Etter nærmare tre veker på farten, kom me heim utpå fredagsettermiddag. Nei, eg skal ikkje prøve å oppsummere tre veker i denne sundagslista, så eg kjem difor til å halde meg til denne veka som nettopp har vore. Men etter ein interrailtur (for det meste) i England, kan eg nemne: Agatha Christie-galleri og hennar ferieheim, bading, tur i Yorkshire Dales, cream tea på kaféar, til saman 38 togturar (40 om ein reknar med tur-retur historisk damplokomotivtur), eit teaterstykke og ein musikal, besøke The World of James Herriot og The World of Beatrix Potter, båttur på innsjøen Windermere, ein god del lesing kvar einaste dag og så mykje, mykje meir. Varme og kanselleringar har det blitt, likevel har me har no komme oss dit me skulle på eit vis. Som vanleg når me har vore på ferie og opplevd ting, har det blitt mange bilete, og fleire av dei kjem eg til å dele her på bloggen, men fyrst må eg lande. Eg kjem ikkje til å stresse, det er jaggu meg mange blinkskot å gå gjennom. I helga har me tatt det med ro med film, lesing og eit besøk hos nokre venar på Hundvåg. Som du skjønner har me hatt ein opplevingsrik tur og fine siste dagar på togferie:
✦ lese ut Den forsvunne domprosten av Christie (og jepp, biletet er tatt foran ferieheimen hennar!)
✦ smykka til Angélica Léon er supervakre
✦ stor stas å besøke James Herriot-museet i Thirsk, han som har skrive All Creatures Great & Small
✦ Disneyfilmen Encano og knallgod, heimelaga vegetarpizza i går kveld
✦ junibilete i fleng inne hos Et katteliv – får ordentleg sommarstemning :)
✦ trass mange flotte overnattingsstadar: så herleg å endeleg sove i vår eiga seng igjen!
✦ løyse kryssord ombord på ferja heim til Noreg og sjå solnedgangen over båtripa
✦ Conor Nickerson som på ein utruleg kul måte har Photoshoppa seg sjølv inn i barndomsbilete
✦ for ein søt kalv som leikar som aldri før med ein hund
✦ biletet blei litt lite, men boka Both Can Be True fekk meg til å felle tårer og er veldig godt skriven
✦ gammal klokke, berre ei av detaljane på koselege Kirkgate House Hotel i Thirsk
✦ gratulerer til England med fotballgullet i EM for kvinner!
✦ ete god frukost på det kule hotellet Bunk midt i Utrecht
✦ knallgøy å sjå musikalen Anything Goes på Barbican Theatre
✦ togturen heim frå Kristiansand til Stavanger, sjå det norske landskapet frå togvindauget
✦ å, i Hellas-episoden av denne serien kan ein få glimt frå nydelege Korfu
✦ fascinerande lesing om sauebonden og landskapet i Lake District, ein plass me nyleg besøkte
✦ bruke den nye T-skjorta mi, og kjekt at Easy as Knit delte mitt bilete av den
✦ besøke venar Hundvåg og helse på den supersøte kaninen deira, ser du at den rekker tunge?! ;)
✦ koseleg å prate lenge med dei fine folka, og det blei også kaffi og kanelsnurr i kaféen deira