det endeleg på tide å besøke Ingenlund-universet igjen, og eg det var så innmari kjekt å lese Sølvbåren av Jessica Townsend. Gjenlesing av Tove Janssons Sommerboken, Sent i november og Pappaen og havet er også ei form for bokdykking. The Railway Children av Edith Nesbit var nok ei gjenlesing frå fjoråret, og det var veldig fint å vere tilbake i den boka igjen.
Min venn pingvinen av Tom Michell var ei bok som verkeleg rørte meg, og det var ikkje berre fordi det handla om ein pingvin (sjølv om det absolutt var mykje av grunnen). The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons, Alt jeg ikke sa av Celeste Ng, Farmor har kabel-TV av Tore Renberg og ikkje minst Biblioteket i Gaza av Rachid Benzine er andre bøker som røska i meg på ein eller annan måte.
Fjorårets leseutfordring var å lese ei bok i månaden som min betre halvdel hadde plukka til meg. Her las eg mellom anna klassikarane Den store Gatsby av F. Scott Fitgerald, Redderen i rugen av J. D. Salinger og Alice in Wonderland av Lewis Carroll, to bøker av Terry Pratchett (Skrellingene og The Amazing Maurice and his Educated Rodent), Trilogien av Jon Fosse, Trollmannen fra Jordsjø av Ursula K. Le Guin og Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams. Leseutfordringa mi i år er forresten å lese ei bok i månaden av norske kvinnelege forfattarar som eg ikkje har lese før, ei bok for kvart tiår mellom 1900 og 2010. Her blir det spennande å sjå kva eg klarer å finne, eg ser det er ikkje berre berre å plukke fram frå gløymsla.
Der 2024 var året eg las minst ei faktabok i månaden, blei det ikkje så mykje av det i fjor. Men nokre blei det jo lell, mellom anna Ferjefolket av Halvor Folgerø, Havet av David Attenborough, Poirot and Me av David Suchet, Bienes verden av Henninge Torp Bie og sist, men ikkje minst Our Great Canal Journeys av Timothy West. Å, som eg elska det programmet, og å lese boka var eit rørande gjensyn med to fantastiske personar. Eg fekk vore med på tur både i Storbritannia, Sverige, Italia, Canada og fleire andre land og plassar. Andre bøker som tok meg med på ei reise, var The Road to Yesterday av L. M. Montgomery (eg blir aldri lei av å besøke Prince Edward Island), og One Golden Summer av Carley Fortune var ei bra kjærleikshistorie som også drog meg til Canada. Gjenlesinga av Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe fekk meg til å reise tilbake til barndommen og tilbake til Sverige på 70-talet. Å få vandre djupt ned i bøkenes magi, skjer titt og ofte, og bøker om bøker er alltid magiske: The Echo of Old Books av Barbara Davis, The Diary of a Bookseller av Shaun Bythell og The Story Collector av Evie Woods. Korfu fekk eg besøkt då eg las One Greek Summer Wedding av Mandy Baggot og Ministeriet for tid av Kaliane Bradley var ei ekte tidsreise.
Er det nokre bøker som overraska meg? Ja, det er vel alltid det. Lars Ellings Ved porten til stillhetens skog overraska meg med å vere både meir direkte og meir leiken i språket, og det endte med at mannen min las den etter meg. Lånt jord av Scott Preston var på nokre punkt ei røvarhistorie med eit dystert bakteppe som eg ikkje var forberedt på. Eg likte Jordbane av Samantha Harvey meir enn eg hadde trudd, og Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen lever opp til alle dei gode meldingane. Bokhandelen i fyrtårnet av Sharon Gosling var djupare og endå finare enn det eg hadde sett for meg i hovudet mitt, og blei raskt ein favoritt.
Joda, bøker får meg ofte til å gråte, men dei får meg også ofte til å smile og le. Book Love av Debbie Tung var ei bok eg småhumra mykje av, og den var så gjenkjenneleg, tihi! My Neighbor Totoro av Tsugiko Kubo var rett og slett herleg å lese sjølv om en på visse punkt også var rørande. Å få lese den nyaste boka i serien om Torsdagsmordklubben, nemleg Den umulige formuen av Richard Osman, var som vanleg som å få ein ordentleg god klem. Call of the Penguins av Hazel Prior må eg også nemne her, det same med Oskar og eg – Alle tinga vi har av Maria Parr og Du er her av David Nicholls. B. K. Borisons bøker Business Casual og First-Time Caller var også slike mjuke bøker. Okei, mjuke kjærleiksbøker. Are Kalvøs Meininga med livet var akkurat passe fjollete, og me treng det også innimellom.
Rachel Joyces Harold Frys utrolige pilegrimsferd las eg i 2023, og oppfølgjarane Queenies kjærlighetssang og Maureen er to sårvakre historier som sit igjen. Ingrid Lensols Jeg savner å føle at noe ikke skal til slutt setje ord på melankolien som overgangen til vaksenlivet kan vere medan Thomas Korsgaard med novellesamlinga Snytt ut av nesa viser at han kan seie mykje om mangt med få ord; han kan det å skrive. Det kan også Valerie Perrin, for som med dei andre bøkene eg har lese av ho, ligg det ei nerve i Tata som gjer at du berre vil lese meir og meir. Keramikk for nybegynnere av Yeon Somin var ein slik stille roman som gir deg ei heilt eiga kjensle, kjensle av både ro og melankoli, håp og stille. Og Angela Hardings illustrasjonar i Summer's Hum er så nydelege at eg gjerne kunne ha hatt dei på veggen, medan stemninga frå Paolo Cognettis Nede i dalen er til å ta og kjenne på.
Merkelapp
bøker,
kjekke lister
18. jan. 2026
Kaffi kan løfte tunge dagar
Av bileta i denne vekas sundagsliste, er det fleire stunder med kaffi i ein favorittkopp. Men det må absolutt til når ein er småforkjøla og det er kaldt ute, i alle fall om du spør meg ;) Snøen forsvann etter kvart som veka tok til, og regnet datt ned då eg gjekk til jobb på fredag. Med andre ord er det ikkje like kaldt ute som førre veke, men å kunne starte nokre av dagane foran den knitrande omnen set eg likevel pris på. I gong med nytt orkesterprosjekt, halvtunge dagar på jobb, fleire lesestunder, ei kort helg sidan eg hadde laurdagsvakt og heldigvis mange kjekke punkt å skrive om:
✦ som eg likte å lese Winter Nights at the Bay Bookshop (og alltid gøy når Anne Shirley blir nemnt)
✦ sjølv om dette var førre sundag: tenk at januarmorgonane kan vere så fargerike!
✦ godt å ta meg ein liten luftetur i nærområdet i dag
✦ laurdagstaco og fin film etter timar på jobb
✦ altså, Tynne rivner av lys var ubehageleg å lese, men samstundes ei så himla bra bok
✦ sko som matcha både kjolen og strømpebuksa
✦ regndropane på ein grøn busk
✦ når store hundar blir ven med småsmå kattar, det er like søtt kvar gong
✦ dele dei siste julekakerestane etter frukosten i dag tidleg
✦ snart forsvinn den siste episoden av Vera frå NRK Nett-TV, og då måtte eg jo lese boka fyrst
✦ mjuke vinterlys mot dei skarpe, kvite snørestane
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess på veg til orkesterøvinga
✦ å, så mange flotte bokhandlarar her inne, og me har i alle fall besøkt fire av dei
✦ strikke litt medan me såg på film
✦ komme i gong med eit nytt orkesterprosjekt
✦ prate med ein kunde om Tønes
✦ morgonstund foran omnen, så klart med kaffi og bok
✦ julespesial 2025 av The Great British Bake Off, her smiler eg godt av både Coleman og Mitchell
✦ ha, ha, ein lettare forskremd tommel opp i regnvêret ;)
✦ fuglane som syng, uansett kva dag og årstid
✦ lese eit par sider på veg til jobb på onsdag då snøen framleis låg i små klattar
✦ sundagskjensla med kaffi i ein favorittkopp og leggje nokre puslespelbitar i lag med han der fine
Merkelapp
sundagsliste
16. jan. 2026
Oxfords pastellar
Sjølv om me har bikka eit nytt år, har eg framleis fleire bilete frå fjorårets interrailtur som eg ønskjer å dele her på bloggen. Og om det ikkje skulle komme klart fram i tittelen: dette er altså Oxford. Kjekt å gå forbi nokre husrekkje fulle av forskjellige pastellfargar. Fargar gjer meg glad, dei lyser opp og skaper så mykje liv! Og dei like fargerike og flotte dørene rundt omkring fanga også blikket mitt.
Ofte når me er på ferie, er det å vandre gatelangs noko av det kjekkaste. Altså, ikkje viss det blir mil på mil og med mange folk rundt oss på alle kantar, men det å kunne utforske ein by eller lansdsby i vårt eige tempo, stoppe opp når me ser eit fint, gammalt hus, ein lyktestolpe som lett kunne vore tatt frå Narnia-universet og ein mystisk dør som får fantasisen til å løpe løpsk, det er ferie for oss.
Merkelapp
reise
Abonner på:
Kommentarer (Atom)










