21. jan. 2026
20. jan. 2026
Mitt bokår 2025 📚
2025 blei ikkje det nye 2024 om ein berre ser på kor mange bøker eg las, for 2024 var eit rekordår for min del. Men 153 bøker i fjor, eg kimsar absolutt ikkje av det. Tvert om så er eg veldig nøgd. Lesinga er noko som får meg til å senke skuldrene, eg slappar av med ei god bok i fanget, og eg koser meg når eg får dykke ned i eit heilt eige univers. Lesestunder om morgonen og lesing på senga. Kanskje litt lesing på kafé, på toget eller på ferie i lag med den aller finaste. Ei viktig kvardagsglede. I fjor var dryge 84 prosent av bøkene eg las, henta frå eiga bokhylle (inkl. lesebrett og leseeksemplar), og eg satsar på å lese mykje frå hyllene våre også i år. Det aller meste eg les, er enkeltståande bøker, men innimellom les eg seriar, og i fjor var det jaggu meg fleire gode krimseriar. Vera og Shetland av Ann Cleeves har eg verkeleg kost meg med. Eg las dei to fyrste bøkene om Karen Pirie av Val McDermid, dei fire fyrste bøkene i kosekrimserien om Jodie "Nosey" Parker slukte eg, og så klart må eg nemne sjølvaste Endeavour Morse. For det var stas å lese den fyrste boka av Colin Dexter medan me var i Oxford, og eg rakk å lese to til før året var omme.
Noko som var ein gjengangar i fjor, var at eg las mange klassikarar. Ei av dei av Jane Austens Emma. Andre var Wuthering Heights av Emily Brontë, The Tenant of Wildfell Hall av Anne Brontë, The Wizard of Oz av L. Frank Baum Far From the Madding Crowd av Thomas Hardy og Mary Shelleys Frankenstein.
Ikkje nok med alle dei andre krimbøkene eg las, så klart var eg med #readchristie2025 og fekk nok ein gong, kvar månad, dykke ned i Agatha Christies verd. Å kunne dykke ned i ei bok, bli betre kjent med eit univers, sluke det eg les, eg vel å kalle det bokdykking. Etter nærmare fem års ventetid, var det endeleg på tide å besøke Ingenlund-universet igjen, og eg det var så innmari kjekt å lese Sølvbåren av Jessica Townsend. Gjenlesing av Tove Janssons Sommerboken, Sent i november og Pappaen og havet er også ei form for bokdykking. The Railway Children av Edith Nesbit var nok ei gjenlesing frå fjoråret, og det var veldig fint å vere tilbake i den boka igjen.
Min venn pingvinen av Tom Michell var ei bok som verkeleg rørte meg, og det var ikkje berre fordi det handla om ein pingvin (sjølv om det absolutt var mykje av grunnen). The Brilliant Life of Eudora Honeysett av Annie Lyons, Alt jeg ikke sa av Celeste Ng, Farmor har kabel-TV av Tore Renberg og ikkje minst Biblioteket i Gaza av Rachid Benzine er andre bøker som røska i meg på ein eller annan måte.
Fjorårets leseutfordring var å lese ei bok i månaden som min betre halvdel hadde plukka til meg. Her las eg mellom anna klassikarane Den store Gatsby av F. Scott Fitgerald, Redderen i rugen av J. D. Salinger og Alice in Wonderland av Lewis Carroll, to bøker av Terry Pratchett (Skrellingene og The Amazing Maurice and his Educated Rodent), Trilogien av Jon Fosse, Trollmannen fra Jordsjø av Ursula K. Le Guin og Haikerens guide til galaksen av Douglas Adams. Leseutfordringa mi i år er forresten å lese ei bok månaden av norske kvinnelege forfattarar som eg ikkje har lese før, ei bok for kvart tiår mellom 1900 og 2010. Her blir det spennande å sjå kva eg klarer å finne, eg ser det er ikkje berre berre å plukke fram frå gløymsla.
Der 2024 var året eg las minst ei faktabok i månaden, blei det ikkje så mykje av det i fjor. Men nokre blei det jo lell, mellom anna Ferjefolket av Halvor Folgerø, Havet av David Attenborough, Poirot and Me av David Suchet, Bienes verden av Henninge Torp Bie og sist, men ikkje minst Our Great Canal Journeys av Timothy West. Å, som eg elska det programmet, og å lese boka var eit rørande gjensyn med to fantastiske personar. Eg fekk vore med på tur både i Storbritannia, Sverige, Italia, Canada og fleire andre land og plassar. Andre bøker som tok meg med på ei reise, var The Road to Yesterday av L. M. Montgomery (eg blir aldri lei av å besøke Prince Edward Island), og One Golden Summer av Carley Fortune var ei bra kjærleikshistorie som også drog meg til Canada. Gjenlesinga av Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe fekk meg til å reise tilbake til barndommen og tilbake til Sverige på 70-talet. Å få vandre djupt ned i bøkenes magi, skjer titt og ofte, og bøker om bøker er alltid magiske: The Echo of Old Books av Barbara Davis, The Diary of a Bookseller av Shaun Bythell og The Story Collector av Evie Woods. Korfu fekk eg besøkt då eg las One Greek Summer Wedding av Mandy Baggot og Ministeriet for tid av Kaliane Bradley var ei ekte tidsreise.
Er det nokre bøker som overraska meg? Ja, det er vel alltid det. Lars Ellings Ved porten til stillhetens skog overraska meg med å vere både meir direkte og meir leiken i språket, og det endte med at mannen min las den etter meg. Lånt jord av Scott Preston var på nokre punkt ei røvarhistorie med eit dystert bakteppe som eg ikkje var forberedt på. Eg likte Jordbane av Samantha Harvey meir enn eg hadde trudd, og Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen lever opp til alle dei gode meldingane. Bokhandelen i fyrtårnet av Sharon Gosling var djupare og endå finare enn det eg hadde sett for meg i hovudet mitt, og blei raskt ein favoritt.
Joda, bøker får meg ofte til å gråte, men dei får meg også ofte til å smile og le. Book Love av Debbie Tung var ei bok eg småhumra mykje av, og den var så gjenkjenneleg, tihi! My Neighbor Totoro av Tsugiko Kubo var rett og slett herleg å lese sjølv om en på visse punkt også var rørande. Å få lese den nyaste boka i serien om Torsdagsmordklubben, nemleg Den umulige formuen av Richard Osman, var som vanleg som å få ein ordentleg god klem. Call of the Penguins av Hazel Prior må eg også nemne her, det same med Oskar og eg – Alle tinga vi har av Maria Parr og Du er her av David Nicholls. B. K. Borisons bøker Business Casual og First-Time Caller var også slike mjuke bøker. Okei, mjuke kjærleiksbøker. Are Kalvøs Meininga med livet var akkurat passe fjollete, og me treng det også innimellom.
Rachel Joyces Harold Frys utrolige pilegrimsferd las eg i 2023, og oppfølgjarane Queenies kjærlighetssang og Maureen er to sårvakre historier som sit igjen. Ingrid Lensols Jeg savner å føle at noe ikke skal til slutt setje ord på melankolien som overgangen til vaksenlivet kan vere medan Thomas Korsgaard med novellesamlinga Snytt ut av nesa viser at han kan seie mykje om mangt med få ord; han kan det å skrive. Det kan også Valerie Perrin, for som med dei andre bøkene eg har lese av ho, ligg det ei nerve i Tata som gjer at du berre vil lese meir og meir. Keramikk for nybegynnere av Yeon Somin var ein slik stille roman som gir deg ei heilt eiga kjensle, kjensle av både ro og melankoli, håp og stille. Og Angela Hardings illustrasjonar i Summer's Hum er så nydelege at eg gjerne kunne ha hatt dei på veggen, medan stemninga frå Paolo Cognettis Nede i dalen er til å ta og kjenne på.
Merkelapp
bøker,
kjekke lister
18. jan. 2026
Kaffi kan løfte tunge dagar
Av bileta i denne vekas sundagsliste, er det fleire stunder med kaffi i ein favorittkopp. Men det må absolutt til når ein er småforkjøla og det er kaldt ute, i alle fall om du spør meg ;) Snøen forsvann etter kvart som veka tok til, og regnet datt ned då eg gjekk til jobb på fredag. Med andre ord er det ikkje like kaldt ute som førre veke, men å kunne starte nokre av dagane foran den knitrande omnen set eg likevel pris på. I gong med nytt orkesterprosjekt, halvtunge dagar på jobb, fleire lesestunder, ei kort helg sidan eg hadde laurdagsvakt og heldigvis mange kjekke punkt å skrive om:
✦ som eg likte å lese Winter Nights at the Bay Bookshop (og alltid gøy når Anne Shirley blir nemnt)
✦ sjølv om dette var førre sundag: tenk at januarmorgonane kan vere så fargerike!
✦ godt å ta meg ein liten luftetur i nærområdet i dag
✦ laurdagstaco og fin film etter timar på jobb
✦ altså, Tynne rivner av lys var ubehageleg å lese, men samstundes ei så himla bra bok
✦ sko som matcha både kjolen og strømpebuksa
✦ regndropane på ein grøn busk
✦ når store hundar blir ven med småsmå kattar, det er like søtt kvar gong
✦ dele dei siste julekakerestane etter frukosten i dag tidleg
✦ snart forsvinn den siste episoden av Vera frå NRK Nett-TV, og då måtte eg jo lese boka fyrst
✦ mjuke vinterlys mot dei skarpe, kvite snørestane
✦ høyre "I Know Him So Well" frå Chess på veg til orkesterøvinga
✦ å, så mange flotte bokhandlarar her inne, og me har i alle fall besøkt fire av dei
✦ strikke litt medan me såg på film
✦ komme i gong med eit nytt orkesterprosjekt
✦ prate med ein kunde om Tønes
✦ morgonstund foran omnen, så klart med kaffi og bok
✦ julespesial 2025 av The Great British Bake Off, her smiler eg godt av både Coleman og Mitchell
✦ ha, ha, ein lettare forskremd tommel opp i regnvêret ;)
✦ fuglane som syng, uansett kva dag og årstid
✦ lese eit par sider på veg til jobb på onsdag då snøen framleis låg i små klattar
✦ sundagskjensla med kaffi i ein favorittkopp og leggje nokre puslespelbitar i lag med han der fine
Merkelapp
sundagsliste
16. jan. 2026
Oxfords pastellar
Sjølv om me har bikka eit nytt år, har eg framleis fleire bilete frå fjorårets interrailtur som eg ønskjer å dele her på bloggen. Og om det ikkje skulle komme klart fram i tittelen: dette er altså Oxford. Kjekt å gå forbi nokre husrekkje fulle av forskjellige pastellfargar. Fargar gjer meg glad, dei lyser opp og skaper så mykje liv! Og dei like fargerike og flotte dørene rundt omkring fanga også blikket mitt.
Ofte når me er på ferie, er det å vandre gatelangs noko av det kjekkaste. Altså, ikkje viss det blir mil på mil og med mange folk rundt oss på alle kantar, men det å kunne utforske ein by eller lansdsby i vårt eige tempo, stoppe opp når me ser eit fint, gammalt hus, ein lyktestolpe som lett kunne vore tatt frå Narnia-universet og ein mystisk dør som får fantasisen til å løpe løpsk, det er ferie for oss.
Merkelapp
reise
14. jan. 2026
Morgonstund foran omnen
Veden som knitrar. Boka i fanget, kaffi i ein vinterkopp. Ute har vinden ult, den har blåst både stikker og strå. Ikkje fullt så ille i dag tidleg, men då var det regnet som plaska ned. Snøen er forsvunne, det er mørkare, omnen lager lyset. Å kunne lage meg ein mjuk morgon, berre sitje ei stund og lese foran omnen, særskilt når det er ruskevêr ute, det er ei lita kvardagsglede.
12. jan. 2026
Lyst og kvitt, i alle fall litt
Vinden som har ult og blåst gjennom både natta og dagen, har nok tatt med seg ein del av den kvite snøen. Ikkje at det gjer noko, ei veke med snø er nok, men som eg skreiv i går, set eg jo pris på at landskapet blir lysare. Dei kvite dottane som ligg opp buskar, det kvite mot det grøne. Januarhimmelen, små potespor etter firbeinte venar, ekte vinterstemning. Ein by som blir mjukare.
Merkelapp
kvardag
11. jan. 2026
Vinterforkjøling rett etter ein flott nyttårskonsert
Aldri kjekt å vere forkjøla, og det er akkurat det eg er no. Ja, ja, eg berre håper det ikkje varer altfor lenge. Forkjølinga slo til rett før helga, så både i går og i dag har energien vore låg og nasen tett. Ikkje ofte at snøen ligg såpass lenge her i byen, men den kom på måndag og ligg enno. Snøen og eg kjem nok aldri til å bli bestevenar, men eg kan setje pris på lyset den gir. For med eitt blei byen litt rolegare og lysare. Høgdepunktet denne veka, var å få med oss nyttårskonserten til Stavanger symfoniorkester. Julie Røssland var dirigent og Ole Edvard Antonsen var solist. Og eg kan vel nesten seie at ringen er slutta: det var med Antonsen eg fyrste gong høyrde "Benedictus" då han spelte den på ein julekonsert for dryge sju år sidan, me spelte den jo sjølv med orkesteret i desember og tårene rann då han spelte den igjen no på fredag. Eg er klar for senga, i alle fall snart:
✦ fyrste bok ut i #readchristie2026 var Liket i biblioteket, noko som passa perfekt til handlenettet ;)
✦ også
i nyheimen, er denne glaspynten framleis eit av dei finaste bruktfunna
✦ snø og vinterlys på ein busk i blåtimen
✦ mykje lesing i helga
✦ her er det mange vakre reisetips for oss bokelskarar, m.a. biblioteka i Irland og Austerrike
✦ fint puslespel
✦ laurdagspizza, Taskmaster og litt strikking
✦ årets nyttårskonsert med SSO og solist Ole Edvard Antonsen
✦ rørande å høyre han spele "Benedictus" av Karl Jenkins
✦ og dei stilige lysekronene i konserthuset
✦ blir jo ikkje søtare enn denne store hunden som får helse på mange små, søte pusar
✦ må alltid lese ei Mandy Baggot-bok i juletida, og i år var det Meet Me under the Northern Lights
✦ å gå forbi "Brumms tenkested", herleg å sjå eit slik skilt
✦ lesing foran omnen fleire av dagane
✦ sjå vidare på The Hack med David Tennant og Robert Carlyle
✦ sukk, lyset på himmelen
✦ ordne litt i heimen etter at me rydda bort jula
✦ sir Bryn Terfel har ei ordentleg kraftfull stemme, berre høyr når han syng "Homeward Bound"
✦ søt katteteikning som låg at på teikenbordet på jobb
✦ skuggespel i snøen
✦ vaske trombonen
✦ kaffi, klassikaren A Child's Christmas in Wales av Dylan Thomas og juleraud duk funne brukt
Merkelapp
sundagsliste
Abonner på:
Kommentarer (Atom)






