5. des. 2025

Batsford Arboretum





Oxford har kanskje den eldste botaniske hagen i Storbritannia, men den får me utforske ein annan gong. Eg skal likevel ikkje klage, for Batsford Arboretum var vel verdt besøket i sommar. Små, fargesterke bruer, flotte blomar og eit rikt fugleliv – me såg både raudstrupe og fasan, og eg klarte å knipse eit bilete av det eg trur er ein måltrost. Rett ved inn- og utgangspartiet der dei både har kafé og butikk, kan du stikke innom eit lite hus der ein treskjerar sel så mange vakre gåver og brukskunstgjenstandar. Skulle gjerne ha kjøpt med oss ein trefugl eller ein globus med trefot, men så var det bagasjen då; dimed kjøpte me eit lite eple som no står på kjøkkenhylla vår.
 




Ser du den lille marihøna som gøymde seg under eit blad? Det var nesten som om detn hadde funne seg eit lite hus. Redwoodtrea var heilt enorme, og eg byrja å undre meg på om Tolkien kan ha sett slike tre då han skreiv om Treskjegg. Ein annan plass fekk eg assosiasjonar til Tre nøtter til Askepott (og tenk, no er det ikkje lenge igjen til det er på tide å sjå akkurat den filmen). Me stressa ikkje, me berre såg på kartet som me hadde fått og vandra rundt i dei ulike delane av arboretet. 
 




Ingen ferietur utan lesing! På ein av benkane, sat me ei stund og las i kvar vår bok. Det er ikkje alltid det er meir enn ti minutt eller eit kvarter, men det gjer noko med sjølve feriekjensla, for min del kjenner eg ei ro av å berre sitje der og ikkje gjere noko anna enn å titta ned i boka, høyre fuglane syngje, kjenne lukta av skogen. Arboretet er som nemnt delt inn i ulike delar, noko me også oppdaga på dei små husa og hyttene som me fekk auge på. Å gå nærmare tre kilometer ein veg, for så å gå tilbake igjen – i tillegg til å gå inne i Oxford sentrum etterpå – eg skal ikkje leggje skjul på at me kjente det under føtene (me gjekk i vanlege fritidssko). Samstundes synest me begge at det var ein flott dag i Moreton-in-Marsh og i arboretet, og skulle gjerne ha utforska Cotswolds endå meir. 

3. des. 2025

Ikkje sju slag





Men det blei no to om ikkje anna. Og kanskje kjem det ikkje som ei bombe at me bakte dei same to slaga som i fjor sidan det var veldig vellykka. For familien vår, er det inga jul utan mormors sjokoladestenger, Broremann hadde hovudansvaret for å lage deigen til stengene, og han lo høgt då han skulle måle opp melet frå melposen: ut kom det nemleg ei spiseskei som anten mannen min eller eg hadde gløymt å fjerne! Blei det smaking på deigen? Ja, så klart blei det det, den er jo nesten betre enn sjølve stengene, tihi! Og du kjenner jo korleis songen "Spikke-sage-lime-banke" går ;)
 




Havreflarna som eg bakte i fjor, fekk eg skryt for, så dei stod også på bakeplanen (oppskrifta er å finne i boka Trines jul). Like artig å sjå korleis dei små dottane med deig sig ut over bakebrettet inne i omnen. Litt mørk sjokolade som pynt toppar det heile, og sidan det var litt smelta sjokolade igjen, fann me frysetørka bringebær, knuste dei og laga sjokoladeknekk. Alle tiders baking!

1. des. 2025

Rosatonar høgt der oppe




Fuglane som fauk over ein himmel i brann i dag tidleg. Sjølv om eg sat i sofaen med ei god bok og naut kaffien, måtte eg ut på terrassen før klokka var ni. Sukk, det har vore fleire slike morgonar i det siste, og når eg gjennom dei små stovevindauga ser at det byrjar å lysne ute, reiser eg meg opp og går bort til terrassevindauga. Står der og tittar ut. Til slutt tar eg på meg ei jakke og nokre sandalar, kameraet over skuldera og går ut for å beundre fargespelet høgt der oppe på himmelen.

Fyrste desember på ein måndag


Desember. Ny månad som startar på ein måndag. Og når desember no er her, kjem denne songen i tankane. For kvart år pleier eg å leggje ut "Walking in the Air" frå The Snowman, og eg gjer det også i år. Det er er Aled Jones sin versjon av songen som er den eg har på julelista mi, det er den eg som i mine i mine øyre er den vakraste. Når han syng med seg sjølv som liten, når me får høyre stemma hans både som ung og som vaksen, eg smeltar. Ikkje nok med videoen som du finn rett over; eg legg også ved denne versjonen der sjølve biletekvaliteten er dårlegare, men som likevel er faktisk eit lite hakk finare. Ei lita morgonstund med denne julesongen, no er desember og adventstida her.

30. nov. 2025

Litt adventsstemning i nyheimen






Trong denne sundagen. Ein sundag der det einaste me hadde på planen var å bake eit par julekaker og hengje opp ei hylle eller to, elles berre lese og ta fram litt av julepynten. I går var energinivået lågt og stressnivået høgt, for eg skal ikkje leggje skjul på at fredagen var travel. Ein ting er julestresset, ein annan black friday (eller no black week) der det går i eitt frå tidleg til seint, der me til og med opnar ein time tidlegare – sjølv er eg ikkje fan av dette kjøpepresset, men det er no ein gong slik. Lesestundar, kjekk orkesterøving, vakker morgonhimmel og sakte, men sikkert ta fram jula, helse på kjentfolk på jobb, strikke og sjå film, eg smiler av slike små gleder blant desse travle dagane:
 
✦ ta fram adventsstaken og tenne det fyrste adventslyset
✦ lese Som sunket i jorden, bok nummer to i den spennande krimserien om Karen Pirie
✦ nabokatten som stakk fram mellom søppelspanna
✦ Toby må jo vere den mest tolmodigaste hunden, berre sjå korleis han hjelper denne lille pusen
✦ eit einsleg haustblad midt i den fargerike lyngen
✦ skrive fleire julekort 
✦ las Fuglevokteren fra Vega i fjor, og det var kjekt å høyre Miranda prate om den i bokklubben 
✦ haustsolstråle
✦ sauane på jernaldergarden, alltid kjekt å gå ein tur i lag med ei god veninne
✦ is i graset
✦ få opp flotte utelys ved oppkøyrselen vår 
✦ med desse hovudrollene må eg nesten få med meg Les Misérables på Folketeateret neste år 
✦ å, det er gøy å lese klassikarar, og den siste eg las var Redderen i rugen av J. D. Salinger
✦ sukk, magisk soloppgang eit par av morgonane
✦ raudstrupen blant snøklokkene, Emily Duffin har fanga ei så fin stemning i denne illustrasjonen 
✦ småfuglane i hagen 
✦ kosekrimboka Med døden til bords var heldigvis noko betre enn den fyrste i serien
✦ stilig å lage ein bokhandel i ein nedlagt undergrunnsstasjon i London 
✦ ikkje berre magisk soloppgang, men også magisk solnedgang no i november
✦ morgonsola som lyser opp dei tørka blomane nær vindauget
✦ gøy at Viking er seriemeistarar for fyrste gong på 34 år – og her er høgdepunkta!
✦ gå til jobb i ti minutt og likevel lese eit par sider 
✦ årets julekakebaking 
✦ roleg morgonstund med litt julepynt på bordet 

28. nov. 2025

Moreton-in-Marsh



Markedsbyen Moreton-in-Marsh ligg i det pittoreske området Cotswold, og frå Oxford er det berre ein halvtime med toget. Me tok turen, og det var koseleg å gå litt i gatene, stikke innom eit par lokale butikkar, få auge på puben som visstnok skal vere Tolkiens inspirasjon då han skildra "Prancing Pony" og så klart ein knallraud buss. Ingen tur til dei britiske øyer utan ein slik buss.






Hadde me ein stor plan i sjølve byen? Nei, det hadde me ikkje, men me hadde heller ikkje noko me skulle rekkje å Oxford, så me enda opp me å gå til Batsford Arboretum. På førehand hadde me jo sjekka ut kva me eventuelt kunne finne på om me fyrst tok turen til Moreton-in-Marsh, og plutseleg var me av garde. Det er laga til ei rute frå byen og inn til arboretet som er enkel å følgje. Over eit jorde med fine sauar, eit lite hoppebilete måtte til, eit lite hus omringa av epletre, og korn så lang auga kunne sjå. Turen bort var nesten tre kilometer (og me gjekk dei jo tilbake også).






Arboretet var ein kjempefin plass som verkeleg fortener eit eige innlegg. Tilbake i sjølve sentrum, fann me fram til koselege Rixy's Cotswold Tearoom der me åt knallgod cream tea (eg juksa litt og hadde kaffi attåt medan min betre halvdel gjekk for den britiske utgåva). Smilte då eg såg denne bilen stå parkert i gata; for sjølv om det ikkje er den same bilen, fekk eg likevel assosiasjonar til Inspector Morse, for fargen og stilen var jo ganske lik den i TV-serien, i alle fall i mine auge. 

26. nov. 2025

Orkesteret




Per Dybvig har gjort det igjen! I fjor var det boka De står i kø som fekk meg til å smile breitt, i år er det Orkesteret. Han teiknar dei artigaste karakterane, fargebruken er herleg, og for oss som speler i eit orkester, er det kanskje litt ekstra kjennbart, tihi! Tubaen som er større enn musikaren og ikkje minst den lange trombonen – for han speler jo tuba og eg trombone. Detaljane i boka er superstilige, og så får me berre håpe at vårt orkester bokstaveleg tala ikkje fell gjennom golvet ;)