22. mars 2026

Stille liv i ei nordlandsnatt





Sundagskveld. Tidlegare i dag las eg ut ei bok, så ei til. Me har tatt det med ro her heime, eg var jo på jobb i går, og då blir det liksom berre ein dag med helgekjensle. Han var forkjøla førre helg, og no var det min tur. Heldigvis har det ikkje vore så ille at eg måtte vere heime frå jobben, men eg er lei av å vere tett. Tja, elles ikkje så mykje nytt å melde. Timane på jobb har vore både det eine og det andre; i eit augneblink pratar ein med kundar om kjekke bøker, i det neste kjem det nokon farande inn og er unøgd med det dei nyleg har kjøpt. Joda, eg skjønner at det "berre er slik" når ein jobbar i butikkbransjen, men det er innimellom som om all folkeskikk er borte vekk. Eg prøver uansett å hugse på alle dei fine folka eg møter, slik som alle dei andre små og store kvardagsgledene: 
 
 når eg etter kvart kom i gong, var Stille liv ein fest å lese
✦ lys i den fine telyshaldaren som heng i det eine stovevindauget
✦ framleis (og for alltid) snøklokker 
✦ fuglesong 
✦ søtaste lille Olive som synest det var, og framleis er, gøy å leike med pappesker
✦ lese eit par sider i tåkeheimen på veg til jobb
✦ mannen min fekk på plass pallekarmar i hagen no i helga 
✦ laurdagspizza etter jobb og ein enkel, men herleg film (Legally Blonde)
✦ klassikarar med vakre omslag, det er så mange flotte seriar å ta av 
✦ supestas med god melding og terningkast fem i Aftenbladet etter konserten førre laurdag 
✦ tredje boka i mi eiga leseutfordringa var Regine Normanns Nordlandsnatt
✦ rolege morgonar med kaffi og bok, sånn som gir meg både ro og energi
✦ sjå ein Poirot-episode i lag med den aller finaste 
✦ ein litt artig selfie på veg til jobb i gråvêret 
✦ Leif Ove og Solveig Andsnes sin versjon av "Vi skal ikkje sova bort sumarnatta" 
✦ sjølv om det ikkje er ei original Tove Jansson-bok, er det kjekt å sjå Mummi-figurane
 blå himmel og fuglar høgt i sky
✦ helse på ein liten kvalp då eg var ute og gjekk 
✦ 10 bokhandlar ein berre må innom viss ein er i Bath 
✦ te og lesestund to av kveldane
 set pris på at den offisielle Agatha Christie-kontoen deler bokbiletet mitt på Instagram
✦ har enno ikkje sett filmen, men gøy at Affeksjonsverdi vann Oscar for beste internasjonale film 
✦ The Wedding People fall ikkje heilt i smak, men forfattaren tar opp nokre viktige tema 

19. mars 2026

🌱🤍



Vårens vakraste syn – eg nyt det så lenge det varer. 

18. mars 2026

For no, slike morgonar


Men dette var dagen i går. Eller, eigentleg kva dag som helst der eg har litt ekstra tid om morgonen. Kaffi og ei bok. Kanskje to. Eller ei tredje bok. Slike stunder tar eg med meg vidare gjennom dagen. Å ha god tid om morgonen kjem eg til å ha mindre av når eg byttar jobb om eit par veker. Eg kjem til å sakne kollegaane mine, alle bøkene eg får sjå kvar dag og slike rolege morgonar. Men eg kjem til å jobbe meir normale tider, måndag til fredag og ikkje kveldar eller helger – eg trur det kjem til å gjere godt. Så får eg nyte dei seine morgonane no medan eg kan, og så klart helgemorgane

17. mars 2026

Dagen i går



Altså, ikkje bokstaveleg tala dagen i går. Men me såg ein Studio Ghibli-film med det namnet frå 1991 her heime for ikkje så lenge sidan. På engelsk heiter den Only Yesterday medan den heiter おもひでぽろぽろpå japansk, noko ein kan omsette med "minna strøymer på". Filmen er ulik dei andre Ghibli-filmane me har sett då den ikkje inneheld fantastiske element eller ei større historie den vil fortelje. Eller, kanskje den eigentleg har noko stort å fortelje, for ofte er det dei små historiene som sit igjen. Hovudpersonen ser tilbake på barndommen sin, på kontrastane mellom bygd og by, medan ho i notida er på besøk på landet hos nokre slektningar. Eg skal ikkje skrive så mykje meir anna enn at medan den siste scena rullar på skjermen, kan ein høyre ein velkjent song. "The Rose" er skrive av Amanda McBroom, og Bette Midler gjorde den kjent i 1979-filmen med same namn. Innimellom kan eg kjenne at eg synest songen er overspelt, men då eg høyrde den i sluttscena av Dagen i går, på japansk, trilla tårene. Miyako Harumi syng den, og ho får fram ei stemning som eg trur me alle kan kjenne oss igjen i. Med eitt – sjølv om eg ikkje skjønner orda – gav songen meining. 

15. mars 2026

To orkesterkonsertar på to dagar






For all del, me spelte ikkje to heilt forskjellige konsertar, det var nemleg det same programmet både i går og i dag. Men me spelte på to heilt forskjellige lokasjonar, og det blei dimed likevel to ulike konsertar. Slike konserthelger er meir utmattande enn ein kanskje skulle tru, men gøy er det jo lell. Gøy er det også å lese alle Poirot sine funderingar og kommentarar i ein ordentleg klassikar (tenk om det enno gjekk an å køyre den originale Orientekspress-ruta). Nok å gjere på jobb med mykje varer som me skulle finne plass til og samstundes prøve å avrunde Mammut-salet. På fredag blei leilegheita vår lagt ut til sals, kjenner det er litt spennande og samtidig veldig greitt. Nett no dett regnet ned ute, eg kjenner dufta av nysteikte brød, og me er klare til å ta fatt på ei ny veke:
 
✦ okei, hugsar det meste av Mord på Orientekspressen, likevel er den kjekk å lese gong etter gong
✦ fleire gode lesestundar i lag med mannen min 
✦ Finding Bear er oppfølgjaren til Den siste isbjørnen, og også denne rørte meg veldig mykje
✦ vårt nye salongteppe, ein fin duk og snøklokker i rullesteinvasen 
✦ ha, ha, må le av desse klippa: "Top 10 Funniest Allo Allo Moments"
✦ filmkveld hos eit venepar med både strikking, litt snacks og prating
✦ og filmen me såg var Train Dreams, for ein stille og sårvakker film! 
✦ vårlege boktips frå Miranda 
✦ regndropar på ein gåsunge 
✦ høg fuglesong dei dagane regnet ikkje har bøtta ned 
✦ litt rart å sjå, men no ligg altså leilegheita ute på finn.no
✦ skal innrømme at det er stas å spele i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus 
✦ kjekt at det kom ein del folk og høyrde på oss i konserthuset i går
✦ snøklokkene i hagen vår, tenk det 
 to ordentlege søtnosar, ein katt og ein liten hund
✦ Zalo blei henta på måndag, men det er alltid artig å ha han på besøk
✦ sultne fiskar sett på tur i nærområdet, småhumra for meg sjølv der eg gjekk 
✦ sollyset på sofaen 
✦ Pavla Kurková lager heilt nydelege keramikkrus
✦ veneparet me såg film hos, har ein pus, og var ordentleg gira på å leike med eit garnnøste 
✦ synest det er gøy å trille pallar av garde med jekketralla på jobb
✦ ei feelgood-bok som i mine auge også går i djupna: Pianisten ved fjellvannet

12. mars 2026

Rett utanfor terrassedøra


Ruskar godt i veggane. Ute både regnar og blåser det ganske heftig no i kveld. Me sit her og går gjennom førehandsvisninga for bustadannonsen for leilegheita vår. Snart er den heilt klar til å seljast. Om berre nokre minutt, tenkjer eg å ta fram ei god bok og slappe av med den. Prøve å stenge ut lyden av vindkasta. Snøklokkene vaiar nok der ute, men det er fint å vite at me faktisk har desse blomane ved hekken i hagen vår. Det aller vakraste vårteiknet berre rett utanfor terrassedøra. 

10. mars 2026

Nytt, mjukt salongteppe


Under spisestovebordet vårt ligg det blålege teppet som me i leilegheita hadde under sofaen og sofabordet. Ein treng kanskje ikkje eit salongteppe under eit spisestovebord, men då me fyrst hadde plassert det der, syntest me det passa veldig bra – det gjer plassen litt lunare. Eit kvitt, loddent teppe frå det norske merket Lambo (finn ikkje så mykje informasjon om merket) har me fått frå mamma og pappa då dei skifta ut salongteppa sine for ei god stund sidan. Det har vore eit teppe me hadde på gjesterommet, og her i nyheimen har me hatt det som salongteppe ved sofaen. Men me kjente begge to at med lys sofa, lyst golv og ein stor, lys vegg, måtte me ha eit teppe som var meir fargerikt. 
 


Tja, det var lettare sagt enn gjort å finne. Me såg litt på Finn og var elles rundt på forskjellige møbelbutikkar, men sukk, i butikkane er det omtrent berre kvite, grå og beige teppe som er å finne for tida. Til slutt drog me til Teppelageret på Mariero, den same butikken kor me tinga det blålege salongteppet for mange år sidan. I motsetnad til då, valde me ull som materiale (det andre teppet er kunststoff), og me enda opp med eit ullkuleteppe frå merket Tisca i ein varm, rustraud farge. Alltid litt vanskeleg å ta bilete som gjengir fargen heilt nøyaktig, men eg håper du likevel får eit visst inntrykk. Om ikkje anna, så er i alle fall me supernøgde, både med fargen, materialet og kvaliteten!

8. mars 2026

Kjelder til begeistring






Kvar sundag seier eg til meg sjølv at eg skal byrje tidleg på sundagslista, men gong på gong blir det likevel ikkje heilt slik. Ja, ja, eg prøver no å vere effektiv når eg fyrst kjem i gong om ikkje anna. Her har det vore ei heilt vanleg veke. Dagane på jobb glir over i kvarandre, den eine er relativt lik den andre, og det går mykje i å prise varer og ekspedere kundar. Litt regn har det vore, men også ein del sol, noko som får meg til å smile både her heime og når eg er ute og går. Leilegheita er styla og fotografen var der på fredag, så no er det ikkje så lenge til før me legg den ut til sals. I går fekk me unnagjort nokre ærend medan det i dag har vore ein innedag, det var vel eigentleg det:
 
✦ boka Kilder til begeistring var ei herleg leseoppleving, og eg klagar aldri på ein lussekatt 
✦ fuglane som song høgt i sky og solstrålane gjennom nokre tre ein tidleg morgon 
✦ lese i lag fleire gongar i løpet av veka 
✦ liten gåtur før jobb i lag med ei god veninne 
✦ du må berre sjå denne dansen med Rose Ayling-Ellis og Giovanni Pernice 
✦ sola som skein inn i gangen vår 
✦ sundagskjensla med kaffi, noko søtt attåt og Miranda Mills si bok 
✦ to små søte elefantar som elskar gjørmebad 
✦ utdrag frå Anne of Green Gables i nemnde bok 
✦ Helge Torvund har sampla tekstar frå Arne Garborg og laga diktsamlinga Der hegre stig
✦ i høve den internasjonale kvinnedagen: sjekk ut alle dei flotte bøkene frå Persephone Books 
✦ notisbøker og pennar med nydelege mønster 
✦ snøklokkene som eg ser overalt no! 
✦ stikke innom bruktbutikken R:Elsk etter å ha vore på gjenvinningsstasjonen på Forus 
✦ Yuumi lager fargerike, stilreine keramikkskåler og -gjenstandar
✦ temaet frå filmen Love Story var på radioen ein morgon 
✦ høyre frå to forskjellige kundar på same dag at det var ein hyggeleg handel
✦ og skuggespel på golvet (er forresten framleis like glad i vår store, knallgule golvlampe) 
✦ rart å sjå leilegheita vår styla i ein heilt annan stil enn det me sjølv ville ha valt 
✦ kanskje eg no må sjå filmatiseringa av The Little Prince 
✦ bra orkesterøving på tysdag, berre ei lita veke igjen til konsert 
✦ og sukk, å gjenlese ei av dei vakraste bøkene var både rørande og så himla fint!

7. mars 2026

Skuggar av sola




Skuggespel i heimen fyrst av vintersola og no av vårsola. Det er ikkje det at eg ikkje fann glede i det same i leilegheita, men det er eit eller anna med det å oppdage slike dagar med sol inn i nyheimen. Nye plassar der sola kviler, på ei bokrekkje full av vakre klassikarar, på veggen der plantane får skine eller på trefiguren som står på eit skap. Trass ein kald vinter, hadde me fleire dagar der sola titta inn i huset, og det same med denne fyrste vårveka. Sollyset er hjarteleg velkommen kva dag som helst.

5. mars 2026

Le Petit Prince



"It is such a secret place, the land of tears." Eller i ei anna omsetting: "The land of tears is so mysterious." Orda til Antoine de Saint-Exupéry rører noko ved meg, og The Little Prince er ei av dei få bøkene eg har fleire enn ei utgåve av (viss du lurer, så er dei andre Anne of Green Gables  og The Secret Garden). Utgåvene er ikkje berre ulike på omslaget, dei er også omsett av to ulike personar, og det er interessant å lese favorittsitata med forskjellige ord og vendingar. The Little Prince er i mine auge ei av dei aller vakraste bøkene, tårene kjem kvar gong når eg nærmar meg slutten av boka. Måten kortromanen tar opp tema som tap, einsemd, venskap og kjærleik er universell, den snakkar til alle på tvers av alder og landegrenser, og den skildrar korleis det er å leve på ein måte som får oss til å tenkje lenge etter at forteljinga er ferdig. Etter bibelen, er The Little Prince, eller Le Petit Prince på originalspråket, verdas mest omsette bok, noko den verkeleg fortener!
 
"The most beautiful things in the world cannot be seen or touched, they are felt with the heart."
 
"It's all a great mystery...Look up at the sky and you'll see how everything changes." 
 
"’The stars mean different things to different people. For some they are nothing more than twinkling lights in the sky. For travellers they are guides. For scholars they are food for thought. For my businessman they are wealth. But for everyone the stars are silent. Except from now on just for you...’
’What do you mean?’
’When you look up at the sky at night, since I shall be living on one of them and laughing on one of them, for you it will be as if all the stars were laughing. You and only you will have stars that can laugh!’"
 
"’And when you are comforted (time soothes all sorrows) you will be happy to have known me. You will always be my friend. You will want to laugh with me. And from time to time you will open your window, just for the pleasure of it… And your friends will be astonished to see you laughing whilst gazing at the sky. And so you will say to them, “Yes, stars always make me laugh."’" 

3. mars 2026

1. mars ved Siffen



Heldigvis skuffar dei aldri, dei vakre snøklokkene som kvart år dukkar opp ved SIF-stadioen, ofte berre kalla "Siffen". På sundag var me innom leilegheita for å måle ferdig, vaske og rydde, og med den sola som var ute, kjente eg at eg ville gå heim. I vårt nye nærområde har eg no byrja å sjå snøklokkene, men det tar alltid litt tid å speide ut desse blomane når ein har flytta til ein ny plass. Difor var det litt ekstra stas å gå forbi stadionen og sjå kvite, vakre blomar fleire stadar på plenen som ligg rett ved. Og tenk, sundag var 1. mars og årets fyrste vårdag, kor herleg er ikkje det?!

1. mars 2026

Dæsj av måling i ein slags vinterferie






Så her me her igjen. Ny sundag = ny sundagsliste. Men ikkje berre det. Kalenderen viser ein ny månad, ei ny årstid. Februar har vore mange magiske soloppgangar, men også snø og kalde dagar, og det gjer godt å kjenne at det er varmare ute, høyre fuglane syngje endå høgare og endeleg få sjå fleire snøklokker som poppar opp når eg er ute og går. Både lange og korte dagar på jobb, altså kjensla av kor seint eller raskt dei går, det er jo nøyaktig same antal timar om det ikkje var klart. Om ikkje anna, finn eg alltid eit boktips eller fem. Mannen min har hatt vinterferie (han jobbar jo på ein vidaregåande skule), og han har verkeleg stått på med å måle og ordne leilegheita, for no er det ikkje så mykje som står igjen før me legg den ut for sal. Me har ikkje stressa med det, heller tatt ting steg for steg, men det skal bli greitt å ikkje sitje på den så veldig mykje lenger. Sjølv har eg vore med eit par timar innimellom, og me har også fått hjelp av familien. Seks februardagar og ein i mars:
 
✦ Colgan sine bøker er heilt grei feelgood, og nyleg las eg hennar nyaste bok Husrom og hjerterom
✦ og så las eg The Long Game, bok nr. to med Shane og Ilya i spissen frå Reids skeive hockeyserie
✦ fyrst og fremst mannen min som har jobba, menno byrjar leilegheita å bli klar for sal 
✦ sukk, snøklokkene!
✦ Fred Astaire, altså – kjempegøy å sjå han danse og spele trommerA Damsel in Distress frå 1937 
✦ måtte smile av klistremerket på skiltet, vanskeleg å lese, men det stod altså "Gjør deg selv stolt"
✦ kaffi, kanelsnurr og bok etter måling og vasking 
✦ alle dei vakre soloppgangane i februar, men også vakre solnedgangar 
✦ høg fuglesong 
✦ stas når den offisielle Agatha Christie-kontoen deler mitt bokbilete
✦ hint av blå himmel etter ein dag med mykje regn 
✦ skuggespel i stova er alltid like fint 
✦ kanskje ikkje sjølvaste sola, men likevel ein slags sol sett på eit gjerde 
✦ "Top 20 Best Whose Line Is It Anyway Moments" – så mange morosame augeblink!
✦ regnvêr der eg traska heim, solnedgang i det fjerne
✦ vakre klassikarar på eit lite bord
✦ gå heim mellom leilegheita og nyhuset to gongar, godt å bevege meg
✦ høyre på musikalmusikk medan eg måla
✦ smiler alltid breitt når eg ser ein liten video der kattar og hundar går i lag 
✦ litt lesing i tåka på veg til jobb i går
✦ prate mykje med ein kollega og finne ut at me har ein god del felles interessar og opplevingar 
✦ interessant lesing frå og om Cuba: Korkøya av Roxana Sobrino Triana