25. juni 2024

Alltid like historisk sus







Under den grøne bjørka kvart år på denne tida. På sundag var me nemleg på Kronen Gaard for vår årlege bryllaupsdagsmiddag (og bursdagsmiddag). Me var litt tidleg ute, så bjørkebileta blei tatt før sjølve middagen denne gongen. Og eg må le: framleis får eg med meg han der fine på å gjere noko moro når me står foran kameraet ;) Sidan i fjor, har dei fått opp Orangeriet. Titta inn, gløymde å ta bilete, men det såg kjempefint og koseleg ut. På det eine hjørnet rett utanfor, har dei laga til ei lita sitjegruppe, og viss det hadde vore litt meir sol, hadde det vore kjempekoseleg å ta kaffien der ute.





Gulrotsuppe til forrett, sursteik til middag og den alltid knallgode sjokoladefondanten til dessert. For min del, me valde litt forskjellige rettar. Eg seier berre "nam" til alt, til og med gulrotsuppa, som eg fyrst var litt skeptisk til, smakte godt. Alle dei gamle tinga dei har der borte, alt frå tekanna til skrivemaskinen, og ikkje minst tapetet og blondegardinene, eg elskar atmosfæren!

23. juni 2024

Fanga i eit fort




Sola skin no i kveld, men både i går og i dag har det vore nokså grått ute. Har i alle fall fått lese mykje i helga i tillegg til å fikse og rydde i heimen. Halvtravle dagar på jobb, til dømes fredag der det kom ein haug med varer som me måtte prise og få ut i hyllene. På tysdag hadde mannen min bursdag, og utpå kvelden sykla me til Fangene på Fortet og testa ut det konseptet i lag med broremann. Så mange artige rom med veldig varierte oppgåver, dette freistar til gjentaking! I dag var det ein roleg sundag som me avslutta med den årlege bryllaupsdagsmiddagen ute på Kronen Gaard i lag med broremann, mamma og pappa. Tenkjer det oppsummerer mi veke ganske bra:
 
boka Jamie av L. D. Lapinski er ei bok både store og små har godt av å lese
ordentleg artig å teste ut Fangene på Fortet tysdagskveld
og sjekk fangedrakten som ein får auge på i inngangspartiet!
mange fine bokmerke på eit lite stativ på jobb
grøftekantsbukettar
både Sally Hawkins og Ethan Hawke speler ypperleg i filmen Maudie frå 2016
søtaste måkeungane 
kveldssola som skein så sterkt onsdagskveld 
kleint, rart og litt artig å plutseleg sjå fyrste episode av Mysteriet med det levende lik
mannen min hadde bursdag på tysdag, og då blei det ein solskinsbolle på deling til kaffien
sundagsmiddag ute på Kronen Gaard med alle dei gamle detaljane
latter er viktig, og i denne videoen finn du ti artige klipp frå Taskmaster opp gjennom åra
helse på den nye, søte kvalpen til eit nabopar
ei grei krimbok frå Merete Junker med Lillemann ildebrann
Thailand er fyrste land i Søraust-Asia som tillét likekjønna ekteskap
fleire gode lesestunder, både etter jobb og no i helga
sjølv om det ikkje er same forfattar som P&P, koste eg meg med å lese Døden på Pemberley
tihi, eg har ikkje spå mange Anne-bøker, men for eit flott bokskap der bøkene verkeleg kjem fram
sykle heim frå Fangene på fortet i regnvêret og høyre "Singin' in the Rain" ljome frå SIF-stadioen
å, all fuglesongen eg høyrer om dagane medan eg er på veg til eller frå jobb

20. juni 2024

Grøftekantsbukettar




Overalt når eg syklar til jobb eller går til byen no i juni. Blomar i så mange fargar, storleikar og fasongar, ei humle og to innimellom. Kvardagsfint langs grøftekanten, såkalla grøftekanstbukettar.

18. juni 2024

"...på kirkegården ved kysten, finnes det ikke mange menn"


Songen "Lovise Lind" av Halvdan Sivertsen, dukka opp i hovudet mitt då me køyrde langs Jæren og stoppa ved Varhaug gamle kirkegård for ei lita stund tilbake. For sjølv om eg ikkje gjekk og titta nøye på alle gravstøttene, kan det nok hende at det ikkje finst så mange menn som ligg ved denne kyrkjegarden ytst ved havet. På ein minnestein står det mellom anna "Og ingen veit kvar grava er, eit minne får dei kvar og ein ved denne minnestein". Orda er såre og samstundes vakre. Å stå på den grøne plenen og berre vere ei lita stund, kjenne sjølufta og la tankane fare, kjenne orda frå Sivertsen – og også Moddi med songen "Kjerkegård ved havet" – på eit eller anna vis var det ganske fint.

16. juni 2024

Tjueto ting




Med ein gang ein jobbar laurdag, blir helga ganske mykje kortare. Starta veka med to dagar fri om ikkje anna (ekstra fridag nettopp fordi eg jobba i går), og sjølv om eg var gåen i hovudet i dag, har eg lese mykje. Kva anna har skjedd denne veka? Hmmm, ikkje så mykje. Nokre av dagane på jobb var supertravle, for når det er gråvêr ute og gode tilbod inne, skjønner eg godt at folk stikk innom. Sjølv har eg tatt ein spasertur, og sykkelturane fram og tilbake jobb på denne tida av året, kan eg ikkje klage på. Fleire lesestunder, ta bilete til jobbens IG-konto, jobbe med ein vikar som eg har mykje til felles med og le litt av Zalo då me åt frukost i byrjinga av veka er slike ting som alle er med på å løfte kvardagen. Byrjar å bli mørkt ute, snart på tide å seie "god natt". Tjueto ting på lista denne gongen:

som du sikkert har skjønt, så verkeleg storkoser eg meg med å lese Anne-bøkene om igjen
investere i ny Mac etter at min ni år gamle maskin byrja å ta kvelden
gå til byen på den eine fridagen min
flotte blomar som skal vare ei stund inne hos Et dryss kanel
spørsmål om Glynis Johns og Mary Poppins i ein episode av Huskestue
laurdagstaco og bra film etter jobb
lurer på om eg må lese fleire av bøkene til Svetlana Aleksijevtisj etter å ha lese Frihet
sykle heim frå jobb med kveldslyset som lager skuggespel 
blir framleis like sjarmert av Bami og Dami
Zalo er ein liten raring, like gul og kul som vanleg
gøy å suse vidare i krimserien om rettsarkeolog Ruth Galloway
få skryt for kundeservicen
plukke små blomar til å ha i rulletsteinvasen 
vlog frå Derbyshire med Miranda og Donna, får verkeleg lyst til å reise dit eg også!
lese Christie-klassikaren Og dermed var det ingen
svanefamilien ved Mosvatnet, altså! 
alltid koseleg å slå av ein prat når det kjem kjentfolk innom jobben
å løfte blikket mot dei grøne blada i alle fasongar ute på ein spasertur
klare 15 av 21 spørsmål i Dag og Tid (og så klart morgonkaffien)
mosaikk på ein vegg ved konserthuset
Zouq i Sandnes har knallgod middag, og det same med desserten – det blei både kaffi og lesestund

14. juni 2024

Ingen stygge andungar



For svanefamilien ved Mosvatnet er heilskjønn. Sykla litt tidleg til jobb ein av dagane nettopp fordi eg håpte på å sjå dei to kvite svanene og alle dei grå dunnøsta. Denne gongen låg dei heilt nede ved vatnet, ikkje midt i campingområdet. Sjå på den eine lille som strekk seg med sine små vingar.
 


Er dei ikkje søte?! Like glad kvar gong for at dette er ein del av min jobbveg, ein del av min kvardag.

12. juni 2024

Gulaste linselusa





Zalo er like gul og kul som vanleg. I helga og fram til måndagsformiddag, var han på besøk hos oss medan mamma og pappa var på konsert i Manchester. Aller artigast er det når han kjem ut for å ete frukost i lag med oss. Tihi, egg er det beste han får! Og så er han veldig morosam dei gongane han set seg på kameraet mitt når eg prøver å ta bilete av han – ei ordentleg linselus i hus.

10. juni 2024

Madlatua




Utsikt, haustfargar om sommaren, små blomar i ein bergsprekk og endå litt meir utsikt. Turen treng ikkje alltid å vere så lang for at den skal vere bra, og turen til og ved Madlatua kystfort var akkurat som skildra. Godt å sitje på toppen av ein liten knaus, ta ein pause og sjå utover delar av byen vår.

9. juni 2024

Klassikarar i bok- og musikkform




I kveld spelte me siste orkesterkonsert før sommarferien. Hadde øving i går, generalprøve midt på dagen i dag og sidan konsert, så ein kan vel trygt seie at det har vore ein ordentleg orkesterhelg for vår  del. Sidan me ikkje spelte på alle satsane, blei det (heldigvis) ein del tid til lesing også. Helgebesøk av Zalo, kveldsmøte på jobb, sykle til og frå jobb mellom regnbygane (for det har faktisk vore ein del regn her i byen denne veka), kjekt å planleggje endå litt meir av årets sommarferie og sånn sett elles heilt greie dagar på jobb. Tre av fire dagar jobba eg kveld, og det er jo ikkje heilt optimalt. Men, men. No er det på tide å slappe av med ei god bok, prøve å roe ned kroppen etter konserten. Håper du har hatt ei fin veke og ei like fin helg, her kjem meir av mine fyrste junidagar:
 
brukte litt tid, men som eg likte å lese klassikaren Pride and Prejudice av Jane Austen
når ein ikkje speler like mykje på alle satsar, må ein nytte sjansen til ei lesestund
oransje valmuehav
og apropos blomsterhav: synest denne tapeten er superfin 
knallgod laurdagspizza og morosam film
Ixelles av Johannes Anyuru er ei bok ein berre må lese, for ei leseoppleving!
få auge på ein svanefamilie rett ved Mosvangen camping på veg til jobb 
"Top 20 Stop Motion Animated Movies"The Fantastic Mr. Fox og Nightmare Before Christmas
Obrestad fyr som ein einsam majestet ute ved havet
alltid kjekt når kjentfolk er innom butikken og eg har tid til å slå av ein prat
sjeldan eg les bøker om filosofi, men Gaarder skriv så herleg funderande i Det er vi som er her nå
gleder meg stort til å sjå Jesus Christ Superstar i september, og her kan ein høyre ein smakebit
høyre "One Night in Bangkok" frå Chess på radioen på veg heim frå orkesterøvinga
lage ei lita utstilling på jobb i samband med pride
nettbutikk for alle oss bibliofilar ;)
ete god middag på restaurant før kveldens konsert
rhododendronfargefest etter regnet
blir ikkje lei av å sjå ein video eller to med denne fine kattegjengen
låt bra på konserten i kveld der me mellom anna spelte Brahms sin fyrste symfoni
helgebesøk av Zalo, og han er så morosam når han et frukost i lag med oss
bok tre om Anne, Anne of the Island, er nyleg lesen og eg verkeleg koste meg også med denne!

7. juni 2024

Oransje blomsterhav






Ikkje berre løvetann og rhododendron langs den vegen eg syklar fram og tilbake jobb. I ei lita eng rett ved ei av naboblokkene, er det akkurat no meir enn berre grønt og litt gult. For oransje valmuar stikk opp og skaper ein varme som lyser på lang avstand. Eit lite blomsterhav i sidesynet mitt.