2. nov. 2025

Flyttesjau






Pakking av flytteesker, demontering av møblar, bere, flytte, løfte og rydde, det er vel det denne helga har handla om. Med andre ord ordentleg flyttesjau. På fredag tok me over den (for oss) nye bustaden, og allereie eit par timar etterpå var mannen min og pappa i gong med å flytte ein del av tinga våre; sjølv var eg på jobb fram til klokka fem. Sidan me skriv andre november i dag, prøver eg å forstå kor oktober blei av, men eg skjønner det ikkje heilt. Kvar helg førre månad var fylt med anten det eine eller det andre, så eg skal innrømme at denne flytteprosessen har nesten gått meg litt hus forbi (ha, ha). Men no er me her, og med god hjelp heile helga, har me fått det aller meste i hus. Me hadde vore fyrste natt her i heimen i natt, og åt vår fyrste frukost i dag tidleg. Joda, det er framleis mykje å gjere før alt er på stell, men me får ta det litt etter litt. Og med juletida som nærmar seg, kan eg vel seie det slik at det i alle fall ikkje blir rolegare på jobb. Flyttesjauhelga og meir til:

✦ kveldslyset ved Mosvatnet den nest siste kvelden vår i det nabolaget
✦ Ekko i det fjerne, eg likte godt denne krimboka, den fyrste i serien om etteforskar Karen Pirie 
✦ raudstrupesong
✦ gå-til-kveldsvakta-på-jobb-himmel (før regnet kom) 
✦ eg les ikkje så mykje fakta som skjønnlitteratur, men Vagusnerven var ei nyttig leseoppleving 
✦ køyretur med regn på ruta og oktoberfargar ute
✦ små haustblad sett på veg til jobb 
✦ finn mykje glede i det Miranda legg ut, og nyleg var det ein vlog inspirert av Anne of Green Gables
✦ oss og flytteeskene
✦ retrokjole og okergul strømpebukse
✦ Jenny Colgans nyaste bok Kjærlighet på pinner (Close Knit) var ein passe feelgoodbok 
✦ morosam halloweenutstilling ved frisørsalongen som ligg vegg i vegg med butikken
✦ tihi, søte geiter løftar alltid ein grå dag 
✦ gårsdagens solnedgang
✦ flytte inn i ny heim 
✦ kjempegod flyttehjelp av familien og ein kollega av mamma
✦ blir ikkje lei av alle fargane no om hausten
✦ nydeleg lundefugl, laga av Emily
✦ hurra for denne filmen som er seksti år i år, The Sound of Music er ein ekte klassikar
✦ dra innom Solamessen
✦ lesing på veg til jobb 
✦ nabopus som kom for å sjå på den nye naboane (aka. oss) i dag tidleg

Legg igjen ein fin tanke