Sider

12. nov. 2024

Mord på biblioteket




Kanskje ikkje eit ekte mord, men i alle fall eit ekte bibliotek. For ikkje berre var me innom Trinity College og biblioteket der, me var også innom sjølvaste Cambridge University Library. Alltid kjekt å besøke eit bibliotek, og enno kjekkare blir det når dei har ei slik utstilling som det dei hadde i Cambridge då me va der. Staseleg bygg, og sperringane utforma som store bokhaugar, var rett og slett eit stilig element. Og som me dei raude bussane, er jo dei raude telefonkioskane eit velkjent syn, denne gongen med ei ny vri: telefonkiosken var gjort om til ein bokleveringskiosk.
 




Namnet på ustillinga var "Murder by the Book", ei utstilling om britisk krimlitteratur opp gjennom tidene. The Notting Hill Mystery av Charles Felix (pseudonym) frå 1862, blir rekna som den fyrste britiske detekivhistoria. Og A Study in Scarlet av Arthur Conan Doyle er den fyrste fortelinga der me møter Sherlock Holmes og dr. Watson. Gjekk rundt og oppdaga stadig (for meg) nye bøker.




Agatha Christie er ei av mine absolutte favorittforfattarar, om det skulle vere uklart ;) Veldig kult å sjå fleire av hennar manuskript med handskrivne notat, mellom anna Curtain, den siste Hercule Poirot-romanen. Colin Dexter, forfattaren bak Endeavour Morse, var også nemnt fleire gongar, til og med rett ved sidan av Curtain. På den eine veggen, kunne ein skrive sine favorittkrimbøker på ein lapp og hengje den opp, og eg kunne ikkje la vere å gjere nettopp det. Bandopptakaren til Christie fekk eg også auge på, og ikkje minst manuskriptet til The Mousetrap, det skodespelet som har gått lengst på scena kontinuerleg utan stopp. The Murder of Roger Ackroyd og And Then There Were None er to andre favorittar skrive av krimdronninga, historier som aldri sluttar å forbause.


Skrivemaskina til Agatha Christie, trur det var det aller kulaste med heile utstillinga! Også i delar av andre etasje, der ein kan sitje i ein lesekrok med gamle, mørkebrune bokhyller, var det mogleg å gå som ein del av utstillinga. I butikken ved utgangen (ev. inngangen, tihi), var det fleire kriminelle handlenett, koppar, bøker og puslespel. Kjøpte jo eit liknande handlenett for to år sidan, så det fekk halde med eit lite postkort. For ein bokelskar som meg var dette ei utstilling vel verd tida.

10. nov. 2024

Filmkonsert på ein fredagskveld








Synest desse dagane har vore opp og ned, opp og ned. Det er ikkje sånn at veka berre har vore grå, men det storet valet i eit visst land har jo gjort sitt for å prege veka. Eg har prøvd å ikkje lese for mykje i nettavisene, likevel kan ein jo ikkje late som om det ikkje har skjedd. Heldigvis har det vore morgonar med gyllen haustsol, kjekke bøker, me har Zalo på besøk (han kom i går og blir ei god veke medan mamma og pappa er på ferie) og helga starta med å sjå Harry Potter og fangen fra Azkaban på stort lerret i Fartein Valen-salen medan Stavanger symfoniorkester spelte musikken live! Trass forfattarens ytringar dei siste åra, var det ei magisk kjensle å vere tilbake på Galtvort for eit par timar. Måndagskveld gjekk straumen på heile senteret medan eg var på jobb, noko som var ei ny oppleving. Og så jobba eg i går, og med det blei det ei kort helg for min del. Lesing har eg i alle fall fått tid til i dag, og eg satsar på å lese litt til før veka er omme. No kjem lyspunkta for desse dagane:
 
Patrick Modiano er erindringens meister, og det kan ein også lese i hans nyaste bok, Danserinnen 
sykle til jobb med fuglar som syng så lyst og fint
sjå ferdig Back to the Future-trilogien!
setje av tid til å strikek eit par omgangar kvar dag
for ei god og lun hauststemning i illustrasjonane til Esther Bennink, til dømes denne teikninga
kvardagsmagisk morgonhimmel 
gå til jobb i tåkeheimen
få ordentleg auge på ledlampa med "Nordnorsk julesalme"-teksten då straumen gjekk
treet ved Mosvatnet som framleis har knallraude blad 
danse til "Stayin' Alive" då det var nokon som kjøpte eit lydkort med den songen i butikken
"Top 20 Times Contestants Outsmarted the Taskmaster" – dette britiske programmet, altså!
min sennepsgule, rutete vest
drikke kaffi og lese under eit pledd om morgonen då me vakna opp til valnyheitene 
fascinerande å sjå dei gamle musikkinstrumenta som er henta opp frå Blücher
Zalo elskar tomat!
har lese mange bøker av Jessica Redlan i år, og ei av dei er Chasing Dreams at Hedgehog Hollow
haustlauvet som ligg på bakken
magisk kjensle å sjå den tredje HP-filmen på stort lerret medan SSO spelte filmmusikken live 
hi, hi, ein gjeng med små kattungar som er glade i ein stor hund
litt vel dramatisk til tider, men likte likevel å lese Finding Hope at Lighthouse Cove
varm og gyllen morgonsol på veg til laurdagsvakta
supergøy å lese Vi løser mord, den fyrste boka i ein ny krimserie av Richard Osman

8. nov. 2024

Lyspunkt nett no



Sikkert nokon som tenkjer at det er for mange bilete av haustfargane her på bloggen no. Men for meg kan det ikkje bli for mykje av dei fargerike blada, all konfettien (eller lauvet) som ligg på bakken og lyser opp. Eg treng det, alt som kan gjere kvardagen mjukare. For november kjem alltid med meir enn ein grå dag, og det å vakne opp til valnyheitene på onsdagsmorgon, det var ikkje ei god kjensle. At eit lite tre rundt Mosvatnet framleis held på sine knallraude blad, at ei bjørk lyser både gult og grønt og at eit anna tre står der med sin varme, gylne farge – alt dette får meg til å senke skuldrene.

6. nov. 2024

Postkort frå Cambridge





Fine Cambridge. Det gjer godt å sjå tilbake på dagane me hadde der på ein onsdag som denne. King's College var eit imponerande bygg, og kanalen var som eit postkort frå byen. Å stikke innom ein bruktbokhandel som The Haunted Bookshop, klagar eg aldri på, tihi. Og det å ha tid til å utforske ein by med både små og store smug og gater, er alltid like kjekt og spennande.





For vår del, var Cambridge ein akkurat passe stor by. Me skulle gjerne hatt ein dag eller to til for å oppleve meir av det byen har å by på, for me likte oss der. Kanskje ikkje den mest luksuriøse overnattinga, men The Earl of Derby låg sentralt og fungerte greitt. Etter å ha vore på Trinity College, berre måtte me innom den store Waterstones rett ved colleget, og du kan tru at eg fann i alle fall ei bok ;) Skulpturane ikkje langt unna vertshuset, fekk oss til å stoppe opp og bli litt forundra. Slik er det jo ofte med kunst, eller kva?! Vel, akkurat no er det snart av garde til jobb.

5. nov. 2024

I tåkeheimen på veg til kveldsvakta



Grått teppe overalt. I går var det ikkje berre morgontåke her i byen, men tåke til langt utpå dagen. Før eg såg vêret, hadde eg bestemt meg for å gå til seinvakta på jobb, og sjølv om det ikkje var strålande haustvêr, var det herleg å gå. Tåka låg der som noko mystisk, ei litt trolsk stemning.
 




Alt blei plutseleg dusare, haustkolørane meir som vassfargar, samstundes var det ikkje tvil om at det var haust. Er haust. November er som nemnt ikkje min favorittmånad, men ein litt mystisk gåtur som denne, gjorde i alle fall akkurat denne novembermåndag ein god del mjukare.

3. nov. 2024

Fire dagar i oktober, tre i den grålege november




Og der var november i gong. Mykje vind og pistrete regn då eg sykla til jobben på fredag, og det var ikkje noko sundagsturvêr i dag. Om ikkje anna, så var i alle fall slutten av oktober veldig fin med alle haustfargane, ein solnedgang over hustaka og gåtur på veg til jobb. Alltid godt å kjenne frisk luft i andletet før fleire timar på jobb inne på senteret. Jobba forresten i går, så eg kan ikkje påstå at eg har hatt så mykje helgekjensle. Men lesing på ein sundag, altså i dag, gav i alle fall eit lite glimt av helg. Både oktober og november i sundagslista, også denne gongen med fleire kjekke ting og tang:
 
koseleg å lese The Star That Always Stays av Anna Rose Johnson 
skal ikkje klage på å få tilbake sykkelen min frå ei ordentleg overhaling
alltid like triveleg å møte kjentfolk når eg er på jobb, denne veka skjedde det to gongar
få på plass den nye senga som me tinga for nokre veker sidan
høyre på The Comfort Book Club-episoden om nettopp The Star Thar Always Stays
orkesterøving tysdagskveld, og no byrjar det å nærme seg julekonsert (!)
må seie at det var fascinerande å lese Norske ødegårder av Øystein Morten
gøy å finne eit haustblad med eit bittelite hol i, slik at eg kunne ta eit kreativt bilete gjennom holet
knallfine vinterkoppar frå Sara Miller, det er kvardagsglede å sjå på det bordet på jobb 
nydeleg versjon av "Climb Ev'ry Mountain"
heimelaga mango lassi og eit lite puslespel inne i dag medan det var gråvêr ute
å, det er veldig koseleg å lese Mummibøkene, denne gongen Farlig midtsommer
lese medan eg venta på bussen torsdagsmorgon 
ein stor hund, ein liten hund og ein liten katt som prøver å leike i lag
Mosvatnet denne veka, ordentleg haustkjensle
gå til jobb den nest siste oktoberdagen
lese Annie John av Lucy Kincaid 
bra oversikt over butikkar ein berre finn i Stavanger
å lage taco og slappe av med ein bra film etter laurdagsvakt på jobb
konfetti av alt haustlauvet
artig med eit spørsmål om New Brunswick i Canada i quizboka vår
flott solnedgang over naboblokka ein av dei siste oktoberdagane

1. nov. 2024

Universitetsbibliotek av det unike slaget ♡





Solstrålane som skinte inn i biblioteket ved Trinity College. Nesten ei litt magisk kjensle der dei gylne strålane fekk alle dei gamle, brune bøkene til å verkeleg skine. Biblioteket har mellom anna fyrsteutgåva av Isaac Newtons Principia, noko i alle fall mannen min syntest var supertøft. For min del var det A. A. Milnes handskrivne manuskript av Ole Brumm som fekk mine auge til å bli store. Me fekk dessverre ikkje å lov til å ta bilete av det, men stilig var det likevel. Og taket på veg inn til biblioteket, for eit syn. Så klart måtte eg stå der ei lita stund og berre titte rett opp.
 




Svarte og kvite fliser på golvet også der, og det blei som eit stort sjakkbrett. Flotte, høge bokhyller på rekkje og rad, lukta av gamle bøker. Like høge, bogne vindauge. Biblioteket er kanskje ikkje like storslått som det me såg i Wien, men likevel – tenk å kunne sitje der som student og berre lese.