Som du sikkert allereie har sett, er det fullt av haustfargar i denne vekas sundagsliste. For som Anne Shirley i Anne of Green Gables sa: "I'm so glad I live in a world where there are Octobers!". Eg har gått til jobb blant haustfargane og eg har sykla i greie temperaturar. Litt rart at me allereie har plassert julevarene på jobb, men det er no slik det er når ein jobbar i butikk har eg skjønt. Noko av det kjekkaste denne veka, var å møte to veninner etter jobb rett før helga byrja, og me sat på ein kafé i nesten to timar og prata og lo. Og med Zalo her i helga, har det ikkje vore mangel på latter: han skal absolutt ete det same som oss, og på fredag kom han susande fleire gongar for å prøve å stele spagettien frå oss ;) I går tok me det heilt med ro, for me visste at i dag kom til å bli ein travel orkesterdag. Gleder oss til konsert seinare i kveld, og tenkjer eg berre postar lista no med ein gong:
✦ faktaboka Orkesterboka er eit funn!
✦ komme heim frå jobb ein av dagane til ein flott rosebukett på bordet
✦ kafébesøk i lag med to gode veninner, og det var så innmari koseleg å sjå dei igjen :)
✦ er einig i Anne Shirley om at det er fint å leve i ei verd der oktober finst
✦ bøkene i The Heritage Collection frå Wordsworth Editions er så utruleg vakre
✦ sykle langs ein del av Mosvatnet no om dagane
✦ lese Mummipappa på eventyr, kjekt å lese Janssons bøker kronologisk
✦ å gjenlese Anne-serien, her med Rainbow Valley (bok nr. sju) er ei sann glede
✦ sjå sesongfinalane av både Vera og Slow Horses (Gary Oldman som Jackson Lamb er jo heilt rå!)
✦ kontrastane mellom eit tre med grøne blad og eit tre med haustraude blad
✦ Zalo er som vanleg ein ordentleg gul og kul fugl
✦ laurdagstaco, kjekk film og me fekk også tid til å spele "Takenoko"
✦ Mirandas vlog-episode der ho mellom anna besøker huset til Beatrix Potter
✦ minitur rundt eit lite vatn
✦ prate med ein kunde på 101 år som skraut av både servicen og ein heimestrikka, oransje topp
✦ spele konsert med orkesteret
✦ og når ein snakkar om orkester: denne artikkelen om instrumenter obo er fascinerande
✦ få unnagjort ein del kasserargreiar i samband med orkesteret
✦ fargeeksplosjon på eit tre, sett på veg til jobb
✦ lese i lag med mannen min eit par av kveldane
✦ vemodig å lese ut den siste boka i serien om Bergman-brørne, men den var i alle fall kjempekjekk
Legg igjen ein fin tanke