5. mars 2026

Le Petit Prince



"It is such a secret place, the land of tears." Eller i ei anna omsetting: "The land of tears is so mysterious." Orda til Antoine de Saint-Exupéry rører noko ved meg, og The Little Prince er ei av dei få bøkene eg har fleire enn ei utgåve av (viss du lurer, så er dei andre Anne of Green Gables  og The Secret Garden). Utgåvene er ikkje berre ulike på omslaget, dei er også omsett av to ulike personar, og det er interessant å lese favorittsitata med forskjellige ord og vendingar. The Little Prince er i mine auge ei av dei aller vakraste bøkene, tårene kjem kvar gong når eg nærmar meg slutten av boka. Måten kortromanen tar opp tema som tap, einsemd, venskap og kjærleik er universell, den snakkar til alle på tvers av alder og landegrenser, og den skildrar korleis det er å leve på ein måte som får oss til å tenkje lenge etter at forteljinga er ferdig. Etter bibelen, er The Little Prince, eller Le Petit Prince på originalspråket, verdas mest omsette bok, noko den verkeleg fortener!
 
"The most beautiful things in the world cannot be seen or touched, they are felt with the heart."
 
"It's all a great mystery...Look up at the sky and you'll see how everything changes." 
 
"’The stars mean different things to different people. For some they are nothing more than twinkling lights in the sky. For travellers they are guides. For scholars they are food for thought. For my businessman they are wealth. But for everyone the stars are silent. Except from now on just for you...’
’What do you mean?’
’When you look up at the sky at night, since I shall be living on one of them and laughing on one of them, for you it will be as if all the stars were laughing. You and only you will have stars that can laugh!’"
 
"’And when you are comforted (time soothes all sorrows) you will be happy to have known me. You will always be my friend. You will want to laugh with me. And from time to time you will open your window, just for the pleasure of it… And your friends will be astonished to see you laughing whilst gazing at the sky. And so you will say to them, “Yes, stars always make me laugh."’" 

3. mars 2026

1. mars ved Siffen



Heldigvis skuffar dei aldri, dei vakre snøklokkene som kvart år dukkar opp ved SIF-stadioen, ofte berre kalla "Siffen". På sundag var me innom leilegheita for å måle ferdig, vaske og rydde, og med den sola som var ute, kjente eg at eg ville gå heim. I vårt nye nærområde har eg no byrja å sjå snøklokkene, men det tar alltid litt tid å speide ut desse blomane når ein har flytta til ein ny plass. Difor var det litt ekstra stas å gå forbi stadionen og sjå kvite, vakre blomar fleire stadar på plenen som ligg rett ved. Og tenk, sundag var 1. mars og årets fyrste vårdag, kor herleg er ikkje det?!

1. mars 2026

Dæsj av måling i ein slags vinterferie






Så her me her igjen. Ny sundag = ny sundagsliste. Men ikkje berre det. Kalenderen viser ein ny månad, ei ny årstid. Februar har vore mange magiske soloppgangar, men også snø og kalde dagar, og det gjer godt å kjenne at det er varmare ute, høyre fuglane syngje endå høgare og endeleg få sjå fleire snøklokker som poppar opp når eg er ute og går. Både lange og korte dagar på jobb, altså kjensla av kor seint eller raskt dei går, det er jo nøyaktig same antal timar om det ikkje var klart. Om ikkje anna, finn eg alltid eit boktips eller fem. Mannen min har hatt vinterferie (han jobbar jo på ein vidaregåande skule), og han har verkeleg stått på med å måle og ordne leilegheita, for no er det ikkje så mykje som står igjen før me legg den ut for sal. Me har ikkje stressa med det, heller tatt ting steg for steg, men det skal bli greitt å ikkje sitje på den så veldig mykje lenger. Sjølv har eg vore med eit par timar innimellom, og me har også fått hjelp av familien. Seks februardagar og ein i mars:
 
✦ Colgan sine bøker er heilt grei feelgood, og nyleg las eg hennar nyaste bok Husrom og hjerterom
✦ og så las eg The Long Game, bok nr. to med Shane og Ilya i spissen frå Reids skeive hockeyserie
✦ fyrst og fremst mannen min som har jobba, menno byrjar leilegheita å bli klar for sal 
✦ sukk, snøklokkene!
✦ Fred Astaire, altså – kjempegøy å sjå han danse og spele trommerA Damsel in Distress frå 1937 
✦ måtte smile av klistremerket på skiltet, vanskeleg å lese, men det stod altså "Gjør deg selv stolt"
✦ kaffi, kanelsnurr og bok etter måling og vasking 
✦ alle dei vakre soloppgangane i februar, men også vakre solnedgangar 
✦ høg fuglesong 
✦ stas når den offisielle Agatha Christie-kontoen deler mitt bokbilete
✦ hint av blå himmel etter ein dag med mykje regn 
✦ skuggespel i stova er alltid like fint 
✦ kanskje ikkje sjølvaste sola, men likevel ein slags sol sett på eit gjerde 
✦ "Top 20 Best Whose Line Is It Anyway Moments" – så mange morosame augeblink!
✦ regnvêr der eg traska heim, solnedgang i det fjerne
✦ vakre klassikarar på eit lite bord
✦ gå heim mellom leilegheita og nyhuset to gongar, godt å bevege meg
✦ høyre på musikalmusikk medan eg måla
✦ smiler alltid breitt når eg ser ein liten video der kattar og hundar går i lag 
✦ litt lesing i tåka på veg til jobb i går
✦ prate mykje med ein kollega og finne ut at me har ein god del felles interessar og opplevingar 
✦ interessant lesing frå og om Cuba: Korkøya av Roxana Sobrino Triana 

27. feb. 2026

Med kulerunde auge



Sofaen var ein fin plass å vere. Eller i senga når me låg og las før leggjetid. Eller når me vakna om morgonen. Trur Bolla fann seg til rette her då ho var på besøk hos oss førre veke, og me klaga ikkje på å ha ein sjarmør i pels å klappe medan me slappa av med ei bok eller såg på ein film på skjermen. 
Ho takkar med andre ord sjeldan nei til å vere i lag med folk. Veldig greitt at ho elskar å bli børsta sidan ho har så mykje pels. Og den pelsen er noko av det mjukaste som finst.




Mormorstolen var også ein god plass å liggje. Når ho ikkje låg og slappa av, sat ho og såg på oss med sine kulerunde auge, særskilt då me var på veg ut døra til jobb eller til leilegheita. Må småhumre litt, for ho ser ganske forskrekka ut med dei store auga! Koseleg å ha ein slik pelsven på besøk ♥

26. feb. 2026

Word on the Water







Regnar det der du er? Her i byen har det bøtta ned i heile dag, og då er det litt ekstra kjekt å ta eit lite tilbakeblikk på ein julidag i fjor då me besøkete ein bokbåt. Ein bokbåt sa du?! Jepp, Word on the Water er nemleg ein liten bokhandel om bord på ein båt i Regent's Canal i London. Ikkje heilt kronologisk, for eg manglar eit blogginnlegg eller to frå Oxford, men eg hoppar litt likevel. Bokhandelen er ikkje stor, noko som berre gjer den meir unik og sjarmerande i mine auge, og den er enkel å finne, til dømes i gangavstand frå King's Cross. Me var ikkje aleine om å besøke bokbåten, og sjølv om eg ikkje fann ei bok, gjorde mannen min det. Han fekk den stempla med eit eiga bokbåtstempel. Og noko anna som er ganske kult: dei har ei eiga Spotify-liste, så då me kom heim til Stavanger igjen, fann me den og har høyrt mykje på songane, eit lite musikalsk bokminne.

23. feb. 2026

Kaféen i våre hjarte ☕️



Tre gongar var me innom finaste Stolt Mat i okober. To gongar sat me der ei stund med kvar vår bok, ein kaffi og noko søtt attåt, og ein gong var me innom "berre" for å handle litt til å ha med på vegen heim. For dei som har lese bloggen min ei stund, er det vel inga overrasking at me har lagt vår elsk på denne perla av ein kafé! Som du ser av biletet, smiler eg alltid like breitt når me er der.
 



Retrostil, altså! Diggar valet om å bruke mest mogleg gamle og brukte ting og møblar, ikkje berre er det smart, men det lager også ei lun og koseleg atmosfære. Køyrer du mellom Ålesund og Molde, eller mellom Stavanger og Trondheim, er denne plassen absolutt verd eit besøk. Alltid smilande folk bak disken og som serverer maten, ein kan hamstre så mange gode og lokale varer, og det er stadig folk som sit ved borda dei gongane me kjem innom. Å kunne svippe ein liten tur ned til sentrum i barndomsbygda til mannen min og slappe av på ein kafé som denne, det gjer meg varm om hjartet!

22. feb. 2026

Nord og sør i bokformat






Fuglebesøk førre veke, denne veka har me hatt ein katt på besøk. Fyrst Zalobesøk, så Bollabesøk, to som kanskje ikkje går så godt i lag, men som er veldig fine kvar for seg ;) Kan ikkje laga ei sundagsliste utan å nemne vêret, for denne veka har det vore både snø, torden og lyn på ein og same dag, me har kjent sola varme, regn på ruta, og gradestokken har vist både varme- og kuldegradar. Håper dette var siste periode med snø for vinteren! Kjenner eg har litt høge skuldre for tida, for det er travelt nok på jobb med Mammut-salet i tillegg til at me no skal måle leilegheita for sal. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det er likevel nok til at det er vanskeleg å slappe heilt av. Men eg prioriterer gode lesestunder kvar dag likevel, tar vare på punkta som lyser opp ein snøtung dag:
 
✦ storkoser meg med å lese klassikarar, og North and South av Elizabeth Gaskell 
✦ tihi, fuglepassarar førre veke, kattepassarar denne veka – Bolla er ein kjempeflott katt 
✦ snøklokke, ei lita snøklokke! 
✦ stadig ei lita kvardagsglede å sitje foran omnen om morgonane med bok og pledd 
✦ kule og søte figurar i keramikk, laga av Jenni Orvokki 
✦ blå himmel, morgonsol og eit lite hint av snø på hustaka
✦ kvardagstur med ei veninne 
✦ roseblad, det var asfaltfint på ein dag som regna vekk 
✦ lite tilbakeblikk på den alltid nusselege Haru 
✦ sjå ein ny episode av Grantchester
✦ trass lite motivasjon, var det bra at me fekk gjort eit par småting i leilegheita i dag
✦ februarboka i mi eiga leseutfordring var De vaabenløse av Nini Roll Anker frå 1912  
✦ så herleg å gå tur i nærområdet i går då sola faktisk varma
✦ Miranda kjem alltid med så mange kjekke og fine boktips, både i denne videoen og i denne
✦ trass snø: framleis kjekt å sjå fuglane ute i hagen, både meisane og raudstrupen
✦ høyre "Superstar" frå ein av dei kulaste musikalane på radioen ein morgon 
✦ morgonane er lysare, men fekk no auge på ein dus soloppgang på veg til jobb ein av dagane
✦ og morgonlyset på trea 
✦ å, så fint å høyre heile to nye songar frå The Swell Season 
✦ få høyre av ein kunde at det var hyggeleg å kjøpe av meg
✦ scones med pistasjkrem, nykokt kaffi og lesestund 
✦ joda, eg veit det er ei flaske og den ikkje bør vere ute, likevel kult med kongeblått mot alt det kvite 
✦ les ikkje mykje lyrikk, men likte desse utvalde dikta av Wisława Szymborska 

21. feb. 2026

Høgare enn ord


Handling snakkar høgare enn ord, eller på engelsk "actions speak louder than words." I januar var det tretti år sidan Jonathan Larson, mannen bak musikalen Rent, gjekk bort. Songane frå den musikalen kan eg utanat, dei vil for alltid vere minne om eit år på folkehøgskule. Filmen tick, tick...BOOM! er basert på musikalen Larson laga, noko ein kan kalle ein sjølvbiografisk musikalmonolog som Larson laga etter avvisinga av musikalen Superbia, og også songane frå denne musikalfilmen høyrer eg på innimellom, til dømes "Why" og nettopp "Louder Than Words". Eg veit at musikalar ikkje er for alle ("kvifor syng dei heile vegen!?"), men for meg er musikalar ei sann glede. Akkurat som bøkene som ventar på meg, alle sidene som eg gleder meg til å ta fatt på.

19. feb. 2026

Lengt



Glimt av snøklokker for halvanna veke sidan. Så ingenting. Snø fall på laurdag, snø fall i går. Med lyn og torden. Sola titta fram, og i morgon er det meldt vind og sludd. Eg veit ikkje, eg berre håper dei ligg der enno. Under snøen, snart klare på å titta fram på ordentleg. For vinteren har vore kaldare i år enn dei føregåande åra. På ein måte er det fint å ha vintervinter, ikkje berre sur vind og våt slaps, men mars byrjar å nærme seg og eg vil sjå dei søte, små blomane som alltid pleier å vise seg no. Kryssar fingrane for at den tida er her snart. Lengtar etter vår. Vår, du kjære, vakre vår. 

17. feb. 2026

Kongen på "haugen"



Før Bolla kom i hus, var det altså Zalo som var på besøk. Han er ikkje alltid like lett å ta bilete av, det skal han ha. I alle fall ikkje når han raskt fyk inn og ut av buret, eller når han kjem til oss for å ete av tacoen vår ein laurdagskveld – det er jo ikkje då eg sit klar med kameraet ;) Men om morgonane er det blitt ei greie at han kjem ut, sit klar og forventar å få litt egg oppå buret. Og å sitje på hovuda våre er som tidlegare nemnt alltid like topp. Tihi, han er den aller kulaste, altså! 

15. feb. 2026

Hotell for to- og firbeinte





Feira ikkje Valentinsdagen i går, men bollar til fastelavn må ein jo ha. Tihi, me har jo ofte laga dei sjølv, på svensk vis, i år blei det kjøpebollar. Det må jo vere lov når ein har besøk av både tobeinte, firbeinte og ein fjørball. Okei, ikkje samtidig, for fugl og katt går nok ikkje så godt i lag. Men me hadde Zalo her frå onsdag til i dag, og då Zalo var blitt henta, køyrde me av garde for å hente pusen Bolla. I tillegg har me hatt ei av niesene våre på besøk i helga, kjekt å sjå ho igjen og prate ein del med ho. På jobb har det rulla og gått i eitt, for i morgon byrjar Mammut-salet. I går byrja det å snø, så det var visst for tidleg å seie at vinteren var over og våren på veg. I alle fall sånn på ordentleg; eg håper snøen ikkje blir liggjande. No er det børstetid for pusen og sidan sengetid for oss:
 
✦ årets andre Christie-bok var Fru McGinty er død, og det er gøy å leggje eit ekte Christie-puslespel
✦ likte ikkje at det byrja å snø, men fint å sjå raustrupe og blåmeis i hagen 
✦ rosa skydottar om morgonen 
✦ ha Zalo på besøk, og så klart er han der med ein gong me skal ete, anten frukost eller middag ;) 
✦ 24 flotte og unike country house hotel i Storbritannia, kunne sikkert ha overnatta på alle saman!
 lese eit par sider på veg til jobb fleire av dagane
✦ Zalo blei henta tidlegare i dag, og no passar me Bolla (kjent under Opus, men no altså Bolla)
✦ artig å lese Heated Rivalry, ein av årets snakkisar, etter at ein kollega sa at den måtte eg lese 
✦ Tom Hiddleston som les høgt eit kjærleiksbrev Gerald Durrell skreiv til hans andre kone
✦ lese Mord på biblioteket, bok nummer to i Engel og Luna-serien 
✦ plukke Mammut-bestillingar 
✦ og dus morgonhimmel, for ein flott soloppgang treng ikkje alltid å vere like sterk
✦ når senterkontoret kjem innom med koselege kort og noko søtt attåt 
✦ bra artikkel om REKO-ringen på Forus i Aftenbladet 
✦ kveldssola på ein trapp ved jobb
✦ og same kveld: gylne solstrålar mellom trea 
 laurdagstaco og halve Frankenstein-filme (den nye versjonen)
✦ liten gåtur i dag trass det slapsete føret 
✦ Miranda deler koselege og hjartevarme bøker som passar perfekt til februar
✦ spele "Hitster" med niesa vår og kjekt å vere ei helg i lag med ho
 sjå Stylesmysteriet som no ligg ute på NRK Nett-TV
✦ juksa litt i år, likevel var dei kjøpte semlorna veldig gode
✦ starte sundagen med å lese i lag

12. feb. 2026

Vinterlege London


Puslespel er ein akkurat passe avslappa aktivitet som me koser oss med å gjere i lag, kanskje særskilt no om vinteren når ein er meir inne. Helst motiv med 1000 brikker, men 500 er kjekt det også. Fordelen er at då veit ein at ein ikkje tar opp plassen på spisestovebordet altfor lenge ;) 




London med snøfiller dalane ned, eg likte dette motivet med ein gong! Martin Schwartz har laga liknande bilete frå andre byar, til dømes Oslo og Stockholm, og eg kunne glatt ha pusla alle i serien. Både dei små på 500 og dei store på 1000 brikker. Men det får bli seinare. Diggar måten han har sett saman byen på, han har fått plass til kjente og kjære bygg og attraksjonar ved sidan av kvarandre sjølv om byane ikkje naudsynt ser akkurat slik ut. Gøy å studere alle detaljane, og i puslespeleska følg det med ein liten plakat som viser kva bygg som er kva viss ein skulle vere usikker.