30. des. 2025

Dekka bord og pynta tre




Andre juledag hadde me middagsgjestar her hos oss. Me serverte hjortegryte, noko som fall i smak, og bordet var dekka med mormorserviset, smellbongbongar i fint motiv (fleire av motiva frå Sara Miller London er ordentleg flotte) og koselege serviettar. Ikkje veldig avanserte greier, men det treng det heller ikkje å vere. Sundagsmorgon hadde me frukostgjestar, og då var det mellom anna heimelaga surdeigsrundstykke på menyen. Fine folk, bra quiz og dei klassiske dompapane.
 



























Og treet vårt. Skal innrømme at det er ganske stas å ha eit ekte tre i vår nye heim, kjøpt på ein gard i Randaberg. Treet er fylt med julepynt der mykje er funne lokalt, på reisar, pynt me har fått eller som har ei anna tilknyting til oss. Mellom anna er det nydeleg nuperellejulekule frå tante, ugl frå ri.make (som eg skreiv meir om i fjor), ein liten pakke funne i ein julebutikk i York, Mummikule, eit lite tinnhus med årstalet 2025, ein snømann og ei keramikkstjerne kjøpt på julemesse her i byen, ein nydeleg istappaktig glaspynt fått i gåve, kanadisk julehelsing kjøpt på Etsy, og eit lite lokomotiv – for me er jo togelskarar! Så mangla me kanskje norske flagg, stjerna er litt skeiv, men det er vårt tre!

28. des. 2025

Slike dagar på tampen av året 🌟






Jobb igjen i morgon, men eg har faktisk hatt fri heile jula og skal ikkje klage. Dagane har vore mjuke, eg har fått lese ein del, slappa av og vore med familie og venar. Kunne gjerne hattt eit par ekstra fridagar berre for å lese meir og høyre på julemusikk, senke skuldrene endå meir før kvardagen set i gong. Lite snø å spore her i Stavanger no i romjula, likevel vil eg seie at desember har vist seg frå si beste side med sol og strålande vêr kvar dag i det siste. Tja, eg veit faktisk ikkje om eg har så mykje meir å seie. Noko har eg allereie blogga om, og resten er vel å finne i årets siste sundagsliste:
 
✦ som vanleg: sjå Love Actually medan eg pakka inn julegåvene
✦ Val McDermids Mord til jul var ei kjekk samling julekrimnoveller 
✦ soloppgangen fleire av dagane denne veka, like magisk uansett kva dag
✦ starte lille julaftan med spa og flytetank hos Jæren flytesenter
✦ diggar å ha på meg min raude julekjole, inspirert av Ali MacGraws kjoleLove Story 
✦ smellbongbong i eit fint motiv, veldig kjekt å invitere familien hit på middag andre juledag 
✦ turen langs Hellestøstranda var akkurat det me trong midt i juledagane
✦ treffe ei av mine beste veninner heile to gongar  
✦ artig å sjå Dick van Dyke-filmen Fitzwilly i går kveld, tenk at han nyleg blei hundre år 
pynte vårt eige juletre 
✦ juledagar på Sola og her heime, god mat, spel, quiz og mykje hygge 
 kalenderboka De ensomme hjerters bar var akkurat passe herleg med kule karakterar
 lyset inn i stova i starten av veka
✦ Mirandas video med mange kjekke julerelaterte bøker og fine ting 
✦ Zalo var heilt med, og det å få smake på eggerøre var definitivt ein hit
✦ solstrålar som blei reflektert i blokkene i nærområdet då eg tok meg ein rusletur på fredag
✦ heimelaga marsipan og den vakraste juleduken 
✦ sjå fjorårets julespesial av All Creatures Great and Small, og gjett om eg bleir rørt 
✦ kan ikkje anna enn å smelte litt av denne skjønne huskykvalpen 
✦ julaftansmorgon med dyne, julehefte, kransekakestong, fyr i omnen og to julefilmar 
✦ raude bær og det gylne sollyset på den kvite veggen 
✦ invitere fine folk på frukostquiz i dag tidleg, heimelaga surdeigsstykke og vinterserviset vårt
✦ gøy å lese A Cornish Christmas Murder, bok nr. fire i serien om Jodie "Nosey" Parker
✦ treffe eit venepar ute ved Godalen i går, gå ein liten tur med dei og berre prate 

27. des. 2025

Hellestøstranda





Fyrste juledagstur langs ei strand. På torsdag tok nemleg mannen min, broremann og eg tok oss ein tur ut Hellestøstranda. Vêret var ypperleg, og det var godt å berre gå i sanden, sjå sola gå lågare og lågare, høyre bølgeskvulp og suset frå havet. Frisk sjøluft i andletet, fargespel på himmelen.
 



Varde i solnedgang. Klisjéfylt, men sant. Blanke skjel i sanden, rim på steinane og blide fjes. Gyllent ettermiddagslys over havet. Mjuke dagar no i desember, både inne og ute.

26. des. 2025

Juledagskavalkade






Kven fann mandelen i grauten? Joda, i år som i fjor var det pappa som fann den. Me åt risgraut lille julaftan på Sola, slik me pleier å gjere. Og etter maten, fann me fram eskene med julepynt og pynta treet i lag. Ein lille julaftan heilt etter boka med andre ord :) Julehuset i gangen var pynta, og Zalo var heilt i hundre og ti. Gul og kul, det er Zalo, det, han fortener eit eige innlegg!
 






Sjølve julaftan starta me her heime. Fint å ta det heilt med ro, lese unde dyna, fyre i omnen og sjå på dei to julefilmane eg alltid pleier å sjå 24. desember. Kjekt å ta på meg min raude julekjole før me køyrde til Sola i fire-tida. Kalkun med tilbehør til middag (inkludert eit par medisterkaker) og til dessert var det riskrem med bringebærsaus, krumkaker og litt heimelaga is. Alltid like artig når me må pakke opp gåver som er kamuflerte, til dømes ei stor vedkorg. Mange flotte gåver, ein liten pause med kaffi og julekaker, opna dei siste gåvene og me runda av kvelden med quiz.
 



Juledagsfrukost med noko for ein kvar smak. Ein roleg formiddag før me gjekk tur langs Hellestøstranda i heilt nydeleg vintervêr! Kaffi, lesing og Juleduken med stor J. Me åt fisk til middag før heimelaga sitronfromasj og eit par rundar med "Decrypto". I ti-tida køyrde me heim, og me vakna opp i vår eigen heim i dag tidleg. Her har me i dag stelt i stand til besøk, for i kveld var det vår tur til å lage middagen. På menyen stod det hjortegryte, og det var veldig kjekt å dekke bordet og vite at me byrjar å kjenne oss ordentleg heime i huset. Koselege juledagar med familien, me er heldige.

24. des. 2025

Roleg og avslappa lille julaftan






Trur me trong det begge to, å starte jula med nokre timar ved Jæren Flytesenter. Me køyrde ut i ni-tida i går morgon, og soloppgangen var heilt nydeleg. Denne gongen hadde me tinga både flytetank og spa, det vil seie ein times flyting og sidan ein time i eit anna rom der dei har både iskulp, badstove og boblebad. Joda, eg har nemnt det før, men å flyte i ein tank der vatnet inneheld 26 prosent mineralsalt, kjenne seg vektlaus, det er som balsam for sjela. Avslappande var det også med spapakka (puh, den iskulpen var kald!), og eg blir like glad kvar gong av å sjå den søte flodhesten på ei lita hylle på toalettveggen. Kan varmt anbefale eit par timar på eit flytesenter i juletida!

Vårleg julekorthelsing 🌸


Det årlege julekortbiletet er i år ganske vårleg, men me treng litt lysare fargar midt i mørketida. Akkurat no ventar eg i spenning på om prinsen får sin Askepott i år også. Eg sit under ei varm dyne i sofaen og prøver å la juleroa synke inn. Og etter at prinsen kanskje får sin Askepott, må eg vente endå litt meir for å sjå om Sonja finn julestjerna på himmelen også dette året. I går var det mandel i grauten og pynting av treet på Sola, og seinare i dag drar me dit igjen for å feire julekvelden med familien. Så med denne lille posten, vil eg ønskje alle som stikk innom her i ny og ne
 ei riktig fin jul ♥︎

22. des. 2025

Avslappa kveld like før jul




Glaskuler i eit julepynta vindauge, god mat og godt selskap latter og hygge – sjølv om eg som nemnt var ganske gåen i hovudet etter ein lang dag på jobb, var det ein finfin kveld midt i førjulsstria. Tante og sambuaren hennar kjøpte hus i haust, ikkje så lenge før oss, og det var kjekt å komme på besøk for å sjå deira nye heim. Søskenbarna våre var også på besøk, me fekk helse på finaste Opus (å, som ho elskar det å bli børsta) og det var eit par timar med avslappa stemning blant godgjengen.