Treng ei lita pause frå alt som heiter flytting. Ein god del er på plass, så eg skal ikkje klage, men det er framleis ein heim full av flytteesker, bobleplast og silkepapir. Puh, ein pust i bakken med dette minnet om ei lesestund nær stranda. For i Alnmouth ein dag i juli, var det oss og småsporvane som tok livet heilt med ro. Me fann roa på ein benk med utsikt rett ut mot sjøen, og det var godt å berre sitje der og lese, sjå småsporvane bade i sanda. Eg fann eit nydeleg smykke i ein liten butikk, ikkje langt unna like vakre markblomar ved eit hushjørne. Alnmouth, du var god mot oss!
4. nov. 2025
Sommarminne i november

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke