Latter og store smil, nokre tårer og mange fine folk, ein solskinsdag som eg for alltid vil hugse. Du veit korleis ein seier at tida går fort i godt i lag, og det stemmer. For tenk, i dag er det ti år sidan du og eg sa "ja" til kvarandre. Ti år som eg ikkje heilt skjønner kor er blitt av. Ti år som mann og kone, men endå fleire som kjærastar. Alle desse åra med kvardagar og reiser, orkesterkonsertar og musikalar (tihi, du er god som held ut med ein musikalnerd som meg), år med små og store gleder. Og år med di støtte og armkrok når dagane har vore kjipe og grå. Du som ser meg akkurat slik eg er, anten det er med smil eller med tårer. Å få ha handa mi i di, berre vere med deg, eg kjenner meg elska. Eg er heldig og takksam som får oppleve livet med deg. Du och jag, kvar dag. Eg elskar deg ♥
30. mai 2025
29. mai 2025
Små maiglimt
Klisjé, men likevel så sant: "Kom mai, du skjønne milde...". For mai, du har vore fin og mild. Så klart nokre dagar betre enn andre, og med det nokre dagar gråare enn andre. Men sånn generelt har det vore blomar overalt, lesing på veg til jobb og lesing i graset (og lesing inne så klart), bunad på sjølvaste nasjonaldagen, solskin og lange skuggar, fuglar som kvitrar og regn på vindauget mot slutten av månaden. To dagar igjen av mai, av det me kallar våren, den aller finaste årstida.
Merkelapp
kvardag
27. mai 2025
Book Love
Nokre gongar les ein ei bok som er ein fryd å lese frå ende til annan. Og Book Love av Debbie Tung er akkurat slik. Bøker om bøker slår veldig sjeldan feil, og når ein også har bokkoppar, bokhandlenett og bokpute, er det ikkje så vanskeleg å skjønne at eg er ein ekte bokelskar!
Altså, Debbie Tung har fylt ei bok full av teikneseriestripar som eg trur alle bibliofilar kjenner seg igjen i, eg gjorde i alle fall det. Fleire gongar småhumra eg for meg sjølv, nikka fordi "jepp, dette er så meg", og eg måtte vise mannen min fleire av stripane nettopp fordi dei var så kjennelege. Tihi! Boka er ikkje stor, men det er ei bok eg er blitt veldig glad i, perfekt for alle oss bokelskarar!
Merkelapp
bøker
26. mai 2025
25. mai 2025
Tre nye bøker, to bokjubileum og ein filmklassikar
Nesten rart å sjå regnet i dag etter ei laaang stund utan noko særskilt med grå skyer på himmelen. Sjølv om det kjekkaste er sol og perfekt gåvêr, trong med regn no, for det har vore svært tørt og med det skogbrannfare. Regnvêrssundag = lesesundag. Og litt husarbeid og strikking. I går derimot var me i Sandnes for å handle litt, mellom anna bukse (meg) og jakke (han). Kjekt å støtte lokale butikkar, men det var også godt å komme heim etter fleire timar på handlerunde ;) Måndag til fredag gjekk som vanleg med jobb, orkesterøving, lesing, både gå- og sykkelturar til og frå jobb, og om ikkje lenge er det måndag igjen. Sånn går nu dagan'. Trur ikkje eg har så mykje meir å skrive om:
✦ Beth O'Learys nyaste bok, Swept Away, er ei litt overdrive, men samstundes søt og herleg bok
✦ strikke eit par omgangar kvar dag
✦ liten handlerunde i nabobyen i lag med mannen min
✦ The Great Britsh Bake Off med hyperrealistiske kaker, og boka Heartstopper var ei av dei
✦ gøy med boktips frå Miranda, denne gongen i sjangeren cottagecore
✦ Bienes verden av Henninge Torp Bie er ei utruleg fin og fascinerande bok om bier og humler
✦ mjuke fargar på kveldshimmelen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ rosa rododendron
✦ så innmari fint at The Swell Season kjem med ei ny plate!
✦ å gå med lilla kjole og nyte sola gjennom takvindauget på senteret der eg jobbar
✦ kaffe latte og ein musliscones midt i handlerunden i går
✦ oppfølgjaren til Kastanjemannen, Telle til en, telle til to, var ganske nervepirrande
✦ prøve å leggje fleire ferieplanar
✦ alle dei søte mjaua frå lille Olive
✦ fargesterke valmuar i nabolaget
✦ tenk, det er faktisk åtti år sidan den fyrste boka om Mummitrollet kom ut!
✦ utelesing i graset
✦ Michael Ball som syng i lag med eit demenskor, det er så nydeleg og rørande
✦ tysdagens orkesterøving, no er det ikkje lenge igjen til konsert
✦ alt det grøne rundt Mosvatnet
✦ og Pippi Langstrømpe er også åtti år i år
✦ Alec Guinness i heile åtte (!) roller i den svarte komedien Kind Hearts and Coronets
Merkelapp
sundagsliste
22. mai 2025
Gult er kult med eit favorittgarn
Å, eg berre diggar dei mosegrøne og mørkegule spettame i dette tweedgarnet. For innimellom all lesinga, blir det litt strikking også, og dette skal bli ein Frøken vinterseilergenser frå Pickles. Garnet er det utgåtte Tweedy frå nettopp Pickles, og garnnøsta har eg kjøpt på Finn. Bileta viser berre av berestykket, eg skal innrømme at eg har strikka meir etterpå, til dømes litt no i kveld.
Merkelapp
diy
20. mai 2025
Boksider i graset
Boka i graset, berre leggar. Ein liten tur ut for å finne ein sitjeplass i sola. Eller eigentleg ein leseplass. Godt å kjenne vårlufta, høyre fuglane syngje rundt meg. Kvitre, kvitre. Det var ikkje sånn at eg sat så lenge, men eg las nokre sider medan det rasla i trea rett over meg. Utelesing om våren.
19. mai 2025
Som små bukettar
låg blomane på ein stein,
løvetennene rett ved.
Lilla og gult
langs vegen der eg traska.
Eg stoppa opp og smilte.
Ein annan plass
engkarsen tett i tett.
Som mange små bukettar.
Merkelapp
kvardag,
tankar og skribleri
18. mai 2025
Heile tjuefem punkt frå denne kanten
Ja, kva har skjedd denne maiveka? Eigentleg lite, om ein ser vekk frå 17. mai-feiringa i går. Sol og (nesten) sommar ute = lite folk på senteret inne, med andre ord rolege dagar. Om ikkje anna får me rydda ordentleg i butikken og har endå betre ro når det kjem ein haug med varer som me skal prise og finne ein plass til i butikken. Når eg vaknar om morgonane og ser vêret ute, gleder eg meg til å ta beina eller sykkelen fatt til jobb, for det å vere ute i vårsola, høyre fuglane syngje, sjå ein sommarfugl svinse rundt meg, det gir meg energi. Gårsdagens feiring av nasjonaldagen, var akkurat passe for vår del, og i dag har me berre tusla rundt her heime med litt husarbeid og kvar vår bok. Sundagskjensla som om ikkje lenge kjem til å gå over i måndagskjensla. Heile tjuefem punkt frå denne kanten:
✦ å, det var ordentleg koseleg å lese My Neighbor Totoro
✦ feire 17. mai i lag med fine folk :)
✦ Jack Sheffield skriv passe herleg og humoristisk i Teacher, teacher, den fyrste boka i ein serie
✦ tre små, nusselege geitekillingar, det går ikkje an å vere søtare enn dette!
✦ balkonglesing fleire av dagane
✦ byrje å planleggje og tinge billettar til sommarferien
✦ prate med ein kanadisk kunde
✦ velfortent at Ruth Jones vann ein Bafta-pris for rolla som Nessa i Gavin and Stacey
✦ solnedgang ved Vågens vgs. i Sandnes
✦ roleg sundag etter ein sosial laurdagskveld
✦ lyserosa blomar på trea
✦ gøy å få ein sniktitt på Mirandas bok som kjem i september
✦ møte på ein solbadande katt
✦ tihi, like stas i år også å ha på meg grafferbunaden min
✦ litt av ein himmel – ein himmel i brann – på veg heim frå orkesterøvinga
✦ "On Earth As It Is In Heaven" frå The Mission, her med Danish National Symphony Orchestra
✦ nynorskdagen med eit knippe gode bøker på nynorsk
✦ grøftekantsblomar
✦ kveldssola også denne veka
✦ orkesterøvinga – me speler ikkje på alt, men ein del av det me speler, er gøy
✦ skuggespel på kjøkkenet tidleg ein morgon
✦ og skuggespel på veg til jobb
✦ lage daimiskake, og sjølv om botnen blei litt klissete, smakte den veldig godt!
✦ den slår ikkje Kunsten å høre hjerteslag, men Akikos stille lykke, Sendkers nyaste bok, er no fin
Merkelapp
sundagsliste
17. mai 2025
I ein sytti år gammal bunad 🇳🇴
Tenk at no i mai er bunaden min heile sytti år! Mormor sydde den til deira bryllaup i 1955, og det er like stor stas å bruke den no som då eg var konfirmart! I år vakna me dessverre til korpsmusikk, lurer på om korpset la om si lille rute grunna vegarbeid, men me fekk no høyrt korps og gardemusikken på TV-en om ikkje anna. Elles ein treig start på dagen med god frukost, quiz, kaffi og lesing. Ein god del lesing faktisk, for me hadde ikkje noko på planen før sånn i halv fem-tida. Eg fekk laga ferdig ei daimiskake, og litt etter litt var det på med finstasen. Så klart måtte me ta nokre bilete, og også mannen min var stilig kledd med matematikksløyfe og det heile. Me traska så bort til eit venepar, dei me fleire gongar før har feira dagen i lag med – er så koseleg at dei stadig inviterer på sjølvaste nasjonaldagen – og der var det pynta med norske flagg og fargar både inne og ute.
Ypparleg grillvêr med mykje godt tilbehør! Sat ute i sola ei god stund, åt mat og berre prata. Så klart blei det litt kake og kaffi etter kvart. Mandelmarengsen, altså botnen av iskaka, var kanskje litt lite steikt, men smaken generelt var det ingenting å utsetje på ;) Både små og store såg ut til å kose seg, og Sigrun sat hønsevakt ei lita stund (eller var det kanskje hønsejakt?!). Utpå kvelden kom det ein del vind og det byrja faktisk å bli kaldt, likevel fekk me testa plendarten i år igjen. Gøy! Og i år som i fjor må eg nemne kor takksam eg er for å feire dagen saman med så fine folk på ein akkurat passe lågterskel måte. Å kunne feire eitt fritt land, feire nasjonaldagen slik me gjer, det må me ikkje ta for gitt. Dagen snart er nesten over, så heilt på tampen: hipp, hipp hurra og gratulerer med dagen!
Merkelapp
hygge,
mat og drikke
15. mai 2025
Solskinskatt
Også kattar liker seg i solskinet. For dette er sånn som eg møter når eg til jobb dei dagane eg har seinvakt. Med ei bok i handa, ofte lesebrettet sidan den er enklare å bruke når det er litt vind i lufta, går eg og smiler for meg sjølv, for våren er ei fin årstid. Ein av dagane såg eg denne store, flotte katten som låg i graset og berre slappa av i sola, og eg skjønner den godt. Alf Prøysen har jo til og med skrive ein song som går slik: "Nå skinner sola i vinduskarmen, og katta maler som aldri før. Den ligger langflat og kjenner varmen, og er ei katte med godt humør". Trur dette var den katten ;)
14. mai 2025
🌸 dette 🌸
Eg vel meg april, samstundes som eg også vel meg mai. For fuglane som syng så høgt, lyse dagar og netter og ikkje minst alle trea med dei lyserosa blomane. No ligg nok mange av dei små blomane strødd på bakken, som eit tynt lag rosa konfetti. Men alléen ved universitetet fekk i alle fall skine eit par veker, og det var som å vere inni ei stor, lyserosa sky. Tenk at dette er mai.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)








