31. mars 2023

Eira Sweater




Bondeblå draum. Denne genseren, Eira Sweater design av Novemberknits, brukte eg laaang tid på å få ferdig. Kjøpte garnet på Rauma fabrikkutsal sommaren 2021, byrja fyrst på den i fjor og brukte fleire månadar for å få den heilt ferdig. For den er strikka på små pinnar, og eg skal innrømme at då mistar eg tolmodet litt innimellom. Men eg elskar ribbemønsteret (tre rette, to vrange) som går på langs både langs erma og sjølve bolen. Genseren er strikka i lamullsgarn og mohair, begge delar frå Rauma garn, og fargane er lys bondeblå og bondeblå. Sidan den ikkje er strikka i garntypane som opprinneleg står i oppskrifta, var eg påpasseleg med å dobbeltsjekke strikkefastheita. Eg enda med å gå ned ein pinnestorleik og også strikke genseren i small, og x-small etter å ha raglanauka. Likevel blei genseren ganske vid. Det kjem ikkje så godt fram på bileta, for når eg står heilt vanleg, heng den veldig fint på kroppen. Så sjølv om den blei vid, er det ein kjempefin genser i ein kanonflott blåfarge!

29. mars 2023

Testund med bøker og det heile


Te i ein favorittkopp, ei bra bok på lesebrettet og eit lite stykke baklava. I går åt me på restauranten Pasha midt i Sandnes sentrum før orkesterøvinga. Me kjøpte med oss eit baklavastykke til å dele her heime, og det blei dimed ein liten dessert etter middag no i kveld, litt kvardagsluksus midt i veka. Teen smakte også godt i tillegg til at eg fekk varma dei kalde hendene mine. For det har ikkje vore noko særskilt vårleg temperatur dei siste dagane. Men å ta fram ein av dei finaste koppane mine, ha noko varmt oppi og sidan lese fleire sider i ei akkurat passe feelgood-bok (og vite at fleire bøker ligg og ventar på meg når påska snart kjem), då er onsdagen ganske så bra alt i alt.

27. mars 2023

Ålreit og ikkje ålreit




Raggete sauar ved jernaldergarden, for sauar er alltid ålreite dyr! Ein miniluftetur her om dagen oppe på ein haug med desse dyra gåande på beite. Ei sol som varma og den knallgrøne mosen som berre lyste mot meg då eg sette meg ned på huk, slike småting ein finn glede i. Kan ikkje seie eg fann glede i dei kvite dottane som datt ned frå himmelen i dag tidleg; bussen blei forsinka og dimed rakk eg ikkje mitt vanlege tog. Blærk! Men snæen smelta i løpet av dagen, så får me heller sjå om det kjem meir i morgon. Kanskje, kanskje ikkje. For no når me nærmar oss april, er vårblomar og alt det grøne eg vil ha, ikkje meir snø og vinter. Snø er ikkje ålreit no, det er derimot sauane.

26. mars 2023

Kattemøte i ei ganske vanleg veke




Sommartid og lysare kveldar. Alltid litt rart det der, og eg synest dagen i dag har gått litt for fort, me "mista" jo på ein måte ein time då me i natt stilte klokka. Men pyttsann, eg skal ikkje klage på litt lysare kveldar. På jobb har det nokre av dagane gått i eitt med over hundre elevar inne på ein gong, medan det også har vore noko rolegare ein annan dag. Med andre ord: ei ganske vanleg veke på Vitenfabrikken. Orkesterøving, både på tysdag og i dag, litt strikking og mykje lesing om kveldane, ei helg med relativt få planar (kanskje oss i eit nøtteskal, men begge to set verkeleg pris på det å kunne roe ned og ikkje måtte gjere ting heile vegen), og om litt er det måndag igjen. Mykje bra å titte på:
 
mystisk togtur i det kanadiske landskapet, Mange mil før mørket faller var akkurat min type bok
møte ein kjempefin og nysgjerrig katt på veg til jobb 
minikatt som gjerne vil vere med ein større katt
raggete sau ved jernaldergarden på Ullandhaug
fleire fine ting i trauste mars og blomeglede, begge inne hos Ei blå stugu
varme, gylne solstrålar i den magiske timen
gå ein liten tur medan mannen min jobba nokre timar på kontoret i går
byrje å strikke ei ny T-skjorte med garn frå ein topp eg ikkje var heilt nøgd med
når eg ser denne lille videoen med bøker i flotte butikkar, vil eg tilbake til Utrecht med ein gong
lang skugge av meg sjølv medan eg venta på toget
smakfulle donuts og boka Please Don't Hug Me av Kay Kerr 
Lune akvedukt – for eit flott byggverk (så klart sett i ein episode av Great Canal Jorneys)
konserthuset by night 
teste ut den nye mathallen på Amfi Vågen i Sandnes  
komme litt vidare med å luke ut bilete til fotobok
Synne sitt innlegg der ho tar oss med ein heil dag gjennom hennar auge
lys som liknar blått lyn midt i hovudutstillinga på Vitenfabrikken
søte figurar på LEGO-veggen 
sjå den aller siste episoden av Drømmeslottet, både fint og vemodig
heilt magisk nordlys og snøtunge dagar i den nyaste vloggen til Jonna
orkesterøving i Siddis-stova tidlegare i dag, mange gode minne der frå tida mi på St. Svithun vgs.
krema, heimelaga blomkålsuppe med god topping og kvitlauksbaguett – dette var alle tiders!

24. mars 2023

Den gylne timen




Timen før solnedgang eller timen etter soloppgang, den magiske timen. Eller den gylne timen. Vålandsskogen for ikkje altfor lenge sidan ein ettermiddag før solnedgang. Ville prøve å fange det varme lyset. Som laga lange skuggar og skein som gull gjennom greinene. Eit lite bilete av meg sjøv i ein favorittgenser i skogen der magien skjedde. Kanskje prøve å fange fleire slike gylne timar.

23. mars 2023

Togvindaugsutsikt mellom to endestasjonar

Jærsk landskap med store, kvite dinosauregg (høyballar), meir kupert landskap og nakne tre, sidan vatn med is og snødekte enger – eit par små videosnuttar frå turen til og frå Oslo for nærmare tre veker sidan. Eg gløymer at systemkameraet mitt også kan ta opp video, men denne gongen hugsa eg det. Filma både med systemkameraet og med mobilen, og rett over kan du altså sjå korleis togturen mellom Stavanger og Oslo kan sjå ut ein gong på solskinsdagar tidleg om våren.

22. mars 2023

Aust og vest på den same bana


Onsdag og midt i arbeidsveka, i morgon er det torsdag og etter det helg. Sjølv om eg tar toget kvar dag til og frå jobb, skulle eg gjerne ha tatt fleire lengre togturar, for eg synest det er så fint å berre sitje i eit togsete og titte ut av vindauget. På veg til Oslo var det fyrst gjennom det jærske landskapet medan eg strikka eit par omgangar. Små bergknausar og eit lite raudt hus fauk plutseleg forbi. Sola skein heile turen til det byrja å mørkne og eg fekk oppleve ein magisk togtur i solnedgang.




Jo lengre aust toget køyrde, jo meir snø blei det. Små islagde vatn med spor av snø oppå, og større enger fulle av det mjuke, kvite teppet. Blå himmel og herleg dagslys. På veg heim sundagsformiddag, hadde eg kjøpt med meg ein god cappuccino frå Espresso House og koste meg med den. Sola skein også vestover, fleire sider blei lesne og eg var glad for å ha tid til å slappe av, høyre på alle songane frå Så som i himmelen og sidan komme heim til middag og den finaste mannen.

20. mars 2023

Luna




Lenge har eg tenkt at eg ville kjøpe eit smykke som kunne stå i stil med armbandet Simplicity frå Opro. Armbandet kjøpte eg for halvanna år sidan, men kresen som eg er, synest eg det var vanskeleg å finne riktig design på smykket. Heilt til eg fann Luna hos Gullsmed J. Frisenberg. Tinga smykket i den same gråfargen som armbandet, og sjølv om dei ikkje har heilt likt motiv, er dei i mine auge perfekte i lag. Klassiske og tidlause smykke i ein flott farge som kan passe til det aller meste.

19. mars 2023

Månadens Christie-bok blant sju vanlege dagar




Nok ei veke er forbi, og som det ofte gjer på ein sundag, kjem det ei lita sundagsliste. Om ein liten augneblink, skal berre skrive littegrann fyrst. Eigentleg så har eg ikkje så mykje å skrive om, for dette har vore ei ganske vanleg veke. Dagane på jobb har vore både travle og ikkje-travle, og på dei rolege dagane, har eg kost meg med musikk medan eg fiksa små skjener til kulebana som er å finne i utstillinga. I heimen har eg verkeleg komme i gong med å sortere bilete til fotobok frå togturen vår i fjor sommar, og eg har også fått tid til å lese og strikke ein del, særskilt no i helga. For me hadde få planar for laurdag og sundag. Ute ein liten tur i går for å kjenne sola i andletet medan me i dag var ein snartur innom Heddas gård i tillegg til husarbeid. Jepp, kort fortalt ei nokså vanleg veke:
 
Christie-boka Mord pr. korrespondanse (og puta er den same som sist gong eg las boka, tihi) 
fagboka Sonja og Harald: Kongen, dronningen og kampen for kjærligheten av Lise Osvoll
bittelitt snø på greinene mot den lyseblå himmelen ein morgon ikkje langt unna jobben min
ei måke som stod og venta på toget saman med meg ;)
sommarnostalgi med desse bileta inne på IG-kontoen til Raoul
ikkje den boka som fenga mest, men likevel interessant å lese Kniven i ilden av Ingeborg Arvola
viktig med små kvardagsgleder, slik som desse inne hos Ei blå stugu
Osvoll sine illustrasjonar i fagboka for barn og unge er kjempeflotte
sundag med strikking og lesing om kvarandre, og som alltid ein kopp med kaffi eller to
andre blogginnlegg med bryllaupsbilete inne hos Et dryss kanel
ete ute på Noi før orkesterøvinga
og det var veldig kjekt å byrje å øve i lag med resten av orkesteret til ein ny konsert
pusse og lime halvøydelagte skjener som høyrer til kule- og dominobana
høyre på musikalmusikk (Så som i himmelen, inga overrasking) medan eg jobba på verkstaden 
Ida Jackson skriv så enkelt, sårt og fint om det å gråte, ein liten "tåre-revolusjon"
krokusar som poppar opp 
mønstrete golv på ein restaurant
alltid koseleg å møte og prate litt med ho eine veninna mi som innimellom stikk innom jobb
å, sjå denne lille undulaten som berre elskar å balansere på ein tennisball
utruleg kjekt å setje på Wes Anderson-filmen The Darjeeling Limited i går kveld
minisundagstur innom Heddas gård, og me fekk prata med begge venane våre
vårdagar når morgonsola skin gjennom eit tog som passerer forbi

17. mars 2023

Kveldsstund langs Sørlandsbanen





Kveldshimmel, kveldslyset, ei lita kveldsstund. Ein fredag for akkurat to veker sidan. Prøvde å lese og strikke ein del på dei timane eg sat på toget på veg til Oslo, men med ein slik solnedgang måtte eg innimellom leggje frå meg boka og berre titte ut av vindauget. Fyrst det gylne lyset i den magiske timen, sidan ein himmel som blei oransje og etter kvart meir og meir rosa. Små islagde vatn, enger fulle av snø og tre som fauk forbi. For når toga går, er det ingenting som slår det å reise med toget. Å berre ha tid til å senke skuldrene, nyte det vakre, skiftande landskapet rett utanfor, kjenne at transportmiddelet blir ein del av sjølve reisa. Nokre timar om kvelden langs Sørlandsbanen.

15. mars 2023

Vårlege blomar





Fram og tilbake med det kvite, mjuke teppet som legg seg oppå alt det grøne. For det snødde litt både i går og i dag, trass alt regnet som kom måndag og tok bort snøen. Men blomane tittar opp likevel. Ikkje berre snøklokkene, fleire krokusar har også byrja å vise seg. Lilla, kvite og gule. Lyser opp vegen eg går til og frå jobb, mellom togstasjonen og Vitenfabrikken. For det er faktisk vår!

13. mars 2023

Musikal- og restaurantbesøk i hovudstaden






Og regnet datt ned jamt og trutt i dag, og det meste av snøen allereie er borte vekk. På veg til jobben, såg eg vårblomar som titta fram. Kanskje er me heilt ferdige med snøen no?! Uansett. I over ei veke har eg – nok ein gong – høyrt songane frå Så som i himmelen om og om igjen. Skreiv om musikalen då eg såg den i Stavanger i fjor haust i dette innlegget, og det er vel sånn sett eigentleg det same eg kjenner no. For også i Oslo både lo og grein eg om kvarandre, og no når eg kan alle songane på rams, var det rett før eg song med høgt (eg klarte å halde meg, altså). "Den tid jeg har" i lag med "Gabriellas sang" og "En sang til livet" er dei som eg verkeleg har på hjernen. Og harmoniane på den siste songen, så utruleg vakre! Eg kunne garantert ha sett musikalen ein gong til, eg såg jo faktisk The Book of Mormon i Oslo heile tre gongar ;) Tidlegare på dagen var me i tillegg innom Norlis antikvariat, og både lukta og synet av gamle bøker er noko eg alltid vil setje litt ekstra pris på.


Før musikalen, åt me ein knallgod middag på den libanesiske restauranten Koskos på Grensen. Begge tinga ein meny med forskjellige meze, grillmix til hovudrett og knasande god baklava med ein dæsj krem og sterk kaffi attåt til dessert. Dette kan eg varmt anbefale, for der var det både god service, ein får mykje for pengane og ikkje minst veldig gode smakar! Her et me gjerne igjen!