9. des. 2013

Og slik pyntar me til jul


Er på skulen no og prøver verkeleg å lese til eksamen. Men å gå og vente i tre veker på at du skal ha ein, og berre ein, skuleeksamen, er lenge, så no er eg utruleg lei. Skal bli godt å ha ferie etter klokka tre på onsdag. For å ta ein liten pause, legg eg ut nokre nærbilete av julepynten som me har i leilegheita vår her i Kr.sand. Den lille bamsekorga fekk eg av mamma i adventskalenderen for ein god del år sidan. Eg synest den er søt, og den passar jo perfekt til å putte nokre små julegreier oppi. Elles har me nokon artige "gryntenissar" (dei du ikkje ser andletet på), og me har "god jul" i korssting som heng på kjøleskapet, noko som eg sydde på barneskulen ein gong. Bokstavane på det nedste biletet fekk eg av han der fine i adventskalenderen i fjor. Dei er enkle, men og så fine :)

8. des. 2013

Topp 5 – songar akkurat no



Jepp! Denne vekas topp fem er enkelt og greitt mine favorittsongar akkurat no, med andre ord dei songane eg høyrer mest på for tida (om ein ser bort i frå alle julesongane som går om og om igjen):

"Bright Eyes" sunge av Art Garfunkel - denne songen er visstnok frå ein animasjonsfilm (Watership Down), men trass i at eg ikkje har sett filmen, fall eg for denne songen med ein gong eg høyrde den på radio for nokre veker sidan (og det er ikkje vanskeleg å høyre at det er Garfunkel som syng)

"Make You Feel My Love" sunge av Adele - eigentleg ein song av Bob Dylan, og det er allereie fem år sidan Adele covra denne låten. Men eg høyrde den fyrste gong i haust då Lea Michele song den på ein episode av Glee for å heidre ein av skodespelarane som nettopp var gått bort. Eg blei så klart kjemperørt, og då eg fant Adele sin versjon litt seinare, var det gjort

"Walking in the Air" sunge av Aled Jones - eg har enno til gode å sjå filmen som songen er henta frå, nemleg The Snowman, men denne songen, særskilt når Aled Jones syng med seg sjølv, gir meg gåsehud og er for meg den perfekte julesongen

"Gethsemane (I Only Want to Say)" sunge av Atle Pettersen - okei, ingen slår Ian Gillian som hadde stemmen til Jesus då konseptalbumet Jesus Christ Superstar såg sitt lys i 1970. Men fy flaten, Atle gir alt, verkeleg alt, på slutten av denne songen, og eg sat med tårer i augo då han song denne på Stjernekamp

"Colors" sunge av Laleh - sjeldan eg ser på Skavlan (eg liker å kalle det for "skravlan"), men av ein eller annan grunn fekk eg med meg slutten av programmet ein gong no i haust, og då sang Laleh "Colors" for fyrste gong. Eg fall for denne songen umiddelbart!

6. des. 2013

Te og eksamenslesing

Ein stor kopp med te er ikkje å forakte når ein er småforkjøla. Eg fekk ferskente og ei fin skei i adventskalenderen her om dagen, så då fekk eg jo testa dei ut begge to ;) Det er jo så typisk å bli tett i nasen og slapp i kroppen rett før eksamen. Men eg skal uansett klare å lese og komme meg gjennom pensumet før eksamenen som er på onsdag. For to dagar sidan, etter at me hadde vore på spa, var eg på julebord med Rhetorica, og då måtte eg jo pynte med litt (noko som de altså kan sjå på biletet om de var i tvil). Hadde ein kjempekjekk kveld med mange fine folk! Var ein tur innom jobben i går, og midt i øvinga, måtte jo så klart straumen gå. To gongar! Så me merka litt av uvêret som var her i går, ja. Nei, no får eg komme meg tilbake til eksamenslesinga.

4. des. 2013

Eit lite avbrekk

Midt oppi alt som heiter korpskonsertar og eksamenslesing, har me lagt eit puslespel som me kjøpte på tilbod for nokre veker sidan. Høyrer kanskje litt "dølt" ut, men det er så avslappande å ha noko slikt å halde på med om kvelden. Oss to, puslespelet og julemusikk. Biletet som pryder puslespelet er ordentleg artig: mange bokhyller med bøker i alle fargar, og ein finn kjente boktitlar med ein vri (til dømes Gone with the Woodwind, War and Peas, ja, de skjønner teikninga). Og så må eg berre fortelje at me i dag har vore på spa på Aquarama. Badstuer i forskjellige temperaturar, dampbadstue, kalde og varme dusjar, eit herleg, varmt basseng og så hadde me også bestilt massasje. Fantastisk oppleving! Skuldrene er senka, og eg er klar for eksamen neste veke!

2. des. 2013

Julepynt og nisselue

På laurdag, ein dag før desember var her, tok me fram julepynten, adventskalenderen og den fine lysestaken som høyrer jula til. Eg hadde på meg nisselue resten av dagen og storkoste meg med å pynte, høyre på julemusikk og komme i julestemning (trur nok eg var litt meir gira enn mannen i huset..). Fint blei det i alle fall. Kanskje kan eg leggje ut nokre meir detaljerte bilete seinare?! :)

1. des. 2013

Topp 5 – julefilmar



Fyrste sundag i advent, og det er plutseleg ikkje så lenge igjen til jul. Denne sundagen har eg prøvd å plukke ut mine topp fem favorittjulefilmar. Det einaste kriteriet eg hadde då eg plukka dei ut, var at dei måtte ha noko med jul i seg (og då kom ikkje Trǐ oříšky pro Popelku, som eg ser kvar julaftan, med denne gongen). Tenk at det snart er jul igjen :) Her kjem mine fem favorittar:

Reisen til Julestjernen - eg har alltid likt "Sonjas sang til julestjernen", og eg har alltid vore redd for greven. Ingen jul utan denne filmen som går kvar julaftan på NRK rett etter Askepott

It's a Wonderful Life - denne filmen frå 1946 såg eg fyrste gongen i fjor, og det er garantert ein film som høyrer jula til. James Stewart i hovudrollen i ein film som har ein av dei mest berømte "gladendingane" i historia

Love Actually - nydeleg britisk film med herleg musikk, kjærleik, tårer, humor og så mange flotte rollefigurar

The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe - kanskje ikkje den mest "julete" filmen på lista, men den kom ut på kino i romjula for (allereie) åtte år sidan, og når Father Christmas i filmen kjem med gåver til dei fire Pevensie-borna, då er det endeleg jul

Home Alone - ein klassikar!

29. nov. 2013

Juleførebuingar

Om nokon lurer, så er det stort sett eksamenslesing det går i her i heimen. Hadde ein ordentleg fridag på onsdag med svømming og bading, litt julegavehandling (eller berre trasking rundt i byen) og restaurantbesøk. Og innimellom slappar eg av med juleførebuingar: pakke inn julegåver og gåver til adventskalenderen, byrje å finne fram julepynt, høyre på julemusikk, glede meg til å sjå nokre julefilmar... Sjølv om det ikkje er desember før på sundag, kjem me nok til å pynte ein del her i leilegheita morgon av den enkle grunn at sundag kjem til å gå i eitt med to korpskonsertar.