30. apr. 2025

Raudstrupe på kjøkkenet


Raudstrupen er kanskje ikkje ekte, men fin er den likevel. Eg kjøpte den på Varatun julemarknad i fjor av Tove Helen Barstad (Boblende art). Raudstrupen er jo ein av dei aller vakraste fuglane (The Secret Garden), og fargane passar perfekt på kjøkkenet vårt, den lyser opp kva dag som helst.

Små aprilglimt


Midt i arbeidsveka, onsdag den trettiande april. Endå ein vårmånad er over, i morgon er ein ny i gong. April med blomar på trea, fuglekvitter, bursdagsblomar i heimen, ei lita fjør i graset, lesing ute, humlar som suser og gjæser som pratar. Små glimt frå april, fleire av dei langs min jobbveg.

28. apr. 2025

Universitetsblomstring




Snøklokkene er det vakraste vårteiknet, men blomane på trea er ein god nummer to. Kanskje delt fyrsteplass, faktisk. Og slik ser det ut i nærområdet akkurat no. Ved universitetet fann eg tre der blomane er kvite med eit ørlite hint av rosa og ein ekte vårrosa allé. Når ein berre tar seg tid til å sjå.

27. apr. 2025

Hundre år gammal klassikar






Ofte tar det litt tid å komme i gong med kvardagen etter ein ferie, og det var det også denne gongen. Eg hadde jo faktisk fri i ei veke før det var på'an igjen. Men det er no slik det er. Fleire kundar som takkar for god hjelp og som stoppar opp og prater litt om kjekke bøker eller strikkagenserar, løftar det heile eit hakk og to. To av dagane gjekk eg til jobb i strålande vêr, og sjølv om det ikkje er meir enn ein dryg halvtime å gå, er det noko som gir meg både glede og energi. Han der fine måtte jobbe ein del i helga, så me har ikkje hatt nokre store planar, men eg har i alle fall lese ganske mykje og fått unnagjort orkesterets rekneskap (årsmøte på tysdag). Og no tenkjer eg at eg rundar av for i kveld:

Den store Gatsby er hundre år i år, og det var ein fryd å lese Nils H. Smiths nynorske omsetting
mykje strikketid
blomar på trea 
det har vore gøy å følgje med på Travels with Agatha with David Suchet
og like kjekt å lese dette bokbrevet om nettopp Agatha Christie (med helsing frå sjølvaste Suchet)
engkarse 
prate om And Then There Were None med ein kunde som skulle kjøpe den
grøne tre mot ein lyseblå himmel
morgonsola på kjøkkenet
ein artikkel om årets fyrste jordbær på Sola, og det er stilig at veninna mi er sitert
lukta av heimebibliotek på Universitetet i Stavanger ;)
innimellom les eg bøker eg ikkje synest er bra, og The Teacher av Freida McFadden var ei slik bok
stort smil på jobb med ein heimestrikka favorittgenser
treffe på ein ordentleg pelsete katt på veg til jobb, og den var veldig interessert i å helse på meg :)
gå heim frå universitetet i dag, høyre trea knirke og fuglane syngje
alltid kjekt å ha på meg min svarte retrokjole, kjøpt i Canada, og ei sennepsgul strømpebukse
måtte jo finne fram fleire gode bøker på jobb på onsdag sidan det var verdas bokdag 
sjå ferdig Nedgravde hemmeligheter på NRK Nett-TV
kraftfull versjon av Snow Patrols "Run"
balkonglesing ei god stund i går
og lese på veg til jobb både onsdag og fredag
Bladlus av Mats Michael Sandstad var ei litt underfundig og annleis leseoppleving

24. apr. 2025

Hyttehygge




Så klart var Zalo med opp til hytta i påska, for ein sosial type er han. På hans premiss, altså ;) Det er stadig like artig når han får sitje på hovudet til pappa og kanskje særskilt når han sit klar oppå buret for å få frukost (og så er han heilt utruleg dyktig til å rydde opp etter seg, sjå videoen).
 




Lesing fekk eg tid til – hadde jo med meg fleire bøker i sekken – og eg kan ikkje klage på å starte morgonane med kaffikopp og boka i fanget medan solstrålane titta inn. Me måtte høyre litt på Påskelabyrinten sjølv om det ikkje er det same utan Viggo Valle. Bittelitt lesing ute på terrassen (joda, det var ein god del sol, men det kom også det eit par vindkast innimellom), og "Ninusspelet" blei ein stor hit. Mamma hadde sydd erteposar og i lag med pappa hadde ho laga ei treplate med hol i som ein skulle treffe med erteposane. Det var ikkje berre berre å treffe hola skal eg seie deg!




Pizzaomnen var i bruk på fredagen, og det passa bra sidan mamma hadde bursdag! Me feira med flagg, song, gåver, pizza (og den var knallgod) og bolle med bursdagslys på, tihi! Om kveldane spelte me litt "Hitster", men den største hiten (tok du 'an?) var "UNO Flip". Bra dagar med godgjengen!

22. apr. 2025

Ut på tur med Safari på lur






Ikkje berre berre å gå tur ved hytta vår, for terrenget er nokså ulendt sjølv om det er fleire stiar å følgje. Men det gjorde godt å komme oss ut på ein liten tur. Vatnet var blikkstille, temperaturen var akkurat passe vårleg, lyden av ein bekk som rann, me gjekk og traska, han der fine og eg. Safarikjeks var med, og me fann ein liten topp der me tok ein pause og eit par kjeks kvar. På veg heim høyrde me ein raudstrupe syngje høgt i toppen av eit tre, ein fining rett og slett. Å, for ein god påsketur!

21. apr. 2025

Påskepynta hytte





Påskepynta hytte. Små egg av glas, endå mindre gule kyllingar som stod oppå nokre bileterammer, gule lys, påskeegg og kvite, tova påskefigurar i vindauget. Og så klart: ingen påske utan krim! I år blei det ei ny krimbok for min del sidan eg nyleg hadde lese ei Christie-bok. Men eg måtte jo likevel opp på hemsen for å ta ein titt på dei Christie-bøkene som står der (og ei Morse-bok av Colin Dexter). Tenkjer forresten at det blir litt krimlesing her i heimen i løpet av denne siste påskedagen.

20. apr. 2025

Heime etter årets hyttepåske






I fem-tida i dag kom me heim til leilegheita etter å ha vore på hytta sidan onsdag. Det er rart med det, slike feriedagar går alltid litt for fort, men eg skal innrømme at det blir godt å sove i vår eiga seng igjen ;) Var på jobb på måndag, og sidan fri. Onsdagsmorgon var me hos eit venepar på påskefrukost, quiz og mykje prat, rett og slett ein superkoseleg start på dagen og på sjølve påska. Me drog opp til Moslivatnet utpå dagen på onsdag, og broremann var også med. Mamma og pappa var der frå før, og dagane har gått med til å lese, strikke, gå tur, spele spel, lage (og ete) god mat og prøve å senke skuldrene. Vêret var stort sett veldig bra, me kunne til og med sitje ute og lese, så trur ikkje me kan klage. Tanta mi og kjærasten hennar var også på hytta eit par dagar, og så klart var Zalo med, heilt i hundre. Tjo og hei, sundagslista denne veka er full av påske ditt og påske datt, tihi:
 
påskequiz, Kvikk Lunsj og strikketøy
spele både "Hitster" og "UNO Flip" om kveldane
lese eit par sider då eg gjekk til jobb på måndag
lage kanelsnurrar av surdeig
og ta dei med på påskefrukost hos eit venepar (veldig god smak, og det var kjekt med quiz)
søtaste Olive får vere med ut på tur
påskepynt i hyttevindauga
nam, det smakte godt med pizza steikt i pizzaomnen
kanskje litt forutsigbar, men Dit elven fører deg var likevel ei fin bok
boka Gater jeg har levd av Nikolai Torgersen er ei tøff og samstundes veldig bra bok, anbefalast!
så mange flotte mønster på gåveposane me har på jobb
fleire koppar kaffi, høyre litt på Påskelabyrinten, lese inne og sidan lese ute på terrassen
å, ein liten søtnos som "lager kjeks" på ein mykje større søtnos
gåtur i ulendt terreng
feire mammas bursdag med både song, bollar og gåver
Zalo var verkeleg i siget
artig å spele "Ninusspelet" ute på terrassen
rosa himmel fleire av påskedagane
tente stearinlys på bordet, akkurat slik det skal vere på hytta
sjå ferdig Mysteria i Brokenwood
gjensyn med Jane Austen's House i denne vloggen frå Miranda
og apropos Austen: i år er det 250 år sidan ho blei født, og det var kjekt å lese klassikaren Emma

17. apr. 2025

Jernaldergarden full av søtnosar



Altså, så kor søte og fine dei er, både små og store! Ved jernaldergarden på Ullandhaug er det no komme mange nusselege lam, og her om dagen var me ein tur oppom for å sjå på dei. Ein skal halde minst femten meter avstand, men to av dei bestemte seg for å komme nærmare oss, nesten som for å helse på. Lammet var litt ekstra skjønt der den stod og poserte for oss med kvitt parti på hovudet.
 



Nokre av lamma låg i graset og berre slappa av, andre åt og så klart var det nokre som hoppa og dansa rundt. Ordentlege søtnosar berre ein liten svipptur frå heimen vår. Nett no er det påske og ei lita ferie. Eg satsar på lesing, strikking og ein haug med quiz. God påske, du som les dette!

16. apr. 2025

Kafé i eit drivhus





Laurdagslunsjen tok me her: Drivhuset bageri og gårdsutsalg. For ein nydeleg plass! Kanskje litt stiv pris på helgebufféen, men maten var knallgod, det var mykje å velje mellom og me opplevde ein ypperleg service. Diggar bruken av gammalt servise, og dei grøne vassglas skein litt ekstra i sollyset. Noko godt til kaffien blei det også. Me prata og slappa av der ei lita stund etter maten før det etter kvart var på tide å setje nasen heimover. Takk for kjekke timar i lag med dykk begge to!