31. juli 2024

Atlas over fjerne øyer og ein gresk soloppgang


Siste julidag for i år. Som vanleg i feriane, har eg lese mykje, og her er to av bøkene eg nyleg har lese ut. Atlas over fjerne øyer av Judith Schalanksy las eg rett før me drog av garde på togtur. Boka var i mine auge poetisk og fascinerande om aude øyer med ein del fakta og ein god dæsj små og store historier. Kvar sommar les eg ei eller to av bøkene til Mandy Baggot, ofte frå finaste Korfu, mellom anna boka One Greek Sunrise. Me møter fotografen Freya som fyk av garde til øya etter eit kjærleiksbrot. På øya er det også filminnspeling med den kjente filmstjerna Nicholas Kaden, noko Freya eigentleg ikkje bryr seg om – du skjønner kanskje kva som kjem til å skje ;) Eg synest ein kan merke at boka er skrive for ei god stund sidan, med ein annan tittel, for eit par av temaa ville ein nok ha skrive om på ein annan måte, likevel slukte eg boka og heia på dei to hovudpersonan. 

Køyretur i ferien




Ein heil dag heime, så var det på farten igjen. Me har framleis ferie, og i går køyrde me frå Stavanger til svigers på Sunnmøre. Vestlandsvegar, vêret var for det meste grått utan regn (me fekk no regn rett før den siste ferja) og eg las mykje. Knipsa likevel eit par bilete av det vestlandske landskapet.



Utanom fire ferjestopp og eit rastestopp ved BakarJon i Byrkjelo, var det lite som skjeddde. Men plutseleg dukka det geiter opp i vegbana. Dei var no litt søte og artige der dei gjekk og tråkka, dei må jo få lov til å flytte på seg dei også. Kanskje var dei på veg til ferie?! ;) Me drog frå Stavanger klokka ti om morgonen, og før klokka var halv ti på kvelden, var me framme hos svigers. I dag har me tatt det ganske med ro, ein tur nedom sentrum blei det tid til, så får me sjå kva me finn på i morgon.

29. juli 2024

Fyrste etappe på årets interrailtur




Rart med det: to veker på farten går veldig fort. Me har nemleg vore på togtur og kom heim utpå kvelden i går. Reiseruta var Stavanger-Oslo-Kiel-Utrecht-London-Alton-Cambridge. Så tok me den same ruta heim, minus Utrecht (altså så direkte som det går an med tog mellom London og Kiel). Bileta er mange, og som vanleg vil det ta tid å gå gjennom dei, men forhåpentleg kjem eg til å leggje dei ut her litt etter litt. Kva var det kjekkaste med årets interrailtur? Oi, det er vanskeleg å velje, men musikalar og litterære stopp er alltid noko eg smiler av ;) Sundag 14. juli gjekk fyrste etappe. Tog frå Stavanger til Kongsberg, buss for tog vidare til Oslo og sidan ei overnatting på Langhus. Toget var forsinka med godt over ein halvtime frå Stavanger og det var litt grått ute, likevel var det ein fin tur lansg togskjenene. Og ei god bok og litt varm kaffi løftar alltid ein grå dag, også på toget.

Refleksjonar i eit blikkstille vatn. Vatnet som rann kvitt i eit stryk, med eit hint av blå himmel. Det var ikkje berre gråvêr, i alle fall ikkje då me kom lengre aust. For å komme oss vidare ned på kontinentet, hadde me tinga lugar på ferja som går mellom Oslo og Kiel. Avgang frå Oslo er kl. 14 dei fleste dagar, og dimed måtte me ha ei overnatting sidan toget ikkje var framme før nærmare halv åtte. Svogerfamilien bur jo på Langhus, berre ein liten togtur frå Oslo S. Denne gongen var det berre ho eldste niesa vår som var heime, men det var uansett koseleg å treffe ho. Tinga enkel mat, slappa av, såg EM-finalen (fotball for menn) og fekk klappe både Mika og Camilla. Ein bra fyrste reisedag!

23. juli 2024

Råtøffe songar


Tidlegare har eg delt songen "Heaven on their Minds" frå 1973-filmen Jesus Christ Superstar der Carl Anderson spelte Judas, i dag er det "Gethsemane" frå same filmen med Ted Neeley i hovudrolla. Og sjølv om det for alltid vil vere konseptalbumet frå 1970 med Murray Head og Ian Gillian i dei to nemnde rollene som er dei eg fyrst og fremst høyrer på, er det heilt rått å høyre Neeley treffe dei høge tonane midtvegs i songen. Her kan du forresten høyre originalversjonen av same songen med Ian Gillian, og så må eg berre lenkje vidare endå ein videosnutt med Neeley: så utruleg tøft at han i fjor, femti år etter at filmen kom ut, framleis trefte dei høge tonane!





Og når me fyrst er i gong: her er to smakebitar frå Scenekvelders versjon av musikalen som skal gå på Folketeateret i haust. Som nemnt, er det mykje som skal til for å toppe originalen, og eg skal også innrømme at rollevalga overraska, men når eg høyrer det dei har lagt ut til no, trur eg dette blir kjempebra! Billettane er tinga for lengst, må berre prøve å ikkje syngje høgt under forestillinga ;)

18. juli 2024

Kvardagsglimt frå denne månaden


Svane i einsam majestet. Gummifikenen i stova vår, ein dag på jobb i kongeblå bluse med små blomar på (eit supert bruktfunn frå i fjor), å finne ei bok av ein bra forfattar rett utanfor jobb og ein fridag då det gjekk an å sitje ute på balkongen med ei bok i fanget og ein liten havrekjeks frå Ryfylke bakeri i handa. Dei der kvardagsgledene, rett og slett små kvardagsglimt frå juli.

16. juli 2024

Tre gode bøker og like gode sitat




Å lese ei Agatha Christie-bok i månaden, eg blir ikkje lei. I juli er det Mannen fra Cape Town, eller taken at the Flood, og Poirot og de små grå er alltid like artige, "Alle var de øyensynlig underlagt denne usannsynlige, vesle mannen med den store mustasjen. De satt der fromt og lydig – […], drapsmannen; hun, hans offer; David, mannen som elsket henne – alle satt med sin kaffekopp og lyttet til denne lille tassen som på en merkelig måte dominerte dem alle sammen." (s. 178).

"Det er lett for de som har mye, de som har starta med åpne dører, å snakke om hvor likt det er i Norge. Men prøv du, og se om du kan skru sammen et kjøkken fra IKEA uten bruksanvisning eller skrutrekker. Om du ikke har riktige verktøy med deg, eller noen som viser deg hvordan, er mye som er lett for noen, umulig for andre." (s. 130)

"Utenforskap, i sine mange former, kokes sjelden ned til én enkelt hendelse. Det som handler om klasse, om sosial status, om systematikken i rasisme og andre former for forskiellsbehandling, er som oftest ikke én situasjon som kan filmes, eller én enkel feil som kan rettes opp i med noen grep. Det som treffer flere og som på forskjellige måter trenger helt inn til beinmargen, som fester seg der så sterkt at det blir del av både identiteten og verdensbildet ditt, som former deler av livet, veivalg og muligheter du har, de skjer gjennom mange små drypp. Grenser som tråkkes over bare litt. Drypp. Hvordan du blir sett på og snakka til. Drypp Gjentagende bekreftelser. Drypp. Igjen og igjen, til dråpene til sammen har borra seg gjennom og lagd sine egne baner. Til det ikke blir én ting eller hendelse som er problemet, som gjor at noen har færre muligheter, ikke slipper inn, lever dårligere og kortere enn andre. Det er hele bildet. Ikke bare hvordan du ser på samfunnet eller hvordan samfunnet ser på deg. Men også hvordan du speiler deg selv i dammen fra alle de små dryppene." (s. 61). Eg har ikkje lese Zeshan Shakars bøker tidlegare eller høyrt på musikken til Don Martin, men eg likte verkeleg å lese om Groruddalen i Kan du høre byen puste ut.
 


Og bøkene til Emily Henry – dei følgjer kanskje alle same oppskrift, likevel synest eg det er noko eige ved dei, og eg likte godt å lese den nyaste, Funny Story, der Daphne og Miles er hovudkarakterane. "Inside, the fluorescent lights take their sweet time flickering on.
I feel a pang of longing, Nostalgia, I guess, for every library I’ve ever loved, and the little girl who dreamed of this: being the first person in and the last out of a building brimming with books. And feeling like it belonged to me in a way, and I to it.
A home, when nowhere else felt right.
Harvey takes a deep breath. 'Don’t you love the way it smells?'
'So, so much,' I say.
'That right there' he says, 'is why I can’t retire. If could live in this feeling, I would.'" (s. 352)

"'How did it start?' he asks. 'The library thing'
I cast my mind back, to before grad school, before undergrad even, all the way to the first moment I remember loving a story. Feeling like I was living it. Being, even as a child, bowled over by how something imaginary could become real, could wring every emotion from me or make me homesick for places I’d never been.
'Narnia,' I tell him.
'Now, that one I’ve heard of,' he says.
'Ever since Mr. Tumnus showed up at that snowy lamppost, this world was never going to quite cut it for me.'
'Who’s Mr. Tumnus?' he asks.
'I thought you’d read it!' I cry.
'No, I’ve heard of it,' he corrects me." (s. 127)

11. juli 2024

Balkongblome




Evigraud valmue. Ved resepsjonen på Kronen Gaard, fekk eg plutseleg auge på ein stor vase full av keramikkblomar, laga av Marit Lura. Me kjøpte ein av dei av raude, og den står no ute på balkongen saman med ein av tomatplantane våre. Ein raud blome som kan stå ute heile året.

9. juli 2024

Zalo er kongen 🦜





Du Zalo, du Zalo. Som kvitrar så fint og lystig, som sit klar oppå buret for å få mat om morgonen – til og med før me har sette oss til rette ved bordet. Tihi, ein kul, liten raring er du.
 


For han har vore på besøk hos oss ei veke, og eg humrar når han kvar morgon kjem ut for å få ein liten bit av det kokte egget. Ein av kveldane sat han på dataen til mannen min, klar til å spele litt han også. Ingen tvil om at han er sjefen og gjer akkurat slik han vil. Men eit sjarmtroll er han likevel ;)

7. juli 2024

Juli er her




Laurdagsvakt på jobben i går, dimed var det godt å ikkje gjere noko særskilt i dag. Og med det gråvêret som har vore ute i løpet av denne sundagen (det verkeleg bøttar ute no), freista det heller ikkje å traske ein tur eller liknande. Sidan eg jobba i går, hadde eg fri i byrjinga av veka. Så kom plutseleg onsdag då eg eigentleg skulle ha jobba kveld, men som blei morgonvakt på kort varsel sidan ein kollega var sjuk. Slik er det jo av og til. Fekk mykje varer som me prisa og prøvde å plassere, dagane har gått ganske fort. Kjekt å vere i lag med ei god veninne på måndag og sidan møte ho på jobb i går. Zalobesøk er alltid like artig, og han har vore her hos oss sidan tysdagskveld. Ein kul, liten raring, tihi. På skjermen no i kveld er det litt Mord og mysterier medan eg skal strikke eit par omgangar. Seier dimed "god kveld" for i dag og deler vekas kjekke ting:
 
Lost for Words av Stephanie Butland blei eg verkeleg dratt inn i – bøker om bøker, altså!
sykle til byen i lag med ei god veninne, ete på kafé og berre la praten gå
traileren til Paddington 3 med mellom anna Olivia Coleman – dette ser gøy ut!
Marie Mesnas Sluke verden hel er ei bok der det heile vegen ligg noko og lurer i bakgrunnen
spele litt "Bezzerwizzer" med broremann i går kveld
klippa litt fort, men likevel veldig bra: songen "Stars" frå Les Misérables sunge av seks Javert
og når me snakkar om musikalar: stas å høyre "Superstar" på radioen ein morgon
gjensyn med kultklassikaren The Commitments, for ein herleg irsk film full av soulsongar
grøftekantsbukettar kva dag som helst :)
får bokbutikkinspo av å sjå desse videoane frå Miranda, så himla mange fine butikkar i London
å lese ut den tredje boka i krimserien om rettsarkeolog Ruth Galloway
to fine bruktfunn som eg fann då eg var i byen med veninna mi måndagsformiddag
tenkjer eg må få til å besøke gjenbruksbutikken Stas og Fjas snart
solnedgangen for to dagar sidan
Zalo er den aller kulaste og gulaste fyren
alltid like søte, dei der kattane med Bami og Damisom dei største sjarmtrolla
lesestund om morgonane før eg skulle av garde til jobb
sykle til jobb utan regn (for det har faktisk regna ein del her denne veka)
"Top 20 Movies EVERYONE Should See at Least Once" – for Singin' in the Rain og Citizen Kane
komme heim til knallgod laurdagspizza etter å ha vore på jobb fram til sju
Et godt liv av den franske forfattaren Virginie Grimaldi var ei fin og rørande bok
tittelmelodien til Mord og mysterier

4. juli 2024

Jærsk keramikk






Langs den jærske kysten med bil, kan ein plutseleg få auge på sjølvaste Keramikken. Så klart måtte me jo stoppe der då me var ute og køyrde ytrevegen for et par månadar sidan. Inne i bygget, var det både skåler og krus, keramikklokker og anna kunst, det aller mest av Odd Sama, men også av Kirsti Prøis. Diggar akvarelleffekten på fleire av krusa og dei små muggene, og eg fann til slutt ei lita mugge som er perfekt når ein skal servere vaniljesaus eller liknande. Ordentleg vårleg og litt sommarleg med små penselstrekar i oransje og grøne nyansar, og me har allereie tatt den i bruk.

2. juli 2024

Reianes rundt




Visste du at Stavanger er den kommunen i landet med flest sauar? For då Rennesøy og Finnøy blei ein del av Stavanger kommune i 2020, var det også mange sauar som bytta kommune, tihi, ein litt artig tanke! På sundag var mannen min, broremann og eg på tur ute på Rennesøy. Me køyrde nesten heilt til Mortavika, sette bilen på ein parkeringsplass og gjekk Reianes rundt. Å, alle sauane me trefte på, kule er dei, og som eg ofte pleier å skrive: "Sauer er ålreite dyr". Dei tre som stod og titta på oss på lang avstand, lurer på kva dei tenkte på då dei såg oss gå der i vår eiga lille turverd





 

Før me køyrde, hadde min betre halvdel bakt scones. I løpet av turen, blei det ein liten rast, og sconesane smakte heilt ypperleg med marmelade på. Så klart fekk me i oss litt kaffi ved sidan av maten medan me sat på kvart vårt finfine sitjeunderlag. Å sjå ut mot havet, pust, bris, pust.
 

Blåklokker og vassliljer, mosen på steingardane, dei raude T-ane som viste veg. Sjølv om me gjekk ute ved kysten, var det innimellom litt kupert i tillegg til at det var vått, så eg var glad me hadde gode sko. Vêret var heilt etter vår smak – verken for varmt eller for kaldt –  og det var berre heilt herleg å gå ein ordentleg sundagstur. Blir så glad og kjenner batteriet blir fullt, frisk luft i fine omgjevnadar.