17. aug. 2021

Glasblåsing på Langevåg



Kvar gong me er på Sunnmøre hos svigers, berre må me ta ein tur innom Devoldfabrikken. Der ute har dei mykje fint, både klede, interiør og kunst. Ein av butikkane eg har fått meir og meir sansen for, er Celsius Glass Studio. Når du er der inne, kjenner du varmen med ein gong du kjem inn, for dei blåser glasa og sel produkta i same rom. Stilig! I fjor kjøpte me den grønprikkete skåla og den søte ballongen, i år blei det ei ny skål i ein anna farga og ein flott, liten fugl. Kjøpte faktisk to fuglar, den eine gav me i gåve til tanta mi. Har du nokre små, lokale butikkar du liker ekstra godt?!

Legg igjen ein fin tanke