22. juli 2025
17. juli 2025
Arkeologi for keramikarar
Eller var det keramikk for arkeologar? Vel, eigentleg var det ingen av delane, men eg berre måtte prøve å lage ein tittel som seier noko om begge bøkene i dette innlegget. Eg las nemleg nyleg ut Keramikk for nybegynnere av Yeon Somin, og det er ei finfin bok om årstidene, å byrje på nytt etter å ha både sagt opp jobben og vore utbrent, finne sin plass i verda og så klart om keramikk:
"Stjerneskudd og nordlys – ting folk
elsket uten noe behov for å spørre seg om hva som gjorde dem vakre.
Skjønnheten krever ingen forklaring." (s. 177)
"Det finnes dager da alt du ønsker, er å
fortelle historien din. Sånn som redaksjonssjefen, som akkurat nå rev
seg i håret mens han lette etter en annen debutant; sånn som Gu, som
desperat ringte rundt til de andre hoobaene sine; sånn som Jungmin, som
nå var på telefonen med Gisik. I dag måtte ordene bare ut for dem alle." (s. 206).
I leseutfordringa #readchristie2025, er det særskilt yrke og karierre som er årets tema, og i juli skulle ein lese ei bok med arkeologi som karriereveg. Eg valde Døden i flyet, og sjølv om eg etter kvart hugsa kven som var mordaren, var det gøy å lese endå ei bok av Agatha Christie. Både inspektør Japp og Poirot er med i denne romanen, og sistnemnde er like artig kvar gong:
"Hercule Poirot gikk inn til sin venn inspektør Japp igjen. Japp smilte.
– Hei, gamle venn, sa han. - Nå var det sannelig så vidt De ikke ble sperret inn i en celle.
– Jeg er redd jeg ville vært ferdig som detektiv, hvis det var hendt, sa Poirot alvorlig.
– Det hender jo at detektiver viser seg å være forbrytere, iallfall i bøker, sa Japp ertende." (s. 44)
"Hercule Poirot gikk inn til sin venn inspektør Japp igjen. Japp smilte.
– Hei, gamle venn, sa han. - Nå var det sannelig så vidt De ikke ble sperret inn i en celle.
– Jeg er redd jeg ville vært ferdig som detektiv, hvis det var hendt, sa Poirot alvorlig.
– Det hender jo at detektiver viser seg å være forbrytere, iallfall i bøker, sa Japp ertende." (s. 44)
– Slett ikke, sa Poirot. – Eksentrisk, men gal, nei!" (s. 116)
"Fournier tenkte: Jeg skjønner nå hva engelskmannen Japp mente. Han er
ikke så lett, den gamle Poirot. Han prøver å gjøre en enkel sak
innviklet. Han kan ikke godta en liketil løsning uten å late som den
strir mot hans opprinnelige teori." (s.159)
Merkelapp
bøker
15. juli 2025
To songar frå eit splitter nytt album
"Forward", det nyaste albumet frå The Swell Season med Glen Hansard og Markéta Irglová, er endeleg ute. Eg skreiv litt om albumet og deira historie her, men eg legg no ved to songar til. For stemmene, tekstene og melodiane fortener det. Songar som eg kan lytte til om og om igjen.
Merkelapp
musikk
13. juli 2025
Ganske godt og blanda
Sit her i stova og prøver å senke skuldrene. Ferien har så vidt byrja, men det tar alltid litt tid før ein klarer å slappe av. Om ikkje anna så starta me veka roleg med å vakne opp i ei lita hobbithytte. Å, eg vil tilbake dit no med ein gong! Sjølv om jobbdagane var greie nok dei, kjente eg at energien ikkje var heilt på topp og det gjorde veldig godt å sykle heim fredagsettermiddag og vite at no er det fri. Me var også ute med syklane i går, og det var kjekt å sykle bort til Hafrsfjord ein tur på den nye sykkelstamvegen og via Madla på veg heim. Kuleis på deling ved "Sverd i fjell" takka ingen av oss nei til, tihi! Dagen er nesten slutt, så...hei, hå, hei, hå, til sundagslista skal me gå:
✦ bok nr. sju i serien om dei sløve hestane, Slough House, var ei bra og kjekk leseoppleving
✦ dianthus barbatus med store vassdropar på
✦ å, så utruleg vakre dei var, dei blomane me såg langs sykkelstamvegen i går
✦ hobbithola, eller hytta eller minihuset, me slappa verkeleg av der
✦ høyre på det nyaste albumet frå The Swell Season
✦ morgonkaffi med utsikt
✦ og ein kaffi på kvar og kake på deling på Ryfylke bakeri på Tau på veg heim frå Hjelmeland
✦ heimelaga pesto
✦ to små kattar og to like små geiter som hoppar rundt på Sunflower Farm
✦ kuleis på deling medan me sat i skuggen i går, rett ved "Sverd i fjell", som ein sykkelturpause
✦ litt på spissen, men likevel mykje gjenkjenneleg i denne saka om kundeservicebransjen
✦ bringe(bær)brus frå Vaagavatn på Stord
✦ likte kanskje omslaget betre enn sjølve boka, men The Story Collector var no ei grei bok lell
✦ mykje bra å finne hos Apal Sideri på Hjelmeland
✦ blir aldri lei av å sjå ein videosnutt av mini-Haru
✦ alle dei små blomane ute no
✦ helse på ein fin katt då eg gjekk til jobb
✦ kjole som matha skoa på jobb
✦ gårsdagens kveldshimmel over naboblokka
✦ balkonlesing fleire gongar dei siste dagane
✦ miniserien Going Postal basert på boka av Terry Pratchett
✦ og gøy å lese nettopp Pratchetts The Amazing Maurice and His Educated Rodents
Merkelapp
sundagsliste
10. juli 2025
Rolege timar som hobbitar
Sidan vêret ikkje var det heilt store i helga, blei det ingen større fottur på oss. Det er visst eit par fine turar i gå i nærområdet, så det får me heller ha til gode. Men me fekk utforska sjølve glampingplassen, og nedi bakken såg me eit kjempefint rådyr. NorGlamp har også andre små hytter og telt ein kan overnatte i, badstue og badestamp kan ein leige (me prøvde ikkje det denne gongen), og me nytta høve til å spele litt badminton. Sjølv om var lenge sidan sist, var det ganske så artig!
Og kva gjorde me elles i og ved den lille hobbithola? Jo, me las. Las ei lita stund ute, las inne då kvelden datt på og las om morgonen med ein kaffikopp i handa. Roa fann me raskt, og det var godt å berre vere, høyre på stilla medan sidene fauk unna. Me såg også litt på ein miniserie medan me åt ein enkel pastasalat, treng ikkje noko meir. Dagen etterpå handla me eit par lokale saker på nærbutikken Randøy handel. Å, for ein flott miniferie ikkje så altfor langt unna Stavanger.
Ordentleg hobbithole
Målet for vår lille utflukt i helga, var denne hobbithola på Randøy i Hjelmeland. For ja, ein kan vere hobbitar for ei natt hos NorGlamp, og opphaldet skuffa ikkje! Tidlegare har me budd i ei liknande hytte i Sjodalen, men denne på Randøy er litt mindre i storleik og meir utført som eit hobbithus. Nøkkelen hang på ein tynn kjetting i lag med sjølvaste ringen (!), jakka kunne hengje på ei Ringenes herre-knaggrekkje og så klart låg den store boka inne i hytta i lag med eit kart over Midgard. Den store, grøne døra er ikkje inngangspartiet, men derimot ei dør ved sengeenden som gjer at når døra er ope, kan ein sjå ut av eit stort vindauge og rett ut i hagen. Hytta er utstyrt med eit lite kjøleskap, vasskokar, bestikk og servise, eit bord som ein falde opp når ein skal ete og ei dobbeltseng.
Rett innanfor inngangen, var det endå ein Ringenes herre-detalj: ei dørmatte med eit kjent sitat frå bøkene. Om natta hadde me igjen den store, grøne døra slik at det skulle bli mest mogleg mørkt, men eg måtte no knipse eit bilete av den igjen på dagtid; heile det partiet med den runde døra, den gule fargen rundt og alle blomane, gav oss ei ordentleg kjensle av Hobsyssel (The Shire på engelsk). Toalett og dusj ligg i eit eige anneks, og alle dei små lyktene som blir lada av små solcellepanel, lyste stemningsfullt opp då me traska bort for å pusse tennene. Ute var det stille, ein sundagskveld i juli.
8. juli 2025
Eventyrskogen
I Årdal i Hjelmeland kommune. Ferien har ikkje byrja heilt enno, men sidan eg hadde fri i går, drog me som nemnt av garde på ein liten utflukt sundag. Me overnatta på ein kjempefin plass – meir om det kjem – og på veg heim i går, tok me ein liten luftetur i Eventyrskogen. Vêret var ikkje det aller beste, regnet byrja å dette ned akkurat då me hadde komme oss inn på stien, men slik er det no om sommaren. Eventyrskogen er full av treskulpturar, laga av Eldfinn Austigard, som bur i Årdal.
Ole Brumm og venane hans, nøkken, figurane frå eventyret om pannekaka og fleire andre kjente og ukjente karakterar frå eventyr, fantasi og mytar. Mykje å sjå og få auge på medan me gjekk den oppmerka ruta inne i skogen. Skulpturane har vore gjennom både flom og hærverk, og med det forandringar opp gjennom åra, trass dette er det framleis ei unik stemning i akkurat denne skogen.
Så klart må ein jo ha med dei tre bukkane bruse i ein ekte eventyrskog. Og den nyaste skulpturen er ikkje henta frå fantasien, men frå røynda: Karen Kyllesø frå (nettopp) Årdal blei tidleg i år tidenes yngste som har gått aleine til Sydpolen! Ved parkeringa helste me på nokre nysgjerrige sauar før me tørka av oss skoa så godt me kunne og køyrde vidare på veg til Tau og til slutt Stavanger.
Merkelapp
tur
6. juli 2025
Blåmåndag, men heldigvis også andre og betre saker
Måndag var ein ordentleg blåmåndag med ting som ikkje gjekk heilt etter planen før jobb, og på jobb var bankterminalane ustabile i nesten seks timar. Akkurat som om me ikkje hadde nok å gjere med alle varene som kom og små utstillingar me skulle fikse. Og det er jo berre slik det er av og til, men noko kjekt var det ikkje. Det som var kjekt, var å stikke til Sola på tysdagskveld og ete pizza (nok ein gong) og spele eit morosamt spel med fine folk. Sykling til og frå jobb har gjort godt, eg har lese eit par gode bøker, dagen i går var ein roleg dag, noko eg verkeleg trong, og snart er det ferie. Seinare i dag skal me ut på ein liten utflukt, difor kjem sundagslista noko tidlegare enn vanleg:
✦ veldig fint å gjenlese Tove Janssons Sommerboken
✦ kveldslyset på gjesterommet for eit par dagar sidan
✦ ja, takk til fleire slike fargar på husa rundt omkring
✦ laurdagstaco og bra film
✦ "Top 20 Movies Scenes With The PERFECT Music" – eg byrje å nynne på nr. 1 rett før den kom
✦ ete knallgode porsjonspizza saman med familien tysdagskveld
✦ og etterpå spele "Hitster", det spelet er stadig like morosamt!
✦ svaneungane ved Mosvatnet
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess då me køyrde til Sola
✦ lille Olive som skal lære high five er så nusseleg
✦ var ikkje alt eg synest var like bra, men samstundes kjekt å lese kosekrimboka Mord i bokhandelen
✦ skuggespel på to hjul langs eit lite vatn
✦ ordentleg blomegjerde
✦ og blomar i taket på senteret lyser opp kva dag som helst
✦ blir aldri lei av å sjå denne versjonen av Queens "Don't Stop Me Now"
✦ kjekt å setje ut bøkene til Ann Cleeves i engelskhylla på jobb
✦ sjå eit rådyr berre eit par meter foran meg då eg sykla heim på fredag
✦ å, hallo, sjå på desse utruleg søte piggsvina
✦ strikkestunder medan eg såg på Mysteria i Brokenwood (å, den serien er så herleg overdriven)
✦ få på plass det meste til ferien, får berre håpe me ikkje gaper over for mykje, tihi ;)
✦ innmari gøy å lese klassikaren Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Kommentarer (Atom)










