9. sep. 2022

Raumabanen også på veg heim


Har eg ikkje allereie delt fleire bilete frå akkurat denne turen her på bloggen, frå akkurat Raumabanen? Jo, det er heilt sant, men "berre" frå turen opp til Sunnmøre. Me reiste nemleg heimatt den same vegen og eg sat klar med kameraet også den dagen. For reisa langs Raumabanen er ein vakker tur. Azurblått isvatn, lange fossar som renn ned høge og bratte fjell.




Over nokre av dei spisse fjelltoppane låg det mjuke, kvite dottar med skyer. Vatnet rann i elva mellom store steinar og ute fauk den ville og vakre naturen forbi fort, fort, fort. Sat nokre timar og venta på Dombås før me kunne ta toget vidare, sidan åt me middag i Østbanehallen og tok nattoget heim til Stavanger. Ein månad sidan me sat og såg ut togvindauget etter å ha vore ei langhelg hos svigers. Og endå lenger sidan alle togturane me fekk oppleve i England. Apropos England: ny statsminister og ny monark på ei og same veke, tenk at ho som regjerte i heile sytti år plutseleg ikkje er meir. Strøtankar ein fredagskveld. Høyrer på nydelege LILA og kjenner at det er helg.

Legg igjen ein fin tanke