7. des. 2025

Gjensyn og gjenlesing






Me kjem stadig vidare med å innreie huset og lage oss ein heim, til dømes skrudde me saman ei hylle i dag og me prøver å bestemme oss for kva teppe me skal ha under sofaen; det me hadde før, ligg no under salongbordet. Kjekk øving med orkesteret, og til helga er det jaggu meg konsert. Eit lite jobbbesøk hos nokre gode venar løfta starten av veka, dei andre dagane har berre foke av garde. Men eg legg inn tid til lesing der eg kan, og ei av bøkene eg nyleg las ut, er skrive av Timothy West. I fjor døydde han, og kona hans Prunella Scales gjekk bort no i haust. Serien Great Canal Journeys (Med kjærlighet for kanaler) er eit av dei finaste programma eg har sett, og det var kjekt å dra på ein liten kanaltur i desse sidene. Andre bøker og kjekke punkt deler eg i lista som kjem....no:
 
✦ innmari fint å lese Our Great Canal Journeys av Timothy West, verkeleg ei hjartevarm bok
 treffe kjentfolk i butikken fleire av dagane
 høyre på julemusikklista mi
✦ Pinnsvinnets lengsel er både ei søt og filosofisk lita bok med herlege illustrasjonar 
✦ tihi, må småhumre av denne lille katten som blir vaska av ein mykje større hund 
✦ soloppgangane har vore magiske
✦ trur denne katten var litt skeptisk då den fekk auge på meg, men fin var den lell 
✦ besøke butikken og kontora til Spiselig hage 
✦ kan kanskje ikkje skryte av å ha verdas beste mobilkamera, men månen på veg til jobb på fredag
 mange gode meldingar av Tønes sitt nyaste album
✦ rekkje å drikke kaffi, ete eit par makronar og prate ein del då eg var på nemnde besøk
✦ peparkakefigurane som heng på den eine veggen på Vågen vgs. 
✦ framleis nokre fargerike haustblad ute 
✦ Stellenbosch University Choir syng slik at ein får gåsehud
✦ sende julekort 
✦ julenissens ønskeliste, også den sett på Vågen vgs. (det er der me øver med orkesteret)
✦ setje saman to små hyller  
✦ ny Mord og mysterier-sesong ute på NRK Nett-TV 
✦ songen "Six Ribbons" av Jon English som dukka opp på radioen
✦ skulle nesten ha tatt ein juletur til London, for sjå kor mange vakre bokhandlarar ein kan besøke 
✦ artig skilt sett på IKEA då me var innom tidlegare i veka
✦ taco og resten av filmen Gremlins etter laurdagsvakta på jobb 
✦ gjenlesing av boka Sanne gleder av Lars Saabye Christensen  
✦ dufta av nysteikte brød 

Legg igjen ein fin tanke