4. okt. 2024

Kew Gardens i stova




God fredag med denne flotte papirvekta. Eller ei brevvekt, alt etter auget som ser. Klarte ikkje å gå forbi den i butikken i Kew Garden, den fanga merksemda mi med ei gong, og no står den her på eit lite bord i stova og lyser opp med sine evigvarande blomar. Liten bit av Kew Gardens i heimen.

2. okt. 2024

Dagstur opp til hytta




Små, gule blad på trea rundt hytta. Haustkjensla. Grått over vatnet, men også det gir ei kjensle av haust. På laurdag var me ein tur opp til hytta ved Moslivatnet for ein liten dugnad.
 

Trefelling, vedhogst og generell rydding av uteområdet stod på planen, og den nye, lille elektriske saga til mamma var god å ha til greinene og dei mindre trea. Regnet kom litt i ny og ne medan me jobba, men det store plasket kom heldigvis etter at me hadde fått gjort unna arbeidet.




Lesestund med kaffi og noko attåt blei det også tid til. Alltid ;) Kjempegøy å teste ut det (for oss) nye spelet "Hitster", musikkspel er som regel ein slager! Og så kule Zalo, han var også med, særskilt då me sette i gong med å spele musikk, tihi. Porsjonspizza steikt i steinomn smakte heilt ypperleg, og sidan spelte me litt til medan det blei mørkare og mørkare ute. Tubalyset er stadig like stilig, og no når hausten er her, er det jaggu meg på tide å finne fram stearinlysa. Fine timar i godt lag :)

1. okt. 2024

Ennio





Fem gongar var han nominert til Oscar for beste originalmusikk, men fyrst i 2016, den sjette gongen han var nominert, vann han for musikken i filmen The Hateful Eight (han fekk ein æres-Oscar i 2007). Maestro Ennio Morricone. Førre veke såg me ferdig dokumentaren om hans liv og ikkje minst musikken hans, og tårene berre rann dei siste førtifem minutta. Ikkje fordi det var trist, men fordi musikken hans, og då særskilt frå The Mission og Cinema Paradiso, er heilt utruleg vakker. I 2019, året før han gjekk bort, var me i Oslo og fekk sjå han dirigere, og det vil for alltid stå igjen som ei av dei største musikkopplevingane. Kjærleikstemaet frå Cinema Paradiso blei jo spelt i vigsla vår, og det var stort å få spele den på konsert med orkesteret for to år sidan (så som du skjønner, betyr Morricones musikk mykje). Dokumentaren om Morricone, som ligge ute på NRK Nett-TV, er regissert av Guiseppe Tornatore, ein italiensk regissør som Morricone samarbeidde med på heile tretten filmar. Me kjenner jo godt musikken til The Good, the Bad and the Ugly, The Untouchables, Once Upon a Time in America og dei andre eg allereie har nemnt i innlegget, men det var mange filmar me ikkje hadde høyrt om. Dokumentaren går kronologisk til verks, og det var interessant å få meir kjennskap til andre filmar og komposisjonar. Over kan ein sjå traileren til dokumentaren, og så har eg lagt ved ein video der Morricone dirigerer musikken frå The Mission. Dei fleste kjenner "Gabriel's Oboe", men musikken frå filmen er så mykje meir, høyr berre korleis dei forskjellige temaa frå filmen ligg oppå kvarandre mot slutten av stykket – det er filmmusikkens magi, det.