27. sep. 2024

Cx2 (Chawton og Cambridge)


Chawton, du var ordentleg koseleg. Dei finaste murhusa, eit lite og søtt samfunnshus, flotte hagar i fleng, og før me gjekk tilbake til French Horn, tok me ein kaffitår (og noko attåt) hos Cassandras Cup. Syntest alle dei gamle skålene var stilige som pynt på ein vegg rett utanfor kaféen.
 



Og før me besøkte Jane Austen's House, åt me ein god frukost på French Horn. Kvelden før hadde me tinga frukost, han ein type og ein annan, og me var begge nøgde med maten. Smilte forresten godt av biletet på veggen, for det passa perfekt til tittelen på vertshuset ;) Etter museet og den lille kaffipausen, gjekk me tilbake til French Horn, sjekka ut, tok bussen til stasjonen, og frå Alton stasjon bar det av garde til London. Der var me berre innom for å bytte stasjon, for neste mål var Cambridge. Alltid koseleg med togtur i det engelske landskapet. Ettermiddagen i Cambridge var roleg. Me fann overnattingsplassen som me hadde tinga, slappa litt av og sidan var det ut for å finne eit myntvaskeri. Sat og las medan me venta på at vasken skulle bli ferdig. Nokre av husa me gjekk forbi var ordentlege blikkfang. Ein enkel middag og resten av kvelden las me og tok det heilt med ro.

Honnevje rasteplass, sidan sauar i hopetal på Suleskarvegen






Kvar gong me køyrer via Dalen, må me ta ein liten pause ved Honnevje rasteplass. 2011 er jo ein del år sidan allereie, men då blei faktisk denne rasteplassen kåra til Noregs finaste av NAF. Flotte svaberg, stor og god plass for fleire bilar, høge fjell og blikkstille vatn. Eit obligatorisk stopp.
 



Suleskarvegen tidleg i september. Me kunne sjå haustfargane byrja å poppe fram den sundagen me køyrde heimover etter å ha vore i Lunde i Telemark. Smale og svingete vegar, kupert landskap og ikkje minst sauane. Akkurat denne helga var det sauesanking, men me møtte heldigvis ikkje altfor mange store bilar eller sauar midt i vegen. Tihi, så klart møtte me nokre sauar midt i vegen, ein kjem liksom ikkje unna det ;) Alt i alt ein flott biltur med både bokby, musikal og alpakkaar.

26. sep. 2024

Janes soverom og ein blomande hage



I andre etasje i Austen-huset, finn ein Janes soverom. Eit enkelt og samstundes fint rom med peis og innebygde hyller. Ved senga stod eit bord der ein kunne få auge på daglegdagse detaljar: nydeleg handskrift, ei fjørpenn, gamle bøker og stearinlys i ein haldar med hank. Må flire litt av meg sjølv, for i eit lite bygg ved sidan av huset, hadde dei laga til eit rom der ein kunne prøve klede frå tida då Jane levde. Eg prøvde berre ein hatt, ikkje dei store kjolane, men moro var det lell.
 




Fyrsteutgåva av Mansfield Park frå 1814, endå eit flott tapet som dei fann fragment av og eit nydeleg quilta teppe som Jane, søstera hennar Cassandra og mora deira laga saman. Fascinerande å sjå meir av handskrifta til Jane, det er ikkje mange av oss som skriv slik lenger ;) Ute regna det ikkje like mykje som då me fyrst kom, og me beundra alle blomane i sterke fargar i hagen. Og så klart blei det – i alle fall eit forsøk på – eit lite hoppebilete foran huset. Eit veldig kjekt litterært besøk!

24. sep. 2024

Lorden ved ruinkyrkja


"Ver observante når de nyttar dei sterkaste verkemidla i språket. Det sa eg alltid til elevane mine. Nyttar de dei for mykje, då mister dei krafta si. Men, la eg til, ver heller ikkje så tørre at de aldri nyttar dei.
Språk, det sa eg ofte, skal leve!
Som livet!
Og då smelte eg til med både eitt og to utropsteikn (biletleg tala; eg stod ikkje der og skreiv dette på tavla. Men kanskje eg skulle ha gjort det? I dag er tavla borte frå skulen. Tragisk)". (s. 19)

Måndagsformiddag, før jobb, las eg ut Lorden, Tore Renbergs nyaste bok. Som eg har kost meg! Den er springande, morosam, tragisk og på ein måte mystisk. Renberg har nytta seg av mange (og då meiner eg mange) fotnotar, og til vanleg er dette noko eg ikkje er særskilt fan av. Men i Lorden funkar det. Og så er eg ho som tar med boka for å ta bilete av den på ein relevant eller passande stad – til dømes to av Austens bøker som eg hadde med meg på ferie i år – og denne gongen blei det Sola ruinkyrkje. Nei, kyrkja figurerer ikkje i boka, men eg fekk assosiasjonar til kyrkja då eg såg bokas omslag. Sola ruinkyrkje blei bygd på 1100-talet. Fram til 1842 var den i bruk, men så byrja den å forfalle. Sidan kjøpte kunstnaren Johan Bennetter ruinane i 1871 og brukte den både til bustad og atelier til litt utpå 1900-talet. Mesteparten av kyrkja blei riven under andre verdskrigen, men i 1980-åra byrja eit restaureringsarbeid. Dette var eit samarbeid mellom Sola kommune og Riksantikvaren, og i 1995 stod kyrkja nok ein gong klar. Mange giftar seg her, ein kan oppleve konsertar og det er ei flott, lita kyrkje å besøke. Den er ikkje ope sånn utan vidare, men er likevel eit fint syn utanfrå.

22. sep. 2024

Den fyrste Mummi-boka









Ulempen med å jobbe i butikk inne på eit kjøpesenter, er at ein verken får sett det fine vêret (null vindauge) eller nytt det når det fyrst er her sidan ein berre står inne. Men eg har sykla i septembersola, hatt lesestund ute på balkongen og spasert littegrann. Jobba dessutan i går, så helga har vore kort. Håper på opphald i morgon slik at eg kan gå til ettermiddagsvakta på jobb. Magisk solnedgang og ei måne så rund og lysande – onsdagskveld berre måtte eg gå av sykkelen på veg heim frå jobb for å prøve å knipse bilete med mobilen. Sukk, slike kveldar. Etter jobb på fredag åt me middagen ute (og dessert på deling), og sidan var det bort til konserthuset der me høyrde Stavanger symfoniorkester spele verk av både Ralph Vaughan Williams og Edward Elgar. Nydeleg musikk og tenoren Andrew Staples hadde ei flott og kraftfull stemme, ein ekte britisk aftan. Morgonar med bok og kaffi, like takksam for det kvar veke. Og lesing blir det vel no også, så eg rundar av:
 
ordentleg koseleg å lese den fyrste Mummi-boka, og alltid kaffe latte og noko attåt 
månelyset over Mosvatnet onsdagskveld
haustfarga blad og haustfarga strømpebukse (og min kule retrokjole)
tihi, eg veit at dei er mykje større no, men Bami og Dami og dei andre tre pusane er så søte og kule
same kvelden som månelyset, var det også ein varm solnedgang 
på sykkel i morgonlyset
Anne Bancroft og Anthony Hopkins i filmatiseringa av 84, Charing Cross Road
sol inn i stova måndagsformiddag
at ein kunde på jobb kalla meg ein reddande engel
mini-New York ved Queens Museum (las om desse miniatyrane i boka Himmelfallen)
ikkje berre har eg lese den fyrste Mummi-boka, eg har også lese den neste, Kometen kommer
og når det gjeld den fyrste Mummi-boka: karakterane såg så annleis ut, samstundes så kjennelege
alltid kjekt å ta turen innom ein bruktbutikk
sesongpremieren på Kongen befaler
ekte balkonglesing ein ettermiddag 
ete middag på The Social Bar & Bistro før konserten
rørande å høyre SSO spele Elgars "Enigmavariasjoner" og tårene kom under "Nimrod"
laurdagstaco og kjekk film, akkurat passe etter laurdagsvakta
nøgd med å ha funne Den hemmelighetsfulle haven frå 1949 og ein ekte spionklassikar i bokbyen
lese Persuasion av Jane Austen (og ja, biletet er frå Jane Austen-huset)
og sidan høyre ein The Comfort Book Club-episode om nettopp den boka :)
solstrålar inn i leilegheita så å seie kvar dag

20. sep. 2024

Alpakkaar er ålreite dyr








Hels på Gilbert! Med buskete øyre og store, søte auge. Alpakkavandring i Telemark var ein ordentleg koseleg sundagsaktivitet! Me var ikkje heilt aleine, men me var ei akkurat passe gruppe som fekk gå med kvar vår alpakka. Tilfeldig og morosamt at eg fekk gå med Gilbert sidan Gilbert er ein av hovudkarakterane i Anne of Green Gables: det er han som kallar Anne "gulrot" og som ho sidan hatar sterkt. Ein kan jo tenkje seg korleis det heile ender til slutt (jepp, dei giftar seg, tihi). Mannen min gjekk med Doffen, og me lunta av garde i det grøne (og våte) graset, på rekkje og rad.






Kan ikkje seie at det gjekk så fort med oss der me gjekk, for alpakkaane stoppa ofte for å beite, men det gjorde eigentleg ingenting. Dei er så søte og artige, og så var jo denne vandringa veldig lågterskel der det viktigaste var å vere med dyra. Ved det eine partiet gjekk me nær ein liten skog, og då fekk me høyre at alpakkaane antakeleg ville prøve å klø seg mot buskane og trestammene. Og det gjorde dei, ho, ho, dei nesten hoppa inn i skogen. Forresten, ein liten fun fact: ein kan sjå ei toglinje på nokre av bileta, og det er på desse skjenene toget går når me skal mellom vest og aust.





Altså, er dei ikkje heilskjønne?! Fekk helse på fleire av dei, både små og store. Pakka saman tinga våre i teltet, og før me sette snuten heimover, stakk me hovudet inn i stabburet der dei har ein liten butikk, Kjøpte saft, honning og eit nøste grått alpakkagarn. Veit ikkje heilt kva eg skal bruke det nøstet til, men kunne jo ikkje la vere når det er garn som kjem frå alpakkaane på garden. Eit par timar i lag med Gilbert, Doffen og dei andre søtnosane, det var ei fin og herleg oppleving.