4. juli 2024

Jærsk keramikk






Langs den jærske kysten med bil, kan ein plutseleg få auge på sjølvaste Keramikken. Så klart måtte me jo stoppe der då me var ute og køyrde ytrevegen for et par månadar sidan. Inne i bygget, var det både skåler og krus, keramikklokker og anna kunst, det aller mest av Odd Sama, men også av Kirsti Prøis. Diggar akvarelleffekten på fleire av krusa og dei små muggene, og eg fann til slutt ei lita mugge som er perfekt når ein skal servere vaniljesaus eller liknande. Ordentleg vårleg og litt sommarleg med små penselstrekar i oransje og grøne nyansar, og me har allereie tatt den i bruk.

2. juli 2024

Reianes rundt




Visste du at Stavanger er den kommunen i landet med flest sauar? For då Rennesøy og Finnøy blei ein del av Stavanger kommune i 2020, var det også mange sauar som bytta kommune, tihi, ein litt artig tanke! På sundag var mannen min, broremann og eg på tur ute på Rennesøy. Me køyrde nesten heilt til Mortavika, sette bilen på ein parkeringsplass og gjekk Reianes rundt. Å, alle sauane me trefte på, kule er dei, og som eg ofte pleier å skrive: "Sauer er ålreite dyr". Dei tre som stod og titta på oss på lang avstand, lurer på kva dei tenkte på då dei såg oss gå der i vår eiga lille turverd





 

Før me køyrde, hadde min betre halvdel bakt scones. I løpet av turen, blei det ein liten rast, og sconesane smakte heilt ypperleg med marmelade på. Så klart fekk me i oss litt kaffi ved sidan av maten medan me sat på kvart vårt finfine sitjeunderlag. Å sjå ut mot havet, pust, bris, pust.
 

Blåklokker og vassliljer, mosen på steingardane, dei raude T-ane som viste veg. Sjølv om me gjekk ute ved kysten, var det innimellom litt kupert i tillegg til at det var vått, så eg var glad me hadde gode sko. Vêret var heilt etter vår smak – verken for varmt eller for kaldt –  og det var berre heilt herleg å gå ein ordentleg sundagstur. Blir så glad og kjenner batteriet blir fullt, frisk luft i fine omgjevnadar.