16. okt. 2026

Glasverk ved Randsfjorden






To gongar tidlegare har me vore innom Hadeland Glassverk, begge gongar om sommaren, begge gongar i det same antrekket og med litt betre tid til å gå rundt på området og sjå på utsillingane. Men eg klagar ikkje på at me tok oss tid til ein liten tur på veg til bursdagsselskap no i haustferien. Å, tenk å ha så mange heilt nydelege glaslamper hengjande i trappeoppgangen! 






Tunet var fullt av haustlege fargar. Inne åt me ein lunsj før me drakk kaffi og delte eit kakestykke, for sjølv om me var på farten, hadde me godt av ein liten pause. Fann nokre gåver, ein haustleg pyntegjenstad til heimen og så var det butikkpusen Pink. Den låg der og sov, men akk, så fin den var! Kunne ha gått rundt i nokre timar til og sett på all glaskunsten, men me kjem nok tilbake.

Legg igjen ein fin tanke