2. mai 2024

Søtnosane på Ullandhaug




Søtnosar både ved universitetet og jernaldergarden. Dei er ikkje enkle å ta bilete av der dei hoppar og sprettar av garde, det må eg seie, men eg prøver likevel. For lamma får meg til å smile, og det er like kjekt kvart år å ta oss ein tur opp til Ullandhaug for å leite etter dei små ulldottane.
 


Særskilt søte var lamma ved jernaldergarden, trur ikkje dei var så mange dagar gamle. Me prøvde så klart å ikkje gå for nær dei, og dei fleste av bileta har eg skore til. Å, dei svarte med kvit flekk på hovuda, rett og slett sukkersøte. Og så trioen som berre låg i graset og slappa av, så små og skjønne.

30. apr. 2024

Ei av dei vakraste bøkene 🌸♥🌸





I mars var det The Secret Garden av Frances Hodgson Burnett, i april var det Anne of Green Gables av L. M. Montgomery som var månadens bok i The Comfort Book Club. Er så gøy å lese bøkene Miranda plukkar ut, og akkurat denne boka er blitt ein av mine favorittar. Eg las den fyrste gong på norsk for dryge sju år sidan, og etterpå har eg lese den to gongar til på engelsk. Mai er snart her, og det er også seks år sidan me var i Canada, seks år sidan me var ute på finaste Prince Edward Island og besøkte mellom anna Green Gables. Seks år sidan øya stal ein liten bit av hjartet mitt. Med ei utgåve av boka så fin som den frå Folio Society, berre måtte eg ut og ta nokre bilete under dei blomande trea. Tihi, viss du lurer, så er ikkje kjolen kjøpt berre for å ta bilete av boka – det er ein kjole eg faktisk har i skapet, og den passa jo perfekt sidan også Anne har ein slik gul kjole på bokomslaget. Sidetala som sitata under refererer til, er alle henta frå nettopp denne utgava av boka.

«[…]"Oh, there are a lot more cherry-trees all in bloom! This Island is the bloomiest place. I just love it already, and I'm so glad I'm going to live here. I've always heard that Prince Edward Island was the prettiest place in the world, and I used to imagine I was living here, but I never really expected I would. It's delightful when your imaginations come true, isn't it?[…]» (s. 13)

«"Well, that is one of the things to find out sometime. Isn't it splendid to think of all the things there are to find out about? It just makes me feel glad to be alive – it’s such an interesting world. It wouldn't be half so interesting if we know all about everything, would it? There'd be no scope for imagination then, would there? […]"» (s. 13)




«October was a beautiful month at Green Gables, when the birches in the hollow turned as golden as sunshine and the maples behind the orchard were royal crimson and the wild cherry trees along the lane put on the loveliest shades of dark red and bronzy green, while the fields sunned themselves in aftermaths. Anne reveled in the world of color about her.
"Oh, Marilla," she exclaimed one Saturday morning, coming dancing in with her arms full of gorgeous boughs" 'I'm so glad I live in a world where there are Octobers. It would be terrible if we just skipped from September to November, wouldn't it? Look at these maple branches. Don't they give you a thrill – several thrills? I'm going to decorate my room with them."» (s. 103)

«"Marilla, isn't it nice to think that tomorrow is a new day with no mistakes in it yet?"» (s. 153)
 
«There was a freshness in the air as of a wind that had blown over honey-sweet fields of clover. Home lights twinkled out here and there among the homestead trees. Beyond lay the sea, misty and purple, with its haunting, unceasing murmur. The west was a glory of soft mingled hues, and the pond reflected them all in still softer shadings. The beauty of it all thrilled Anne's heart, and she gratefully opened the gates of her soul to it.
"Dear old world," she murmured, "you are very lovely, and I am glad to be alive in you."» (s. 265)

Montgomerys skildringar av naturen er slåande vakre, og eg må smile av Annes herlege fantasi og alle hennar tankar og observasjonar. Folio Society-utgåva er illustrert av Anna C. Leplar, og eg blir glad av å sjå den i bokhylla. Eg skal innrømme at eg også har ei pocketutgåve (i same serie som resten av Anne-bøkene mine), ei utgåve frå Collector's Edition-serien frå Wordsworth (har mellom anna Black Beauty og The Railway Children frå den same serien), og for ikkje lenge sidan fann eg den norske utgåva frå 1982. Berre sjå på omslaget: rosa blomar på trea rundt kanten av boka og ein nydeleg illustrasjon av Green Gables-huset. For dette er bokserien i mitt hjarte

28. apr. 2024

Forkjøling, dataspelmusikk og lesehelg








Ikkje så gøy å starte veka med forkjøling og lite ork, for som eg skreiv førre sundag, var eg ikkje god. Heldigvis tok det ikkje altfor mange dagar før sjuka slapp taket. Torsdag 2. mai startar årets store boksal (som ikkje er Mammut), og det har vore mykje å gjere i forkant av salet. Antar det blir endå meir i morgon. Vekas høgdepunkt må nok vere Stavanger symfoniorkesters konsert i dataspelmusikkens verd. Eg er ikkje den som speler noko særskilt med dataspel, men mykje av musikken fungerer som filmmusikk, og det er herleg episk. Dirigent Nils Erik Måseidvåg loste orkesteret gjennom konserten med stødige hender, sopran Kine Sandtrø fekk tårene til å trille og konferansier Guttorm Andreasen kom med mange artige fakta og hadde heile vegen ein raud tråd. Dette var fredagskveld, ein bra start å helga. Elles har helga vore superduperroleg med mykje lesing (lesing = balsam for sjela, alltid). Og lesing blir det nok litt meir av før me sløkkjer lyset. Vil du vite meir om den siste heile veka i april, sett gjennom mine auge, er det berre å fortsetje å lese:

så gøy å lese The Book-Lover's Retreat, ein ekte bokelskars draum
fuglane som syng når eg syklar til og frå jobb
kjempebra dataspillmusikkonsert med Stavanger symfoniorkester i konserthuset
å, så herlege, søte og artige geitekillingane ved Sunflower Farm er, berre sjå her og her!
vite at eg har så mange kjekke og gode bøker som berre ligg og ventar på meg
ny krukke frå Albin Brekke
alt det gamle i antikkbutikken
frå snill, gammal kone til ei ordentleg heks, kult korleis denne forvandlinga frå 1937 er så effektfull
ete på Jordbærpikene før konserten med SSO
materialkontrastar (som eg plutseleg oppdaga ved Stavanger ishall)
Mirandas heilt nydelege The Secret Garden-samling – tenk at det finst så mange utgåver 
kvitveis langs heile Mosvatnet
Alice Winns roman In memoriam er vond og håpefull om skeiv kjærleik og fyrste verdskrigen
sjølv las eg fleire enn 85 bøker i fjor, men likevel kjekk lesing om at me les meir enn for to år sidan
ungdomsorkesteret som speler før oss tysdagskveldane, øvde på temaet frå Cinema Paradiso
ååå, eg får ikkje nok av blomane på trea som er overalt no!-
når boka er finare utan smussomslaget, så for boka av Saint-Exupéry, berre måtte eg ta to bilete  
store og veldig flotte peonar inne hos Et katteliv
boka Er jeg på jorden som de sier? av Marie Næss var tøff lesing, samstundes trur eg den er viktig
laurdagstaco, artig program på skjermen og litt kortspel etterpå
Sand, vind og stjerner av Antoine de Saint-Exupéry, var ei draumande og filosofisk leseoppleving

25. apr. 2024

Sennepsgul krukke til ei lita samling


Like spennande kvar gong, å gå inn i ein brukt- eller antikvitetsbutikk er som entre ei eiga lita verd. Fredtun Antikk-brukt ligg ute på Revheim, berre ein liten køyretur unna. Har køyrt forbi mange gongar, men aldri vore innom. Så då me såg at butikken var open her om dagen, stakk me innom. Så mykje å sjå på, beundre og studere litt ekstra. Og plutseleg var det ein liten gjenstand som fanga blikket mitt: ei slags krukke i kvitt og sennepsgult. Eg løfta på den, og under var den signert Albin Brekke. Brekke var ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. Eg veit eg har vist dei før, men dei er så fine at eg viser dei igjen: eg hadde jo nemleg tre andre små krukker frå same keramikar ståande som pynt i vår kjære heim. No har eg altså fire, ei lita Albin Brekke-samling.

23. apr. 2024

Mosvatnet no i april


Mosvatnet. Delar av vatnet ser eg jo kvar dag når eg syklar eller går til jobb, og generelt har eg gått rundt heile vatnet fleire gongar, anten aleine eller i lag med nokon. For det er jo slik det ofte blir når løypa er lett tilgjengeleg sidan me bur såpass nær. Men det går ikkje an å bli lei å sjå at det blir meir og meir vår langs løypa, år etter år. Var ute og gjekk med ei veninne her om dagen. Praten gjekk i eitt, me stoppa opp og titta på kvitveisen, og ein annan plass titta ei svane opp mellom påskeliljene.




Klagar ikkje på å berre spasere, prate meir, le og mimre. Ikkje berre fugleliv å sjå på, for plutseleg sat det ein fin katt på stien. Den berre sat der og såg ut som om den hadde ein liten tenkepause. Rett ved Gamlingen, måtte me også ta ein liten pause, for det går ikkje an å gå forbi blometre utan å knipse eit bilete eller to. Kvart einaste år blir eg bergteken av dette synet. For saman med snøklokkene, er dette eit syn som ropar "vår, vår, vår". Ser opp mot himmelen, smiler breitt.

21. apr. 2024

Kjip slutt på helga








Halsen er vond og energien er låg, typisk forkjøling. Det byrja i går og forma er litt opp og ned. Kom meg på jobb i går – eg hadde nemleg laurdagsvakt – og håper det heile ikkje varer altfor lenge. Heldigvis har det vore mykje anna bra denne veka, mellom anna spaserturar, lesing kvar dag (hadde jo to dagar fri på rad, og gjett om eg fekk sette av tid til fleire lesestunder), me feira mammas bursdag etter jobb på torsdag og stort sett hatt greie dagar på jobb. Veit du kva?! Eg har sånn sett ikkje noko meir å skrive denne aprilsundagen, og overlet difor resten til ei opprekning:
 
lita, men bra bok: Polakken, den nyaste romanen frå J. M. Coetzee
sjå ferdig Batman frå 1989, herleg med ein superheltfilm som ikkje er så seriøs
den tredje boka om Tally Olivia Adams var like god og rørande som dei to fyrste 
Bami, Dami, Haru, Soni og Yuni, ein kjempesøt gjeng små og store kattar
hundetreffpuslespelet
lamma som ein kan sjå fleire plassar nett no 
og apropos lam: sjekk ut denne nusselege illustrasjonen av Danielle Hooi
Balto var her hos oss eit par timar i går, alltid like koseleg
kjekt å vere med på orkesterøving igjen sidan eg ikkje var med på førre prosjekt
fargerike blomar som eg såg medan eg venta på bussen
å lese boka Ro av Sigri Sandberg var ei fascinerande og avslappande leseoppleving 
etter at eg las The Secret Garden førre månad, freistar det å sjå filmen frå 1993
vente på busshaldeplassen med ei bok i handa og sol i andletet
nyte synet av kveldshimmelen rett ved blokka vår før eg parkerte sykkelen for kvelden
feire bursdagen til mamma med laksemiddag, is til dessert og litt kortspel
"Staged Out of Context" – David Tennant og Michael Sheen er så morosamme i lag
høyre på musikk av Karl Jenkins medan me las i kvar vår bok
gå til jobb på fredag
sukk, blomar på trea er eit like nydeleg syn kvart år!
ingen tur i finvêret i dag (forkjølinga), men kaffi, ei kjekk bok og solskin i heimen lyste opp dagen

18. apr. 2024

Hundetreff


Puslespel, ein ordentleg koseleg aktivitet som ikkje krev noko anna enn ei ryddig flate og litt tid. Det er ei stund sidan sist me pusla saman, men nyleg la me eit puslespel på fem hundre brikker.


Ofte er det tusen brikker i dei puslespela me legg, så fem hundre gjekk relativt fort. Men det var eigentleg litt gøy det også, å sjå at motivet blei meir og meir tydeleg etter kort tid. Puslespelet fekk eg til jul av broremann, og det er eit herleg motiv med mange forskjellige hundar ute på tur i snøvêret.