Tidlegare i dag. Ein liten tur med ei god veninne. Tur etter regnet, og små dropar hang på blad og buskar. Stoppa opp eit par gongar berre for å sjå dei henge der. Haustfargane om vinteren. Eit fuglenek der fuglane sat rett før eg trampa over graset og forstyrra dei. Lyden av dei nemnte fuglane som kvitra og song. Frisk luft i andletet. Sidan middag og mykje prat med eit venepar. Både tur og venemiddag på ein tysdag, akkurat passe med sosiale aktivitetar. Det er ganske fint, det.
Legg igjen ein fin tanke