31. mars, den siste dagen før ein ny månad er i gong. Snøklokker, sol og blå himmel, lilla krokus og regndropar på dei knallgule påskeliljene, lesing på veg til jobb, ei lita fjør i graset og fuglekvitter. Alt det eg plutseleg får auge på når eg går til jobb. Små glimt frå ein mars som har vore travel og fin.
31. mars 2025
Små marsglimt
31. mars, den siste dagen før ein ny månad er i gong. Snøklokker, sol og blå himmel, lilla krokus og regndropar på dei knallgule påskeliljene, lesing på veg til jobb, ei lita fjør i graset og fuglekvitter. Alt det eg plutseleg får auge på når eg går til jobb. Små glimt frå ein mars som har vore travel og fin.
30. mars 2025
Ikkje heilt seint i november
Jobba i går, så for min del blei helga ganske så kort denne gongen. Ja, heile mars har berre foke forbi og det har vore noko kvar helg. Puh, om ikkje anna var det ei grei laurdagsvakt på jobb, medan eg i dag har fått lese mykje. Eigentleg er det lite nytt å fortelje, dagane i butikken er både opp og ned, nokre travlare enn andre, nokon kundar (heldigvis) blidare enn andre. Starta veka med fri, og då fekk eg unnagjort ein del ærend i tillegg til å dra ein tur til frisøren. Gåturane til jobb er framleis ei finfin kvardagsglede, det same er bøkene mine – i det siste har eg lese fleire veldig gode bøker:
29. mars 2025
Wicked


For litt over åtte år sidan, såg me Wicked i London, ein musikal eg hadde høyrt mykje bra om og som eg eigentleg ville sjå den fyrste gongen eg var i byen i lag med mannen min. Eg kan enno hugse at eg nok hadde litt for store forventingar, for eg sat igjen med ei kjensle av å ha hatt betre musikalopplevingar (til dømes er andre akt liksom litt rotete, ein skal prøve å setje saman alt og runde av det heile). Samstundes ser eg av dette innlegget eg posta ikkje lenge etter at me såg musikalen at eg stort sett var nøgd med opplevinga, songane er jo berre råtøffe. Alt i alt prøvde eg å gå inn på Folketeateret med litt lågare forventing enn kva eg gjorde då me skulle sjå den i London. Wicked er den tolvte musikalen eg ser på dette teateret, nok ein gong produsert av Scenekvelder, og det blei ei veldig kjekk musikaloppleving! Både Sanne Kvitnes og Alexandra Rotan er skapte for rollene som Elphaba og Glinda, for min del var det gåsehudfaktor fleire gongar – å syngje "Trosser tyngdekraft" høgt i sky er ein prestasjon berre i seg sjølv – og nokre tårer kom det innimellom. Dei visuelle effektane synest eg fungerte bra, og som vanleg jubla eg litt ekstra då orkesteret kom på scena, eg kjenner jo trommisen der. Som vanleg knipsa eg eit lite sjølvknips i trappa, og så var det litt artig at dei hadde laga til eit filter på Snapchat som ein kunne bruke, mannen min hadde ikkje noko anna val enn å vere med – du er god som held ut med ein ekte musikalnerd ;)
27. mars 2025
Ikkje berre snøklokker
Som eg skreiv førre veke, er det krokusane eg ser flest av ute for tida. Og sjølv om dei ikkje er like vakre som snøklokkene, er dei no ganske fine lell. Foreløpig er det dei kvite og lilla eg ser når eg traskar av garde til jobb, dei tittar opp av den grøne jorda. Seier liksom "tittei" og får meg til å smile.
25. mars 2025
Konditori i Oslos gater
Sjølv om me berre var i Oslo i tjuefire timar, synest eg me nytta dagen godt med litt av kvart – utan å stresse. Etter frukost og bittelitt lesing, drog me alle fire til sentrum. Gjekk i gatene, stakk innom eit par butikkar og åt gode kaker på Halvorsens Conditori. Seier berre "nam"! Knipsa eit bilete av det eine småbordet inne på konditoriet, for det var pynta av kanonflotte fliser. Ein av butikkane me var innom, var Norway Designs, og nede i kjellaren, såg eg mellom anna ein vegg full av papir i alle mønster og fargar. I løpet av helga fekk me, så vidt, helse på finaste Bambus (ho er no litt småskeptisk til nye folk), og ein varm og gyllen solnedgang etter musikalen fekk me også oppleve.
24. mars 2025
23. mars 2025
Trollmannsklassikar i same veke som ein heksemusikal
Tjuefire timar i Oslo. Ei stund sidan sist me gjorde det, men fredagskveld tok me altså nattoget til hovudstaden, for midt på dagen i går skulle me sjå musikalen Wicked på Folketeateret. Me budde hos onkelen min og kona hans, og sett bort frå musikalen, hadde me få planar. Eigentleg veldig digg å berre ta det litt som det kom, vandre i bykjernen og sidan ta ein roleg kveld. Dagane etter disputasen har gått i eitt, på jobb har det vore nok av varer å få på plass og generelt ei siste rydding etter Mammut-salet, samstundes har det vore nydeleg vêr ute, og eg har verkeleg nytt det å gå og sykle til jobb. Rett og slett ein stor forskjell, det der når dagane er lyse og det roper vår i motsetnad til grå og regntunge dagar. Mesteparten av dagen i dag, gjekk med til å sitje på toget, noko som var ganske okei med ei sol som følgde oss heile vegen heim. På tide å skru av her no snart:
21. mars 2025
Festmiddag førre fredagskveld
Akkurat ei veke sidan disputasen, og den blei så klart avslutta med ein festmiddag. Me rakk jo ein svipptur heimom for ta ein liten pust i bakken mellom sjølve disputasen og middagen, noko eg trur me trong begge to. Han hadde invitert familie, venar og kollegaar, og det blei ein veldig koseleg kveld. Før alle gjestane kom, rakk eg ein tur ut på takterrassen for å ta bilete av ein varm og gyllen solnedgang. Etter ønskje frå mannen min, blei det ikkje mange lange talar, men nokon ville jo seie eit par ord. Og eg skulle i alle fall ikkje halde tale, likevel kjente eg at ville seie noko til han der eg er så stolt av, han som eg elskar. Noko av det mest morosame, var ein kollega som gav disputanten ein "doktorgradshatt". Tihi, eit artig påfunn sjølv om den ikkje passa heilt og datt fort av ;)
Middagen var ein buffe, og etter talar og drøs, blei det kaffi og kaker. Nokon prøvde å løyse eit matematisk problem som kom med hatten (det var noko med omkrets og pi, ein kjem jo ikkje unna at det var pi-dagen), og det såg til at folk koste seg. Dagen etterpå samla eg saman blomebukketane for å ta bilete av alle fargane i lag. Så mange flotte helsingar frå fine folk, tusen takk! ♥
19. mars 2025
Å, dei kvite, dråpeforma blomane
Ute nett no, er det krokusane eg ser flest av, men snøklokkene har ikkje heilt gitt slepp. Sjølv om snøklokkene kom i februar, er mars den fyrste vårmånaden, og det har eg merka når eg har vore ute og gått. Og om det ikkje har byrja å poppe opp overalt, ser eg teikn til at det kjem snart. Ganske snart. Dei kvite, dråpeforma blomane, eg smiler. Våren, du er noko av det aller vakraste.
18. mars 2025
Disputasdag med stor D
Kvart over ni fredagsmorgon, var me framme ved UiS og nesten klare. Mannen min skulle i ilden klokka ti med prøveførelesing, og viss den blei godkjent, venta sjølve disputasen klokka (etter ein lunsjpause). Eg kjente eg hadde nervar og var spent, både på om dette kom til å gå bra og om eg kom til å forstå noko. For det må eg berre innrømme: matematikkdidaktikk og det han skreiv oppgåve om, er ikkje akkurat min ekspertise ;) Eg skjønte meir enn det eg hadde trudd på førehand, og det var faktisk litt gøy å høyre på! Både hans og min familie var med gjennom heile dagen, svograr, svigerinne og ei av niesene våre vår der også, i tillegg til kollegaar og disputaskomitéen.
Prøveførelesinga gjekk bra, og etter lunsjen, venta det ein kort presentasjon av avhandlinga og så var det tid for dei to opponentane. Puh, alt gjekk på engelsk og det varte ei stund, men plutseleg var det over og komitéen sa at avhandlinga var "godkjent". Kan ikkje leggje skjul på at det kom nokre tårer då, ja. Så innmari glad og stolt! Rett etter disputasen, var det ei lita mottaking med småmat og noko søtt attåt. Ei letta stemning, fint å berre mingle litt og etter kvart komme oss heim for ein rask pustepause før middag på kvelden med mange gode folk. Ein bra disputas på sjølvaste pi-dagen.