✦ overta bustaden og gå rundt i den og kjenne at "denne er vår, dette skal bli vår eigen heim"
✦ sjå Endeavour (eller Unge Inspektør Morse som serien heiter på norsk)✦ som vanleg le litt og kose meg med fine dyrebilete som dette og dette
✦ og også le av denne bileteserien der ein mann har fridd til fleire av Disneyprinsessene
✦ høyre ein mann spele "I Don't Know How To Love Him" frå Jesus Christ Superstar, "I Know Him So Well" frå Chess og "Ballade Pour Adeline" av Richard Clayderman på eit piano medan eg vandra rundt på Kvadrat
✦ lese ein fin kommentar om det å vere introvert✦ gå rundt på Tou Scene, som nesten er ein stor labyrint, og kikke på alt det fine
✦ tenk å ha ein sånn herleg stil som Jennifer (Ali MacGraw) har i Love Story, og då særskilt den raude kjolen eit stykke ned på sida
✦ for ein fargerik heim
✦ få flytta så å seie alle tinga våre på litt over eitt døgn
✦"9 tegn på at dere bør gifte dere" og "Triller terningkast på ekteskapet hver dag"
✦ gå rundt i sommarkjole siste dagen i august