1. juni 2014

Vel framme i New York

Lang dag i går. Måtte stå opp så tidleg som kvart på seks for å rekkje flybussen ut til Keflavik. Alt gjekk eigentleg veldig greitt, flyet vårt var i rute, og då klokka var halv elleve (10.30), sette me nasen mot New York. Landa på JFK klokka kvart på tolv (11.45) lokal tid. Rart at klokka var så "lite" i og med at sjølve flyturen tok i overkant av fem timar ;) Tok ein gul taxi til Brooklyn, og her skal me bu medan me er her i byen. I ei privat leilegheit med koseleg vert og ein fin katt. Midt i blinken for oss! Fekk handla litt mat og så sovna me. Vakna halv seks i dag tidleg, for me var nok enno litt tidsforvirra. Sov litt til før me "hoppa" ut av senga sånn rundt åtte. Resten av dagen har me vore skikkeleg turistar: tatt subwayen, sett Ground Zero, tatt den gule gratisferja over til Staten Island (og for ein utsikt til Manhattan), The Statue of Liberty, stoppa innom Trinity Church og slappa av. Me får sjå kva me finn på i morgon, men trøtte er me, så me søv vel om ikkje så lenge :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Thanks again!
Hope you`ll have a wonderful time in the USA - and we a lot of enjoying pictures!
T and O have married there, but I think you prefer next year...
Greetings from Bavaria!

Silje sa...

So far we are having a great time here in NY :) And yeah, we know they married here in the US, but for us, next year is the time ;)

Legg igjen ein fin tanke