1. juni 2025

Lita feiring før jobbhelg




Dagvakter heile veka, ein torsdag som var som ein laurdag, og ein laurdag som var som ein fredag. Mai er alltid litt rar sidan det er så mange fri- og heilagdagar. Eg hadde jobblaurdag i går, så helga blei noko kort. Men eigentleg godt å berre jobbe på dagtid, ein får jo med ein gong litt meir ut av kvelden når ein fyrst kjem heim. Å sykle til og frå jobb no om dagane er noko eg ser fram til, alle fuglane som syng så høgt i sky. I dag blei det ein ordentleg lesesundag, akkurat det same som eg skreiv førre veke, tihi, Slike lesestunder om sundagane gjer særskilt godt etter å ha jobba dagen før. Lita bryllaupsdagsfeiring heime blei det på fredagskveld, og når det gjeld orkesterspelinga, er det no berre ei dryg veke igjen til konsert. Bileta over viser mykje av det eg under har ramsa opp:

✦ Are Kalvøs lille bok Meininga med livet var akkurat like artig og herleg som eg hadde forventa
✦ sennepsgul kjole med blomar på
✦ også denne veka var det ein nydeleg solnedgang langs vegen då me køyrde heim frå orkesterøvinga
✦ ryddeøkt i ei eske full av diverse kort, programhefte og anna gamle ting
✦ desse to, ein liten katt og ein endå mindre kvalp, er noko av det aller søtaste eg har sett på lenge!
✦ valmuane har verkeleg sprunge ut
✦ gøy at orkesteret før oss på tysdagskveld, spelte temaet frå Gudfaren
✦ finaste mannen min og eg, ti år som mann og kone, eit lite minne frå bryllaupet
✦ kontrastlauv på bakken 
✦ som eg gleder meg til Torsdagsmordklubben som kjem på Netflix i haust
✦ flotte blomebukettar, hjartesjokolade og ein rabarbaradrikk som me fekk til bryllaupsdagen vår
✦ blå himmel som titta ned på oss gjennom takvindauget då me øvde med orkesteret
✦ endå meir av dei knallrosa rododendronane
✦ har storkost meg med å høyre leseklubben sin podcast om Stolthet og fordom (eg las jo boka i fjor)
✦ og apropos Austen: ein artikkel om 250-årsjubileet og denne artige videosnutten om våte skjorter
✦ ventar litt med å lese den, men supergøy å sjå Silverborn, den fjerde boka om Morrigan, i butikken
✦ heimedate på bryllaupsdagen vår med mat tinga frå Hekkan Burger
✦ sykle til jobb, høyre fuglane syngje, sjå alt det grøne overalt
✦ sjarmerande når ein liten hund vil sove inntil ein fin katt og ein mykje større hund
✦ å, Debbie Tungs Book Love er ei så finfin og herleg bok!
✦ sitje ute på balkongen og lese litt tidlegare i dag
✦ Odd Vegard Paulsens Heimkomst var ei røff og til tider vond lesing – men han skriv godt, altså

30. mai 2025

Heile ti år ♥

Latter og store smil, nokre tårer og mange fine folk, ein solskinsdag som eg for alltid vil hugse. Du veit korleis ein seier at tida går fort i godt i lag, og det stemmer. For tenk, i dag er det ti år sidan du og eg sa "ja" til kvarandre. Ti år som eg ikkje heilt skjønner kor er blitt av. Ti år som mann og kone, men endå fleire som kjærastar. Alle desse åra med kvardagar og reiser, orkesterkonsertar og musikalar (tihi, du er god som held ut med ein musikalnerd som meg), år med små og store gleder. Og år med di støtte og armkrok når dagane har vore kjipe og grå. Du som ser meg akkurat slik eg er, anten det er med smil eller med tårer. Å få ha handa mi i di, berre vere med deg, eg kjenner meg elska. Eg er heldig og takksam som får oppleve livet med deg. Du och jag, kvar dag. Eg elskar deg ♥

29. mai 2025

Små maiglimt


Klisjé, men likevel så sant: "Kom mai, du skjønne milde...". For mai, du har vore fin og mild. Så klart nokre dagar betre enn andre, og med det nokre dagar gråare enn andre. Men sånn generelt har det vore blomar overalt, lesing på veg til jobb og lesing i graset (og lesing inne så klart), bunad på sjølvaste nasjonaldagen, solskin og lange skuggar, fuglar som kvitrar og regn på vindauget mot slutten av månaden. To dagar igjen av mai, av det me kallar våren, den aller finaste årstida.

27. mai 2025

Book Love




Nokre gongar les ein ei bok som er ein fryd å lese frå ende til annan. Og Book Love av Debbie Tung er akkurat slik. Bøker om bøker slår veldig sjeldan feil, og når ein også har bokkoppar, bokhandlenett og bokpute, er det ikkje så vanskeleg å skjønne at eg er ein ekte bokelskar!
 





Altså, Debbie Tung har fylt ei bok full av teikneseriestripar som eg trur alle bibliofilar kjenner seg igjen i, eg gjorde i alle fall det. Fleire gongar småhumra eg for meg sjølv, nikka fordi "jepp, dette er så meg", og eg måtte vise mannen min fleire av stripane nettopp fordi dei var så kjennelege. Tihi! Boka er ikkje stor, men det er ei bok eg er blitt veldig glad i, perfekt for alle oss bokelskarar!

26. mai 2025

Stoppe-opp-blomar





Rododendron og papaver. Eller valmue som nok er det namnet me kjenner best. Valmuar i nabolaget og rododendron på veg til jobben. Sånn som får meg til å smile litt ekstra, får meg til å stoppe opp ein liten augneblink. Stoppe for å berre nyte den sterke fargeeksplosjonen.

25. mai 2025

Tre nye bøker, to bokjubileum og ein filmklassikar






Nesten rart å sjå regnet i dag etter ei laaang stund utan noko særskilt med grå skyer på himmelen. Sjølv om det kjekkaste er sol og perfekt gåvêr, trong med regn no, for det har vore svært tørt og med det skogbrannfare. Regnvêrssundag = lesesundag. Og litt husarbeid og strikking. I går derimot var me i Sandnes for å handle litt, mellom anna bukse (meg) og jakke (han). Kjekt å støtte lokale butikkar, men det var også godt å komme heim etter fleire timar på handlerunde ;) Måndag til fredag gjekk som vanleg med jobb, orkesterøving, lesing, både gå- og sykkelturar til og frå jobb, og om ikkje lenge er det måndag igjen. Sånn går nu dagan'. Trur ikkje eg har så mykje meir å skrive om:
 
✦ Beth O'Learys nyaste bok, Swept Away, er ei litt overdrive, men samstundes søt og herleg bok
✦ strikke eit par omgangar kvar dag
✦ liten handlerunde i nabobyen i lag med mannen min
✦ The Great Britsh Bake Off med hyperrealistiske kaker, og boka Heartstopper var ei av dei
✦ gøy med boktips frå Miranda, denne gongen i sjangeren cottagecore
✦ Bienes verden av Henninge Torp Bie er ei utruleg fin og fascinerande bok om bier og humler
✦ mjuke fargar på kveldshimmelen på veg heim frå orkesterøvinga
✦ rosa rododendron
✦ så innmari fint at The Swell Season kjem med ei ny plate!
✦ å gå med lilla kjole og nyte sola gjennom takvindauget på senteret der eg jobbar
✦ kaffe latte og ein musliscones midt i handlerunden i går
✦ oppfølgjaren til Kastanjemannen, Telle til en, telle til to, var ganske nervepirrande 
✦ prøve å leggje fleire ferieplanar
✦ alle dei søte mjaua frå lille Olive 
✦ fargesterke valmuar i nabolaget
✦ tenk, det er faktisk åtti år sidan den fyrste boka om Mummitrollet kom ut!
✦ utelesing i graset
✦ Michael Ball som syng i lag med eit demenskor, det er så nydeleg og rørande
✦ tysdagens orkesterøving, no er det ikkje lenge igjen til konsert
✦ alt det grøne rundt Mosvatnet
✦ og Pippi Langstrømpe er også åtti år i år
✦ Alec Guinness i heile åtte (!) roller i den svarte komedien Kind Hearts and Coronets

22. mai 2025

Gult er kult med eit favorittgarn



Å, eg berre diggar dei mosegrøne og mørkegule spettame i dette tweedgarnet. For innimellom all lesinga, blir det litt strikking også, og dette skal bli ein Frøken vinterseilergenser frå Pickles. Garnet er det utgåtte Tweedy frå nettopp Pickles, og garnnøsta har eg kjøpt på Finn. Bileta viser berre av berestykket, eg skal innrømme at eg har strikka meir etterpå, til dømes litt no i kveld.