8. jun. 2014

Museumsbesøk, Brooklyn Flea og Brooklyn Bridge

Dagane går i eitt her, og plutseleg har me vore i byen i over ei veke! Vêret er upåklageleg, så når me kjem heim til slutt, har eg kanskje fått litt farge på kroppen (og jada, me bruker solkrem). På fredag brukte me rett og slett heile dagen på American Museum of Natural History. Eg var kanskje ikkje den av oss som var mest gira, men då me kom til mineralane og edelsteinane, var eg stornøgd! Så mykje fint! Og så var det jo litt kjekt å sjå på dinosaurskjelett :) Brooklyn Flea, vintagebutikkar, ete pizza på Grimaldi's og gå over Brooklyn Bridge stod på planen vår i går. Å vere på Brooklyn Flea var heilt fantastisk. Det er rett og slett ein stor loppemarknad, delt i forskjellige buer (forskjellige personar som sel ting og tang), ute på ein skuleplass. Fann ikkje så mykje, for det som var fint, var jo så klart for stort til å ta med. Men veldig kjekt å berre gå rundt og sjå, og me fann jo noko til å ha på veggen heime, og eg fann ein knallgul vintagekjole. Artig! Var innom nokre vintagebutikkar i Williamsburg før me stilte oss i kø for å ete ein god pizza hos Grimaldi's. Og den var ordentleg god! Etterpå tok me nok ein gong beina fatt, og denne gongen gjekk me frå Brooklyn til Manhattan over Brooklyn Bridge. I solnedgang. Nydeleg tur, og i løpet av turen hang også me opp ein hengelås med våre initialer på :) For ein fin dag! I dag har me "berre" vandra litt rundt i Chinatown og i Little Italy, me har shoppa nokre klede (han mest), vore innom ein stor sjokoladebutikk og me åt ein himla god gelato hos Amorino. Jepp, me har det veldig fint på ferie :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Fint lås, ja..:-)
Ellers kan du minne vedkommende som skulle skrive e-poster om at det er kommet svært få til innboksen så langt :-)
Vi er jo også på tur, og har hatt drøyt tre dager sammen med en aktiv og glad gjeng her på Langhus. I morra begynner hverdagen her, med jobb, skole og barnehage. Da drar vi over fjorden og tusler oss i retning Sørlandet. Og varmt er det også her!

Silje sa...

Han har no sett kommentaren din, så får me sjå om det blir nokre mailar etter kvart ;) Håper turen til Langhus har vore bra (det høyrest i alle fall sånn ut). Her bøtta det ned då me vakna i dag, men det letta heldigvis utover dagen. Brukte mesteparten av tida vår på MoMA - Museum of Modern Art - der me såg alt frå Picasso og Munch til Warhol. Me har det framleis veldig fint i byen, både med og utan sol :)

Legg igjen ein fin tanke