11. mai 2025

Ikkje berre korta på bordet






Prøver å tenkje over kva eg har gjort denne veka, men i motsetnad til førre veke, har eg sånn sett gjort lite som skil seg ut. Små turar har det blitt, både til jobb og i lag med ei god veninne, lesing både titt og ofte, ei orkesterøving og eg hadde laurdagsvakt på jobben i går. Fleire av dagane har eg verkeleg nytt turen til og frå jobb, anten som fotgjengar eller som syklist – det kjem an på når eg byrjar på jobb, altså om eg har dag- eller kveldsskift. For ein merkar at det er mai ute, og det gjer godt med lysare morgonar og kveldar. Og det gjorde godt med ein veldig avslappa sundag i dag etter jobblaurdagen i går. Over til resten av dei små gledene som har fått meg til å smile:
 
✦ hugsa ikkje kven mordaren var, og det var gøy å lese Kortene på bordet av Agatha Christie
✦ treffe ein tidlegare kollega på jobb og slå av ein ordentleg bokprat med ho
✦ lese ute på balkongen
✦ Samantha Harveys språk i Jordbane er nydeleg
✦ gøy, vemodig, kjekt og fint å sjå den aller siste episoden av Gavin and Stacey
✦ og eg skjønner godt at den slo sjåarrekordar då episoden hadde sending i desember i fjor
✦ prate med ein kunde om forskjellige brettspel
✦ kvite blomar på trea
✦ gå ein tur rundt Vannassen med ei veninne, alltid mykje prat og veldig koseleg
✦ kveldslyset etter jobb onsdagskveld 
✦ dufta av nysteikte brød
✦ minipus som helser på ein mykje større hund, det finst så mange slike søte videoar, tihi :) 
✦ doble kvitveis
✦ Maureen av Rachel Joyce var eit fint siste kapittel i ei rørande historie (du veit, Harold Fry) 
✦ høyre "Unchained Melody" på radioen ein morgon
✦ søte esel på Ullandhaug
✦ blomebuketten frå orkesteret, me tok den bort fyrst i dag, nesten ei veke etterpå
✦ kul postkasse som eg ser når eg går til jobb
✦ "Min favorittmusikk" med Adrian Angelico – her var det både musikalar, opera og spelmusikk
✦ laurdagstaco og filmklassikaren The Terminator frå 1984
✦ solnedgangen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ pocketutgåvene av Elizabeth Strout sine bøker på norsk er vakre å sjå på
✦ sundagskjensla etter litt husarbeid: bok, presskannekaffi og ein knallgod lussekatt

8. mai 2025

Enno i siget




Zalo med sin gulgrøne fjørdrakt, han er stadig i farta. Joda, han byrjar å dra på åra og har dagar der han ikkje er like mykje ute, men å få ete frukost i lag med oss og sitje på hovuda våre er framleis like gøy, då er han som ein ordentleg konge. Og plutseleg stod han oppå dataen min og prata i veg ikkje lenge før han skulle heim til Sola. Du er ein liten raring Zalo, men ein kul og fin raring er du!

7. mai 2025

Bøker i eit freda bygg og i ein koseleg butikk





Seier ikkje "nei, takk" til å stikke innom eit bibliotek, og då me var i Haugesund på laurdag, tok me turen innom Haugesund folkebibliotek. Bygget stod ferdig i 1967, og det er arkitekt David Sandved som har teikna det. I 2019 blei det freda som "et fremragende eksempel på modernistisk arkitektur og et kulturminne av nasjonal verdi". Eg kjente meg heime med ein gong eg kom inn: sekstitalstil, kule lamper i taket, gul bokhyllestatue og den generelle atmosfæren, eit koseleg bibliotek.
 







Endå meir bøker blei det i Den lille bokbutikken midt i sentrum. Å, kunne ha vore der i fleire timar sjølv om butikken ikkje er stor. Her er det berre engelske bøker, men sjå så fine dei er! Eg såg fleire kjekke klassikarar (to blei med meg heim), mange av dei i seriane er sjølv har i bokhylla, til dømes aller finaste Anne of Green Gables. I butikken fann eg mellom anna denne, denne, denne og denne utgåva av klassikaren frå 1908. Agatha Christie fann eg også, og bokhandelen har også mange nyare bøker og forfattarar, noko for ein kvar smak med andre ord. Vil eigentleg tilbake no med ein gong ;)

6. mai 2025

Ein ny veg frå universitetet



Anemone nemorosa 'Vestal', ein slags dobbelt kvitveis. Flott paviljong ved eit lite tjern. Stripar av sol på skogbotnen. Å gå frå UiS via botanisk hage og Sørmarka og heim til leilegheita, kan sjå slik ut.
 



Kvite blomar på trea ein plass, og nærmare heimen to søte esel. Eg kava meg opp gjennom skogen i Sørmarka, for den vegen eg enda opp med å gå. var ikkje noko særskilt merka og eg hadde eigentleg tenkt å gå ein annan veg heim. Plutseleg kom eg opp ved Ullandhaugtårnet, og eg måtte småhumre for meg sjølv – det var litt "Silje ute på ville vegar", tihi! Ser du forresten endene blant kyrne? Nesten som Hvor er Willy-bøkene. Stadig noko å sjå, og artig å gå ein litt annan veg i nærområdet.

5. mai 2025

Orkesterbukett



Tysdag for nesten ei veke sidan, var det årsmøte med orkesteret, og då gjekk eg av som kasserar etter to år. Det vil jo vere ein overgangsperiode med gammal og ny kasserar, så heilt ferdig er eg ikkje, men eg fekk no med meg denne blomebuketten heim etter møtet. Og den står enno og lyser opp sofabordet vårt, lyser opp heimen vår. Eg er ikkje storfan av rosa, likevel er dei rosa rosene i denne buketten nydelege i lag med gule roser, kvite blomar og gåsungar. Orkesterbukett på ein måndag.

4. mai 2025

Krimkomedieopera på fredag, dagsbesøk på laurdag






I fjor var me på biltur til Egersund den fyrste helga i mai, i år tok me ein dagstur til kjente i Haugesund. Me tok bussen i ti-tida i går morgon, og var tilbake igjen halv seks på kvelden. Greie nok dagar på jobb, og eg blir ikkje lei av å gå til jobben, trass i regnet som datt den eine dagen. På torsdag var me nok ein gong på UiS, han for å spele fotball og eg for å sjå meir på dei rosa blomane på trea og sidan spasere heim. Noko av det aller kjekkaste denne veka, var å få med oss operetteversjonen av Agatha Christie-klassikaren Og dermed var det ingen (And Then There Were None). Tihi, det var litt av forestilling det hadde fått til med ei bok som eigentleg er ganske mørk og dyster. Og eit morosamt samantreff etter forestillinga, var å prate med ei eg nyleg hadde selt boka til på jobb. Nytt prosjekt og årsmøte med orkesteret må eg også nemne, og snart er det "god natt":
 
✦ ho, ho, eg blir ikkje lei bøker om bøker, og The Echo of Old Books var ei bra leseoppleving
✦ likte godt Nicholls Du er her frå mellom anna Lake District og Yorkshire Dales
✦ nytt prosjekt med orkesteret 
✦ høyre Murray Head med "One Night in Bangkok" på radioen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ Zalo som kjem ut for å sitje på hovuda våre
✦ høyrest jo litt artig ut med "mystery tourism", sett inne hos Et dryss kanel
✦ dei rosa blomane på trea er no utruleg vakre
✦ to kjekke bruktkupp frå finn.no: utgått favorittgarn og ei bok eg har sett etter ei stund
✦ ballongar i ein busk
✦ lesing, vaffel (på meg), svele (på han) og kaffi på ferja på veg til Haugesund i går
✦ herleg med sol i andletet då eg gjekk til jobb på onsdag
✦ ete ute på Fish and Cow før fredagens forestilling
✦ And Then There Were None som ein krimkomedieopera, var supergøy å få med oss!
✦ og artig å treffe ei som – etter tips frå meg – nyleg hadde lese boka på halvannan dag 
✦ laurdagsgraut og prat i Haugesund hos tanta og onkelen til mannen min
✦ raudstrupen på kjøkkenet vårt
✦ Olive ser ut til å kose seg på ein liten tur i parken
✦ tusenfryd i graset på veg til jobb
✦ å, eg kunne ha vore fleire timar i Den lille bokbutikken midt i Haugesund sentrum
✦ og stikke innom flotte Haugesund folkebibliotek
✦ serien om Jodie "Nosey" Parker er gøy å lese, og The Perfect Cornish Murder er den tredje i rekkja

1. mai 2025

Kveldslyset over Moslivatnet



Å, kveldslyset om våren! I alle fall var minst to av påskekveldane ved Moslivatnet sånn at eg måtte ut for å berre nyte kveldslyset. Ordentleg fargespel: fyrst eit litt skarpt og gult lys før det gjekk over i eit dust, rosa lys. Neste kveld var lyset endå meir rosa, ein magisk solnedgang over eit stille vatn.
 



Fargespelet fortsette over hytta. Blått, oransje, rosa og eit lite hint av lilla. Slike kveldar der eg kan stå eit par minuttar og berre titte opp. Ha ei stille stund for meg sjølv. Nyte synet. Kveldsmagi.