29. juni 2025

Sundagssommarpunkt






Nestsiste dagen av juni er så å seie over, den fyrste sommarmånaden er snart slutt. Skjønner aldri det der med at sommaren går så himla fort. Jobbdagane har gått litt i kvarandre, og også denne laurdagen jobba eg. To forfattara har vore innom for å signere bøker, elles det vanlege med setje på plass bøker og ekspedere kundar. I går kveld var me heime på Sola der me feira broremann og prata med slekt som me ikkje ser så ofte. Me sat ute ganske lenge, for det var ein ekte sommarkveld. I dag har det derimot vore både vind og litt regn, men det gjorde likevel godt å sykle oss ein liten runde på nye vegar i nærområdet. Snart er me vel på veg til senga, så no gjeld det berre å runde av:
 
klassikaren The Tenant of Wildfell Hall av Anne Brontë, eg koste meg med kvart kapittel
sykle ein liten runde på nye delar av sykkelstamvegen
som ein grøftekantsbukett
ser du den søte pusen i graset?! 
fleire kjekke sommarboktips frå Miranda
asfaltfint, rosa versjon 
prate med ein kunde om dataspelet Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen
få på plass meir når det gjeld ferieturen vår
blomstrete sykkelveske
Emma Hambergs Kjærlighetens idioter var ei herleg og underfundig leseoppleving 
"Top 10 Musical Soundtrack With Absolutely NO SKIPS" – her er Rent og The Sound of Music
strikke nokre omgangar om kveldane
bokhylledioramaet
tihi, denne mini-mini hunden er ganske tøff som helsar på ein mykje større hund
eg veit ikkje kva det er, men skuggespel, endå ein gong på kjøkkenet, får meg til å smile
kollega som kom innom med ein kaffi
kule bokstøtte
må småhumre av Pudding som til slutt blir lei av halen til Onyx ;)
spele "Kubb" etter pizza og kake i går, sukk, slike sommarkveldar
bursdagskake på Sola
Kitt og Evie i York, eg likte godt Liket i bokhandelen, bok nr. to i denne kosekrimserien

26. juni 2025

Miniatyrbutikk





Til jul fekk eg eit lite byggesett av mamma og pappa, ein liten musikkbutikk med ørsmå detaljar. Som eit diorama. Og dette er putlearbeid, ikkje på ein negativ måte, men meir at det er så smått, så smått. Det tar tid å dytte ut alle delane, lime dei saman med pinsett, vere så nøyaktige som me berre kan. Me gjer det nemleg i lag, han fine og eg, og har komme litt vidare etter at eg tok desse bileta for ei lita stund sidan. Ein ypperleg avslappa aktivitet utpå kvelden når me berre vil koble av.

24. juni 2025

For tiande året på rad





Eller, det kjem jo an på korleis ein reknar, for tar ein med sjølve bryllaupsfesten, er det i år den ellevte gongen på rad at me et middag på Kronen Gaard på denne tida av året. Men du skjønner kva eg meiner: det er vår tiande bryllauspdagsfeiring. På sundag drog me ut i lag med mamma, pappa og broremann, og sjølv om me måtte vente litt – det var ein god del gjestar der samstundes med oss – var maten veldig god. Eg hadde squashsuppe til forrett, kveite til middag og som vanleg den alltid ypperlege sjokoladefondanten til dessert. I glasa hadde me eple- og rabarbrajuice frå Randaberg.
 





Historisk sus i veggane, med alle dei gamle tinga, tapetet og blondegardinene, eg tar meg alltid litt ekstra tid i den atmosfæren før køyrer heim. Og så klart blei det eit par bilete under bjørka, ingen tur utan. Knipsa både seriøse bilete og eit par "løgne" bilete som me seier her i Stavanger. Førre gong eg brukte denne limegrøne kjolen, sykla eg og fekk den inn i sykkelkjeda. Det gjekk jo som det måtte: den fekk ei rivne og fyrst no nyleg, etter nærmare to år, har eg fiksa den såpass at eg føler eg kan bruke den. Synest kombinasjonen med mine kongeblå sko, som eg kjøpte til nettopp bryllaupet, er ganske så kul. Og trass ein del vind, passa det bra å ha på meg ein slik lett og fin sommarkjole.

22. juni 2025

Møte- og bursdagskake i ei og same vending






Mannen min hadde bursdag på onsdag, til og med rund dag. Så klart jobba eg kveld, og det blei dimed inga stor feiring. Om ikkje anna så hadde me ein roleg start på dagen i lag der han fekk eit par gåver, og så var me på Kronen Gaard i kveld i lag med mamma, pappa og broremann der me både feira bryllaupsdagen og bursdagen litt på etterskot. Forkjølinga er heldigvis mykje betre, men ei snørrete nase har eg enno. Godt å gå til jobb to av dagane og sykle ein annan dag, fleire av kundane har takka for god service (eg tar med meg alt eg kan av slike opplevingar, for det er nok av dei kjipe også), litt meir ferieplanlegging og dei andre tinga kan du lese i ei liste, som vanleg:
 
pingvinbøker, altså, og eg fall verkeleg for Juan Salvador i Min venn pingvinen av Tom Michell
musikalspørsmål i Dag og Tid-quizen :)
surdeigspizza etter laurdagsvakt
Jeg savner å føle at noe ikke skal ta slutt av Ingrid Lensol var eit lita perle av ei bok
berre ein lyseblå himmel
prideutstilling i butikkvindauget til Outland
asfaltfint med eit blomeblad
Fargegaten midt i sentrum, alltid eit herleg syn
for ei bra og rørande episode, den aller siste, av There She Goes
og artig at ho eine karakteren i serien skulle på tubaøving  
lage kake til kasserarmøtet på tysdag, og ete restar då mannen min hadde bursdag dagen etterpå ;)
høyre "One Night in Bangkok" på veg til jobben i går
søte origamifigurar på det lille teiknebordet i butikken
blomane på veg til jobb no om dagane
"Styrte sakte", altså "Falling Slowly" i nynorsk versjon, er nydeleg og rørande
skuggespel
knallgod sjokoladefondant på Kronen Gaard
tjue år sidan Pride and Prejudice-filmen, og her prater to av hovudrollene om innspelinga
og det blir alltid eit par artige bilete under den store bjørka
sjå ferdig Terminator 2: Judgement Day som eg likte mykje betre enn eg hadde trudd 
strikke ein god del
er inne i ein kosekrimperiode, og Mysteriet på Capri var akkurat passe herleg lesing

19. juni 2025

Asfaltfint



Tre asfaltbilete rett frå mobilkameraet. For eg traska til seinvakta på jobb i går og fekk auge på både det eine og det andre på asfalten. Blometrykk, ei glatt fjør og eit haustaktig blad. Asfaltfint

17. juni 2025

I ein bøkeskog





Ute på Jeløya i Moss, blei det på byrjinga av 1800-talet planta eit parkanlegg full av bøketre. For halvanna veke sidan, drog me ut dit med svogeren og svigerinna vår, altså dei me budde hos då me var der d en musikalhelga. Såg nydelege liljekonvallar og blålilla Veronica chamaedrys (tveskjeggveronika) nede på bakken, og superhøge tre med små, grøne blad langt der oppe. Gjekk ikkje så langt, likevel hadde me ein liten pause ved sjøen der svanane svømte forbi. Kjente det var godt å bevege på oss den laurdagen etter ein heil fredag på toget. I kveld blir det ikkje orkesterøving – me er ferdige for sommaren – men det blir noko orkestergreier likevel sidan eg skal ha møte med styreleiar og den nye kasseraren. Så håper eg me kjem oss gjennom alt på agendaen.

15. juni 2025

Sommarkonsert med orkesteret i ei bokhaugveke






Når ein har fri i starten av ei veke, blir den veka med eitt litt annleis, for ein har plusteleg sundagskjensla på ein måndag. Og det var jo tilfellet no sidan måndagen var andre pinsedag. Veldig kjekt å spele konsert med orkesteret på tysdag! Konserten var eit samarbeid mellom oss og dirigentstudiet ved UiS, og det var artig å ha med oss seks dirigentstudentar som alle skulle dirigere kvart sitt stykke. I tillegg kom det mange for å høyre på, noko som alltid er stas. Greie nok dagar på jobb, men eg har i helga vore forkjøla. Isj, aldri kjekt når formen ikkje er på topp. Var no ute på ein liten handletur i sentrum i går, elles har det blitt lesing og husarbeid her heime. Og også dette:
 
trur Christie-boka Morder i huset må vere ei av hennar beste
flott solnedgang på veg heim etter orkesterkonserten
balkonglesing
sykle til sentrum i finvêret i går for å få unnagjort eit par ærend
endå ein ny song frå The Swell Season: "Great Weight"
tilbakeblikk på Freias regnbogefarga skilt i Oslo førre helg
skuggespel på kjøkkenet
ja, takk til fleire slike fargerike benkar
å, så glad for at det kjem ei femte bok i The Thursday Murder Club-serien av Richard Osman!
grøne tre og lange skuggar ved Mosvatnet då eg sykla der fredagsmorgon 
prate med to kundar, på same dag, om Anne of Green Gables og Prince Edward Island
laurdagstaco på ein sundag
likte godt å lese Emily Henrys nyaste bok, The Great Big Beautiful Life
tihi, ein mykje større hund blir sjalu på all merksemda dei små pusane får 
spele konsert med orkesteret
fiolette syrinar
høyre "I Know Him So Well" frå Chess på radioen
sommarleg mønster på små toalettvesker
finne fram skeive bøker og pynte eit bord på jobb med regnbogefargar 
Mirandas nyaste vlog med bokprat og flotte blomar
både fredag og i dag: småforkjøla, men heldigvis mange bøker å velje mellom
Anton Chekhovs novellesamling About Love har karakterar ein ikkje gløymer med det fyrse

13. juni 2025

Frå stova nett no


Halsen er småvond, energien er låg og eg kjenner det er godt med helg. I sofaen ligg det fem bøker, på bordet ligg lesebrettet der eg er i gong med i alle fall ei bok, eg veit nesten ikkje kor eg skal starte. Så mange bøker, så lite tid. Som vanleg, tihi! Men heller for mange å velje mellom enn for få. Sola laga skuggespel i taket rett før klokka ni kveld. Eg smiler, tenk at det no er sommar og lyse kveldar.

11. juni 2025

Favorittmusikal på nynorsk




Tihi, dessert før middag ;) Då me kom til Oslo på fredag, sette me frå oss i bagasjen i ein oppbevaringsboks på Oslo S og gjekk litt i gatene. Fann mellom anna ein Norli-butikk (han måtte ha ei bok til togturen heim) og me delte ein knallgod gelato frå Paradis gelateria. Skyene over Stortinget byrja å bli mørkare og mørkare, og det byrja å regne medan me sat på Casa Pisano for å ete middag. 
 



Middagen var veldig god, og etterpå var det tid for musikal. Medan folk flest såg fotballkampen mellom Noreg og Italia denne kvelden, koste me oss med Once på Det Norske Teatret. Indiefilmen frå 2007 med Glen Hansard og Markéta Irglová er ein av dei aller finaste filmane, og det er også den filmen songen "Falling Slowly" kjem frå (Hansard og Irglová vann Oscar for beste originale song året etterpå). Eg har høyrt mykje på dei begge to, og i juli kjem dei jo som nemnt med eit nytt album som The Swell Season, som eg gleder meg! Men no er det altså Once det handlar om, filmen som blei musikal i 2011 og som me såg på Broadway i 2014. Før forestillinga byrja, spelte nokre av musikarane i foajéen og sidan på scena før det blei mørkt i salen og det heile starta.




Utruleg flott å oppleve ein av mine favorittmusikalar live, og attpåtil på nynorsk! Eg syntest den minimalistiske scenografien fungerte veldig bra, musikarane var dyktige (dei spelte på scena og ikkje nede i grava, og var dimed med som ein del av skodespelarane) og hovudrollene passa ypperleg som karakterane ho og han. Tårene rann fleire gongar, ikkje minst når dei song og spelte "Styrte sakte". No er det lagt ut fleire forestillingar til hausten, og eg anbefaler varmt å få med seg denne musikalen! Etter forestillinga, tok me toget til Ski og buss til Langhus. Ute bøtta det ned, sånn verkeleg bøtta ned. Me traska frå busshaldeplassen og heim til svogerfamilien, og det var litt ekstra godt å komme inn, ta av oss regntøyet og helse på dei som var heime, mellom anna pusen Mika. Ho låg på senga og ville gjerne bli klappa ei lita stund før me til slutt sa "god natt" og sovna.