31. jan. 2025

Minnelappar i eit minneglas




Rundar av januar med å ta fram minneglaset, det glaset me år etter år legg lappar oppi, lappar som er fulle av minne me har skrive ned. Framleis er det mange igjen å lese, så eg kan vel seie med ein gong at me ikkje blir ferdige i kveld, tihi! Som dei aller fleste år, har me også i 2024 opplevd mykje, til dømes interrailtur, hyttepåske, små turar, nye jobbar for oss begge to, orkesterkonsertar, musikalar, travle kvardagar og fine kvardagar. Å kunne skrive ned opplevingane på fargerike lappar og leggje dei ned i hjarteglaset, og sidan lese dei høgt når eit nytt år har starta, er ei akkurat passe årsoppsummering i våre auge. Ei lita mimrestund over året som er gått, berre oss to ♥︎

29. jan. 2025

Enno er det januar...





...men snart. Snart er våren her. Joda, februar er framleis ein vintermånad, og me kan fort få frost og snø, likevel er det ofte då eg pleier å sjå dei fyrste snøklokkene poppe opp. Opp og fram mot lyset vil dei. Allereie i går fekk eg eit lite glimt av at noko byrjar å skje, og eg stod der og smilte for meg sjølv.

28. jan. 2025

Marmelade, akkurat som Paddington



Heimelaga klementinmarmelade på varme vaflar, mmmm! Mannen min hadde kjøpt litt for mange klementinar for eit par veker sidan og tenkte at han kunne lage klementinmarmelade av dei me hadde igjen. Og det blei ein suksess! Dompapserviset frå Porsgrunds Porselænsfabrik er framleis i bruk, for som eg skreiv i fjor, er det for oss både jule- og vinterservise. Tenkjer me ryddar det bort til helga når februar er i gong, men å, eg blir glad av å bruke det, både til frukost og til kveldskaffien.

26. jan. 2025

Dei der punkta som gjer dagane betre




Sola i andletet i byrjinga av veka, fine lesestunder,  og kundar som takkar for god service, eg tar til meg alle små gleder. For innimellom føler eg at verda går av hengslene, det er uroleg og eg kjenner liksom ikkje igjen den tida me lever i. Kjem ikkje til å skrive ei lang tankerekkje her og no, men likevel, eg måtte nemne det. Dagane på jobb har vore greie, heldigvis ingen som skjelte meg ut i motsetnad til førre veke, og han fine og eg har hatt eit par lesestunder i lag, noko som gir meg ro. Sidan eg jobba i går, blei helga nokså kort, og eg har difor prøvd å verkeleg finne sundagskjensla i dag. Veit ikkje om eg har så mykje meir å fortelje, lar heller dei små punkta under seie sitt:
 
den fyrste boka mannen min plukka ut til meg, var herlege Skrellingene av Terry Pratchett
gåsungar på trea
fortsetje å plukke ut bilete til fotobok 
Fantastic Friends-episode frå Istanbul med baklava og nynning på songen "Feed the Birds"
nydeleg versjon av "The Sound of Silence"
oppsummere fjorårets bokår
soloppgang over blokka 
strikke på eit restegarnprosjekt å luske på nye strikkeplanar
rekkje å lese eit par sider i blåtimen før laurdagsvakt
utruleg kult at And Then There Were None, ei favorittbok, plutseleg var på jobbens topp ti-liste
vinke til dei lange skuggane då eg gjekk til jobb på onsdag
og skuggespel i stova er alltid noko eg smiler av 
tihi, ein stor og snill golden retriever som helser på ein miniversjon av seg sjølv
vintersola som lyste så klart og gyllent
artig å sjå rare lysflekkar på himmelen rett ved blokka vår, noko som kjem frå lysshowet i sentrum
heimelaga klementinmarmelade på varme vaflar
surdeigspizza og resten av Hitchcock-filmen Vertigo (og for ein slutt!)
boka Let it Snow av Sue Moorcroft blei sesongens siste julebok  
Billy Boyd (kjent frå LOTR-filmane) ser ut til å vere ein ordentleg hjartevarm fyr
å pynte bordet på jobb med søte kort og like søte bamsar
rim på blad og greiner
sola i andletet oppe ved Vålandstårnet
Renbergs Farmor har kabel-TV er sånn søt og melankolsk på ei og same tid

24. jan. 2025

Opusbesøk 🐱





Pelsete Opus. For ja, ho har mykje pels, pels som er så mjuk og glatt som silke. Frå torsdagskveld til sundagskveld, var ho på besøk hos oss. Den fyrste timen vandra ho rundt i leilegheita og prøvde å bli kjent med dei forskjellige romma, men det tok ikkje lang tid før ho fann seg til rette. Noko av det beste er visst å bli børsta, det kan ein halde på med lenge, og av og til var det gøy å leike. Kos likte ho også, viss du har volumet ganske høgt, kan du høyre purringa mot slutten av den lille videosnutten.
 



Med sine kulerunde auge, såg ho tidvis ganske forskrekka ut, tihi. Men stort sett sat ho i ein krok og slappa av eller låg på sofaen og sov. På laurdagskvelden, var ho med på å sjå Vertigo, og å liggje på fanget medan eg drakk kaffi og las ei bok var visst heilt topp. Eit riktig så koseleg helgebesøk ♥

22. jan. 2025

Kald og solfylt formiddagstur




Frostig formiddag. Rim på dei små blada, eit tynt, nesten gjennomsiktig kvitt teppe på marka og det varme, og samstunde skarpe, januarlyset. Måndagsturen i nærområdet såg nettopp slik ut. Eg fekk til og med auge på tre fulle av gåsungar. Allereie no kan ein sjå glimt av vår og lysare tider.




Turen gjekk opp til Vålandstårnet, og eg stod der ei lita stund og naut både utsikta og sola i andletet. Og sola skein på ein busk, eg prøvde å fange solstrålar som sneik seg inn mellom trea, og på veg heim såg eg ein flott vott som nokon hadde mista. Å, eg håper den finn tilbake til heimen sin igen (sjølv om eg tviler). Ein sånn formiddagstur, ein kvardagstur, som eg kjente eg fekk energi av.

20. jan. 2025

Mitt bokår 2024 📚

Mindre strikking, meir lesing. For 2024 blei det året der eg strikka veldig lite om ein samanliknar med dei føregåande åra, men det var også året eg las 185 (!) bøker. Så klart, nokre bøker var mykje kortare enn andre, likevel er dette ganske kult. Omtrent 70 prosent av bøkene, har eg ført opp som mi eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg håper å fortsetje med å plukke bøker frå mi eiga hylle også i år. Så får me sjå om eg ønskjer å strikke litt meir og lese mindre eller kva som skjer. Uansett, eg set pris på lesestunder om morgonane og lesing på kafé. Lesing før me legg oss, lesing på ein togtur og lesing på orkesterøvingar der me ikkje speler like mykje. I tillegg til #readchristie2025, er lesemålet mitt i år å les ei bok i månaden som mannen min har plukka ut til meg. Hi, hi, dette kan bli spennande. Som vanleg er det ikkje like enkelt å oppsummere eit heilt år i bøker, men eg skal prøve.
For det meste les eg enkeltståande bøker, men så er det jo slik at også eg kan bli hekta på ein serie eller fem. Eit par Herriot-bøker las eg (og koste meg verkeleg med!), og B. K. Borisons In the Weeds og Mixed Signals er bok nummer to og tre i ein kjempekjekk serie. Las også dei to siste bøkene i serien om Bergman-brødrene av Chloe Liese, men den serien som nok aller mest tok meg med storm, var dei seks bøkene om piggsvinsenteret Hedgehog Hollow av Jessica Redland.
 
Fjorårets leseutfordring var å
lese ei faktabok i månaden, og eg las faktisk fleire faktabøker enn sjølve lesmeålet. To bøker av James Rebanks blei lesne i fjor, Livet på landet og Fuglevokteren fra Vega, der sistnemnde står igjen som ei av fjorårets beste bøker. Andre gode faktabøker eg las, var Trist tiger av Neige Sinno, Jærkshire av Helge Torvund, Norske ødegårder av Øystein Morten og 16 dager på Lillehammer av Magnus Helgerud.
 
Å, mange av bøkene eg les, tar meg ut på ei reise, anten til ekte plassar eller fiktive stadar. Montgomerys bøker om Anne Shirley var det så utruleg fint å gjenlese, den beste av dei er vel kanskje den fyrste – Anne of Green Gables – men eg verkeleg koste meg med å lese heile serien, bøker som lot meg reise tilbake til finaste Prince Edward Island. Bøker om bøker lar meg også få vandre djupare inn i bøkenes magi, og her må eg nemne Lost for Words og Found in a Bookshop av Stephanie Butland. Likte også godt Bookworm av Lucy Mangan om barndomslesing, Jane Austen tok meg med til ei anna tid, med Mandy Baggot besøkte eg flotte Korfu, i The Seven Year Slip av Ashley Poston var eg med på ei tidsreise, og sjølv om den ikkje var den aller beste i serien, var det gøy å lese Den siste bokvandreren av Anna James
.

Kva bøker har overraska meg? Eg trur This Summer Will Be Different av Carley Fortune var ei av dei som overraska meg mest. Eg venta kanskje ein meir stereotypisk kjærleiksroman, og på mange måtar var den det, samstundes var den så fint skriven med meir djupn og det var kjempekjekt å lese ei moderne bok der handlinga var frå besteste Prince Edward Island. Ixelles av Johannes Anyuru var meir mystisk enn det eg trudde, at Sally Rooney verkeleg kan skrive fekk eg erfare med Intermezzo, og eg koste meg meir med Kan du høre byen puste ut av Don Martin og Zeshan Shakar enn det eg hadde venta at eg skulle gjere.
 
Sidan eg allereie har nemnt #readchristie-utfordringa: eg las fleire gode Christie-bøker i fjor, og det var stor stas å sjå skrivemaskinen hennar på universitetsbiblioteket i Cambridge. 2024 var ikkje det året der eg las mest krim, men eg las i alle fall Ann Cleeves The Raging Storm, bok tre i Two Rivers-serien. Og så må eg ikkje gløyme bok nummer fire i Torsdagsmordklubben-serien av Richard Osman. I mine auge er den framleis ein ordentleg kosekrimserie! På fremmed jord av Mick Herron, bok nummer seks i serien om dei sløve hestane, Døden kommer til Pemberley av P. D. James, unike Skygge i snøen av Oriana Ramunno og Tore Renbergs Lorden, som sånn sett ikkje er krim, men som har spenninga slik ei krimbok har gåande heile vegen.

Valerie Perrin, som også har skrive Å vanne blomster om kvelden, har ei heilt eiga måte å skrive på, med ord og setningar som er sårvakre og som set spor. I fjor kom debutromanen hennar på norsk, Glemt på en søndag, og den var nydeleg. The Star That Always Stays av Anna Rose Johson var også ei vakker bok, medan Gutten, muldvarpen, reven og hesten av Charlie Mackesy var fin på eit poetisk vis med flotte illustrasjonar. Tranene flyr mot sør av Lisa Ridzén om alderdom og einsemd er sårvakker på litt den same måten som Perrins bok.

The Offing av Benjamin Myers var ei sakte bok som rørte meg. Ways to be Me av Rebecca Westcott fekk tårene til å renne, noko også Jamie av L. D. Lapinski og A White Christmas on Winter Street av Sue Moorcroft gjorde, og ikkje minst Rilla of Ingleside av L. M. Montgomery, den siste i serien om Anne Shirley og familien hennar. Andre bøker er rett og slett kjempebra sjølv om eg ikkje fell tårer: The English Bookshop av Janis Wildy, Tell Me Everything av Elizabeth Strout (lurer på om dette er hennar beste bok i mine auge), og Et godt liv av Virginie Grimaldi.



Tårene kjem ikkje alltid (sjølv om det er ofte), og det som er så kjekt med bøker, er at dei også kan få deg til å smile, småhumre, le eller kjensla av å få ein god, varm klem. Ei av dei eg lo mest av, var Are Kalvøs Berre bøndar lengtar heim. Akkurat min type humor! The Book-Lovers's Retreat av Heidi Swain var den gode, varme klemmen. Stompa og co av Anthony Buckeridge var både artige forviklingskomedie og ordentleg nostalgi, Til døden skil oss av Anders Totland ei herleg røvarhistorie og The Duchess of Bloomsbury Street av Helene Hanff er berre så morosam og finfin historie om ein bokelskar i London.

Bokdykking, eg veit ikkje om det eigentleg er eit ord, men det skildrar godt det ein gjer nå ein verkeleg sluker ei bok, forsvinn inn i eit eige univers. The Secret Garden, eller Den hemmelige hagen, av Frances Hodgson Burnett er ei slik bok for meg, same kor mange gongar eg les den! Å vere der i hagen i lag med Mary, Dickon og Colin, ikkje minst bli betre kjent med raudstrupen, for ei eiga kjensle. I desember byrja eg også å lese Narnia-bøkene på nytt, og det er gøy å dra tilbake til barndommens fantasiverd. Og det same med alle karakterane i Mummidalen, for både det å gjenlese bøker og dykke ned i ei heilt anna verd, er noko av det beste med å vere bokelskar. Her må eg også nemne Helene Hanffs 84, Charing Cross Road, den er ein ekte klassikar for alle oss bibliofilar!

19. jan. 2025

#readchristie2025 er i gong




Frå torsdagskveld til utpå kvelden i dag, har me hatt besøk av pusen Opus. Tanta mi og kjærasten hennar skulle ein helgetur til Bømlo og lurte på om me kunne passe katten deira. Sa "ja" til det, og det har vore koseleg å ha ho på besøk. Tihi, det blei tatt nokre bilete, så Opus får få eit eiga blogginnlegg littegrann seinare ;) Snøen forsvann i løpet av to dagar, på onsdag traska eg til jobb utan nesten eit einaste spor av kvitt og på fredag sykla eg utan å vere nervøs for om det framleis låg nokre isklumpar igjen. Jobbdagane har vore litt så som så, er visst ikkje alle som er like nøgde med korleis eg pakkar inn gåver (sukk). Nok om det, eg har fått lese mykje, nytt magiske soloppgangar og klappa pusen. Over og ut for denne veka, og under har eg samla ein heil haug av kjekke ting og tang:
 
lese Fem små griser som årets fyrste bok i #readchristie2025 
få til ei vanskeleg rytme då me spelte med orkesteret tysdagskveld
Sophie Claires bok A Winter's Dream var ei søt, lita julebok (for ja, eg har vore der enno, tihi)
når me snakkar om Agatha Christie og Fem små griser: artig at boka er nummer ein på denne lista
regndropar på knallraude bær
fargerikt lager på senteret der eg jobbar
ha besøk av finaste Opus
Olive og Pudding som speler minibiljard, eg småhumrar for meg sjølv
Den vide villmark av Lauren Groff er ei unik bok med sterke naturskildringar
måtte stoppe å sykle ein augneblink og berre nyte soloppgangen på veg til jobb fredagsmorgon
selje eit par bøker på eit arrangement på biblioteket, alltid fint å vere der :)
"Top 10 Times David Tennant Was a Legend" – rett og slett fordi David Tennant
såg den på lang avstand, men parisarhjulet som no står ved Kvadrat, lyste opp ein mørk kveld
og endå meir av ein magisk morgonhimmel
sjå fjerde sesong av krimkomedieserien Only Murders in the Building
sjølv om juletida er over, var det fint å sjå eit stemningsfullt førjulstid-innlegg inne hos Et katteliv  
smiler når eg ser slike beskjedar medan eg er ute og går
ha på meg retroskjørt og ein kul, lilla topp på jobb
fin sak om eit "problembarn" som endeleg blei sett av ei av dei som jobba i barnehagen
laurdagstaco medan me såg godt over halve Vertigo, ein ordentleg filmklassikar
litt vanskeleg å sjå, men det låg framleis eit tynt lag med is på Mosvatnet då eg eg gjekk til jobb
kaffi, handplukka konfekt og Josie Silvers bok Vinter i New York

17. jan. 2025

Vektlaus i ein flytetank



Å flyte ein times tid i ein flytetank, gjer godt både for kropp og sjel. Førre helg køyrde me ut til Jæren Flytesenter, og det var like herleg og avslappande som dei to fyrste gongane me var der for å flyte. Denne gongen fekk me eit litt større rom, for dei har også kuldebad og badstue som ein kan nytte seg av ved å booke forskjellige pakkar. For vår del var det nok å berre flyte denne sundagen, flyte i ein tank der vatnet inneheld 26 prosent mineralsalt. Som nemnt i fjor, er vatnet kroppstemperatur, og det er som om ein er heilt vektlaus. Å berre liggje der og flyte, som balsam for sjela.

15. jan. 2025

Vidunderland med soldag i snøen




Snøen forsvann i løpet av måndag og tysdag, no skriv me onsdag og det er igjen bert på bakken. I helga var det ordentleg vinterkvitt vidunderland, og me var ein liten tur innom den botaniske hagen. Sola skein som aldri før og laga lange skuggar, eg prøvde fange solstrålane og snøen låg som eit tynt teppe over både buskar og greiner. Å, så godt å kjenne sola varme og nyte den kalde, friske lufta.
 




Kvar gong synest eg det eine lille skuret (eller kva det er) liknar utruleg mykje på eit hobbithus, ja, eg lurer nesten på om det faktisk bur ein hobbit der, tihi ;) Traska i snøen, titta oss rundt og funderte på kor annleis alt ser ut når det er vinter. Plutseleg kom det ein raudstrupe og sette seg ned på ein raud benk rett foran oss. Det var som om den ville seie "hei" til oss, nett som raudstrupen me såg på omtrent same plass i fjor då eg tok bilete av boka The Secret Garden. Litt rart det der, for i boka er ein raudstrupe ein stor del av handlinga, og det er som om raudstrupene i den botaniske hagen veit om akkurat dette. Uansett om dei veit det eller ei, så er dei utruleg fine med sine raudoransje bryst.




Sidan me fyrst var ute på ein bitteliten luftetur, fann me ut at me også kunne ta ein tur opp til Ullandhaugtårnet, for der får me ei veldig god utsikt over byen vår. På veg opp til tårnet, fall blikket mitt på solstrålane som titta fram mellom dei berre trea, eit varmt og gyllent lys på ein kald og klar januarlaurdag. Vel oppe stod me og titta ut over fjorden på den eine sida og byen på den andre sida. Snø på hustaka og fjelltoppane. Og til slutt dei grøne stolane og borda, som ein reklame for skiferie på seksti-talet, eller kva?! Me gjekk ned den bratte bakken og kom oss heim til lunsj og lesestund.