4. mai 2015

1000 godsaker

Blogginnlegg nr.1000! Sidan september 2009, den hausten eg byrja på folkehøgskulen, har eg blogga, blogga om både stort og smått. Det må me jo nesten feire me nokre bilete av fine godsaker. For sjølv om det var mykje å finne av det i New York, veit eg ikkje om alt var like godt sjølv om det var fint og fargerikt å sjå på ;) Men makronane fra Ladurée var i alle fall veldig gode! Og når me snakkar om godsaker: Synne, som skriv bloggen Et dryss kanel, har akkurat no ein fin liten giveaway gåande, nemleg ei sjokoladefontene frå coolstuff.no. Tenkte eg skulle tipse om dette og samstundes også tipse om den fine bloggen hennar, ein blogg om vintagekjolar og fine reisar. Bloggen hennar har eg lese ein god stund no, og den er ein av dei eg har under "lenkjer". Og nei, dette er ikkje sponsa, men eg skriv om bloggen og gåva rett og slett fordi eg liker bloggen hennar :) I kveld har eg hatt besøk av ei god veninne, og me har prata og prata, me lagde middag saman og me fekk ordna bordkort til bryllaupet. Ein super kveld med andre ord, og ein flott start på veka!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Wow, så fargerikt (og så mange e-stoffer, hahah). Gratulerer med post nr. 1000! Og bloggen til Synne er kjempefin, så enig med deg der ^^

Silje sa...

Me kjøpte vel verre nokre sjokoladar og eit par makronar, for det var mykje rart der, ja, og ikkje alt såg like god ut. Men at det var fargerikt skal eg ikkje klage på ;) Og takk for gratulasjon ang. post nr.1000 :D

Legg igjen ein fin tanke