15. apr. 2025

Blidfisar blant blomane





Småhumrar av meg sjølv, for når eg er med ut til Wiig gartneri, er det blomane som fangar blikket mitt, og ikkje alle grønsakene ;) På laurdag var eg med på køyretur til Orre i lag med to finingar, ein tur me har tatt ein gong i året dei siste fem-seks åra. Kjekt å gå rundt og titte på alle fargane, bli fascinert over dei forskjellige kaktusane og prate i veg (sjå oss blidfisane, alle med solbrillar på).
 




I same slengen, tok me ein tur innom Horpestad plantesalg, for dei har tatt inn ein del av produkta som venane mine produserer. Her fekk me også smake på kaffien til Horpestad (veldig god), og det var tydeleg at dei hadde funne fram påskepynten. Her var det noko for ein kvar smak, og me fann oss raskt til rette. Trur nok dette også kjem til å bli eit fast stopp på gartnerituren vår.

13. apr. 2025

Vårblomar, gartneriblomar og bursdagsblomar






Heldigvis berre morgondagen igjen før påskeferie, for eg kjenner at eg treng det no etter ein travel mars og ein halvtravel start på april. Timane har rulla og gått på jobb der det mot slutten av veka var ganske mange innom som skulle kjøpe spel og bøker til påska. Anten om eg har gått eller sykla til jobb, har eg verkeleg nytt vårlufta, vårblomane, vårvêret (om ein ser bort frå fredag, for då sykla eg i småyr). I går var eg i lag med to finingar ein god del timar på vår årlege gartneritur. Før me køyrde heim, åt me ein knallgod lunsjbuffe på Drivhuset bageri og gårdsutsalg. Litt av ein plass! Sundagskjensla i heimen med lesing, avslapping og ein liten tur ut for å sjå etter søte lam og blomar på trea – begge delar fann me på Ullandhaug. Om litt er det måndag og så påskeferie:
 
månadens Christie-bok var Ugler i mosen (eller The Seven Dials Mystery på engelsk)
kveldssola, så varm og gyllen 
tusenfryd i graset
og påskeliljer og russeblåstjerner langs jobbvegen min
David Suchet som Poirot, og det er gøy å sjå dette reiseprogrammet inspirert av Christies reisar
nusselege lam ved jernaldergarden på Ullandhaug
lukta av nysteikt brød
siste rest av bursdagsblomane mine
tre kattar som leika i sola
"Top 10 British Crime TV Shows" – påskekrimtid, her er både Vera, Happy Valley og Morse
god mat og flott atmosfære på Drivhuset bageri
knallblå himmel, ein benk og lange skuggar
lese Monique flykter, den nyaste boka frå alltid eminente Édouard Louis
blomar på trea
sykle til jobb i vårvêret
treffe riktig tone på "Tarzan Boy"
tihi, denne pusen er ordentleg glad i den mykje større hunden
alle blomane på Wiig gartneri
spørsmål om messingsinstrument i ein QI-episode
kunde som sa at eg var blid :)
Halvor Folgerøs nyaste bok, Ferjefolket, er ei bok eg verkeleg koste meg med å lese
strikketid og gode leseøkter

10. apr. 2025

Tjeltaturen




Nesten åtte kilometer gjekk me på laurdag, og det var godt å vere ute, berre gå og kjenne sola varme. Joda, innimellom var det frisk vårluft, så lua var grei å ha mot slutten av turen, men jamt over gjekk eg utan og verkeleg naut vårtemperaturen. Mannen min, broremann og eg hadde sett oss ut Tjeltaturen i Sola, ein slik T-tur som me også har femtito av her i Stavanger. Tulipanar i sterke fargar, den store golfballen på ei høgd (eigentleg Sola radar, eit kommunikasjonstårn, men det liknar veldig – og har alltid likna – på ein enorm golfball), blide andlet og solstrålar i eit skogholt, eg kan ikkje klage. Me gjekk faktisk forbi huset som der broremann og eg budde dei fyrste åra våre. Hugsar ikkje stort sidan me var såpass små då me flytta derifrå, men litt artig å sjå det lell.
 



Haugar, steingjerde, høyballar på rekkje og rad, låvar, sol og blå himmel. Sjølv om me traska på asfalt, var det ingen tvil om at det var meir landlege omgjevnadar rundt oss enn om me hadde gått ein kvardagstur midt i byen. Kjekt å gå andre plassar enn det me vanlegvis gjer, og eg synest det var ein fin (og ikkje minst solfylt) aktivitet på dagen min, er ikkje alltid det er så mykje som skal til.

8. apr. 2025

Bursdagshelg med ein rabagast på besøk




Zalo er no like artig kvar gong han er hos oss. Det er ikkje alltid at han er like mykje i farta, men som regel er han det, og denne helga var ikkje noko unntak. Han kjem ut om morgonen og ventar på å få litt egg oppå buret. Å sitje på hovudet er stadig like stas, når me et middag, kjem han raskt ut for å snike til seg noko av maten. Tihi, ein gul og kul rabagast, og litt matvrak, det er Zalo, det.
 




Superkoseleg at mannen min hadde tinga morgonlevering! Rundstykke, smoothie, kaffi, litt sjokolade og fargerike tulipanar, det blei ein veldig flott start på helga og bursdagen min. Gule blomar hadde eg fått frå kollegaane mine dagen før, og etter ein god laurdagstur, blei det kaffipause. Med noko attåt, så klart. Kanskje ikkje heimelaga kake denne gongen, men pyttsann, kake er jo noko som høyrer ein bursdag til ;) Lesing, strikking, pizza og film, ein veldig bra laurdagsbursdag.

7. apr. 2025

Påskegult og russeblått




Påska er ikkje her heilt enno og det er lite russ å sjå enn så lenge. Men likevel er det passande å skrive om påskegult og russeblått, for langs jobbvegen min for tida, ser eg fleire påskeliljer og små russeblåstjerner. Å, det er så lyst og vårleg ute no, og eg gleder meg over å kunne gå til jobb.

6. apr. 2025

Aprilgleder











Marsmåndag og sidan aprildagar. Å, det har vore så fint ute denne veka, eg har gått til jobb med eit smil om munnen og sola i andletet. Torsdagskveld kom Zalo hit, mamma og pappa skulle vekk i helga, og det er stadig like artig å ha han på helgebesøk. Blomar også inne i heimen, for i går hadde eg bursdag. Fekk blomar både av mannen min (han hadde ordna frukostlevering i går med fargerike tulipanar) og frå kollegaane mine. Inga stor feiring, men det gjorde meg ingenting etter ein travel mars. Me gjekk ein kjempeherleg tur i vårsola, det blei eit lite kakestykke, og utpå kvelden venta pizza og film. Eg ser det er ganske mange fine punkt på sundagslista denne gongen, og her kjem dei:
 
med Den siste striden har eg no, eindå ein gong, lese ut heile Narnia-serien 
kveldshimmelen har vist seg frå si beste side 
lage ferdig og tinge heim fotoboka frå fjorårets interrailtur
sitje ute på balkongen og lese ei lita stund for fyrste gong i år
å, så søt Pudding var då han var liten
regnboge på bakken
bursdagsfrukost på døra
kjekt å prate om Mummi med ein kunde
og om musikalar med ein kollega
stort smil med sola i andletet 
temaet frå Forrest Gump er like fint no som då filmen kom ut for over tretti (!) år sidan
gule blomar og eit sjokoladekakestykke i går, akkurat slik det skal vere når ein har bursdag ;)
jepp, eg sluker bøkene til Valérie Perrin, og Tata er den siste i rekkja
så flotte tulipanar me såg då me gjekk Tjeltaturen i går
kaffi, strikketøy i sofaen og valets kval når det gjeld lesestoff
kvitveis sett langs vegen eg traskar både titt og ofte
Fred Astaire var ein kløppar til å danse, til og med då han dansa med ein stumtenar
kulaste Zalo i full fart! 
tysdagstur med ei god veninne
nye, fine puslespel på jobb
lange skuggar langs Mosvatnet
lese ut The Cornish Village Murder, den andre boka i kosekrimserien Nosey Parker
etter turen i går, fek keg strikke eit par omgangar

3. apr. 2025

Vårsola langs togskjenene





For all del – når sola skein slik den gjorde sundag for halvanna veke sidan, skulle eg gjerne ha vore ute og gått ein ordentleg sundagstur. Men ein togtur i slik vårvêr er no heller ikkje å forakte. Allereie på Oslo S blei me møtt med gylne solstrålar. Sidan fauk me av garde forbi landlege område, ikkje lenge etterpå var det jaggu meg snø på vatnet. Solstrålane skein himmelsk gjennom skylaget.
 




Bok og kaffi må til på ein såpass lang togtur. Sidene gjekk unna i ein fei medan landskapet sakte, men sikkert forandra seg. For slik er det å ta toget: eg får lese mykje og kanskje tatt meg ein dupp, samstundes må eg innimellom titte opp frå boka og berre stire ut togvindauget. Det er noko terapeutisk ved det å sitje i eit togsete, kikke ut vindauget og kjenne at ein tøffar av garde.