10. jan. 2014
Nydeleg smykke og genser
Etter ein god del venting, kom endeleg gåva som eg fekk frå mamma og pappa til jul i posten (den kom andre nyttårsdag, ganske forsinka, men den kom i alle fall). Eg fekk to genserar og ei veske av dei, og den eine genseren måtte eg ha på meg omtrent med ein gong. Den er gul, litt okeraktig, med ei lita sløyfe foran. Kjempefin! Og så må eg få skryte endå litt meir av tanta mi som lager så utruleg fine smykke. Eg fekk eit til jul, og eg synest det passar perfekt til den nye genseren :)
Merkelapp
kvardag
8. jan. 2014
Nytt rom!
Før me reiste frå Sola, fekk eg tatt nokre bilete av korleis rommet "mitt" blei etter oppussinga som blei gjort på grunn av kjellaren som blei fylt med vatn i fjor sommar. Diverre har eg ikkje noko særskilt med gode før-bilete fordi då eg kom heim i jula, var det komme opp både nytt golv og nye veggar. Men eg har eit par detaljbilete som eg tok då me skulle dokumenter vasskadane. Som ein kan sjå var veggane mørkeraude og rommet var fylt opp med så altfor mykje stæsj (mange stolar som ikkje var i bruk, ei golvlampe som heller ikkje var i bruk, både sovesofa og ei vanleg seng, ein skrivepult, stor seksjon med plass til bøker, ting og tang og eit kledeskap). No er rommet blitt mykje lysare og opnare og det har færre, men finare møblar. Einaste som manglar no, er ei lita bokhylle :)
Merkelapp
kvardag
6. jan. 2014
Spelekveld med fine vener
På vår siste kveld på Sola for denne gong, drog me ein tur til Stavanger der me hadde spelekveld saman med eit venepar og ei veninne slik at me var fem stk. til saman. Me hadde ein god del spel å velje mellom, så me kom oss ikkje gjennom alle, men me fekk prøvd fire av dei. Hadde det kjempemoro med teikning, rebusoppgåver, miming, gjetting, ordforklaring og mykje latter. Ein teikna pave blei kjent att, og rebusordet "treffpunkt" blei gjetta på. Kjempeartig og eg håper på gjentaking neste gong me treffast! Tok toget tilbake hit til Kr.sand i går, og den fyrste veka vår kjem til å bli ganske så korpsfokusert med både speling i brassbandet og jobb heile seks av sju dagar :)
Merkelapp
hygge
5. jan. 2014
Topp 5 – sitat frå Harry Potter-bøkene
Atter ein gong har eg lese ut alle Harry Potter-bøkene. Og sjølv om eg visste korleis det heile kom til å ende, sat eg i stolen og gret i går. Tårene berre rann! Eg merkar at sjølv om eg no har sett alle filmane på rekke og rad og også lese alle bøkene utan stopp, er eg ikkje ferdig med dette universet. Kanskje skal eg byrja å sjå filmane ein gong til? Uansett så kjem eg nok til å lese bøkene igjen om nokre år, dykke ned i universet, oppdage nye ting, gråte, le. Medan eg las bøkene, har eg samla på fine, morosame, spennande og rørande passasjar i bøkene, og i dag har eg prøvd, så godt eg kunne, å plukke ut mine topp fem sitat frå dei seks fyrste bøkene. Den sjuande og siste får komme neste veke, for i den boka fann eg så mykje som eg likte (okei, dette blei visst eit langt innlegg):
"What happened down in the dungeons between you and Professor Quirrel is a complete secret, so, naturally, the whole school knows"
- Professor Dumbledore til Harry i slutten av den fyrste boka
"Well, obviously, she's feeling very sad, because of Cedric dying. Then I expect she's feeling confused because she liked Cedric and now she likes Harry, and she can't work out who she likes best. Then she'll be feeling guilty, thinking it's an insult to Cedric's memory to be kissing Harry at all, and she'll be worrying about what everyone else might say about her if she starts going out with Harry. And she probably can't work out what her feelings towards Harry are anyway, because he was the one who was with Cedric when Cedric died, so that's all very mixed up and painful. Oh, and she's afraid she's going to be thrown off the Ravenclaw Quidditch team because she's flying so badly." A slightly stunned silence greeted the end of this speech, then Ron said, "One person can’t feel all that at once, they’d explode"
- Hermione til Ron og Harry om kvifor Cho gret då Harry kyssa ho (sitatet er henta frå den femte boka i serien, Harry Potter and the Order of the Phoenix)
Fred told Harry [...], "Dumbledore was having real trouble finding anyone to do the job this year." "Not surprising, is it, when you look at what's happened to the last four?" said George. "One sacked, one dead, one's memory erased, and one locked in a trunk for nine months," said Harry, counting them off on his fingers. "Yeah, I see what you mean."
- det faktum at dei fleste lærarane som har undervist i Defence Against the Dark Arts har det gått dårleg med, henta frå bok nr.fem
Harry looked around; there was Ginny running toward him; she had a hard blazing look in her face as she threw her arms around him. And without thinking, without planning it, without worrying about the fact that fifty people were watching, Harry kissed her. After several long moments, or it might have been half an hour-or possibly several sunlit days- they broke apart [...]. For a fraction of of a second they looked at each other, then Ron gave a tiny jerk of the head that Harry understood to mean, "Well – if you must"
- Harry og Ginny, systera til Ron (som altså er Harry sin besteven) kyssar kvarandre offentleg for fyrste gong i Harry Potter and the Half-Blood Prince
His hand closed automatically around the fake Horcrux but in spite of everything, in spite of the dark and twisting path he saw stretching ahead for himself, in spite of the final meeting with Voldemort he knew must come whether in a month in a year or in ten, he felt his heart lift at the thought that there was still one last golden day of peace left to enjoy with Ron and Hermione.
- den siste passasjen i nest siste bok, så vakkert om venskap
Merkelapp
bøker,
Harry Potter,
topp 5
3. jan. 2014
Stjerneskot
Fordi det blåste og regna ein god del på nyttårsaftan, fekk me ikkje tent på så mange stjerneskot som det me pleier, og me hadde difor ein del igjen. Fyrste nyttårsdag var det betre vêr, så då dei andre tre i familien var komme heim frå hytta og det i tillegg var blitt mørkt ute, tok me med oss kameraet (det lille raude kameraet som er foreldra mine sitt og som har ein eigen knapp for "fyrverkeri"), stjerneskot og lighter ut i hagen og hadde det ganske så moro :)
Merkelapp
foto
2. jan. 2014
Vår nyttårsfeiring
For fjerde år på rad feira me nyttårsaftan med den herlege gjengen med musikkfolk. Eg hadde på meg mamma sin fine kjole frå 1979 som me fann på loftet i sommar, og eg kjente meg veldig, veldig fin! Litt vanskeleg å sjå på bileta, men kjolestoffet (ikkje på erma, men på resten va kjolen) er eit svart stoff med mange små, svarte prikkar på. Hadde tapas hos ho eine, og det blei mykje god mat, veldig god sjokolademousse til dessert og me sat lenge ved bordet der me prata, mimra og lo mykje! I ti-tida gjekk me bort til ein kjenning som hadde invitert oss og nokre andre, så til saman var me atten stk. på det meste. Me hadde improvisert cocktailparty med noko for ein kvar smak (både med og utan alkohol), me var ute og såg på fyrverkeriet som blei skote opp, hadde et par stjerneskot og etter midnatt blei det quiz, dansing og mykje moro! Takk til alle saman – de er herlege!
Merkelapp
hygge,
mat og drikke,
musikk
1. jan. 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)

























