8. feb. 2023

Glasblåseri utpå Jæren




Elsk på rullesteinvasane hos MingarWalker glassblåseri! Så klare og flotte fargar, trur glatt eg kunne ha kjøpt med meg alle saman då me var innom butikken etter personalsamlinga førre måndag ;) På sofabordet vårt står det ein slik vase, ein rubinraud som eg fekk til jul for eit drygt år sidan. Den glatte, ovale fasongen, vasen som skin så fint når sollyset treff på akkurat riktig plass. Nydeleg kvardagsglede. I butikken er det mykje flott å sjå på, både vasar, glas, skåler og pynt i alle moglege fargar. Snakka litt med ho eine som driv glasblåseriet, og dette er eit så vakkert handverk. Må nok stikke innom ein annan gong, ha endå betre tid og kanskje finne nokre unike gåver.

Legg igjen ein fin tanke