13. des. 2020

Lune dagar trass tidlege morgonar





"Svart senker natten seg i stall og stue...", for i dag er det 13. desember og Luciadagen. Me laga til og med lussekattar i dag, og det blei knallgode! Fem tidlege morgonar er ikkje akkurat favoritten, så det å kunne sove litt frampå no i helga var veldig greitt. Men det har no i alle fall vore kjekke dagar på jobb med den raraste humoren og den beste julemusikklista (hint: det er den eg har laga som eg også høyrer på her heime). Ettermiddagar med te, stearinlys og bok, julegåvene er nesten i boks, me har fått installert ny komfyr, sett julefilmen Elf og julekonsertar. Fleire fine punkt:

✦ romkom møter Groundhog Day i denne søte, rare og herlege julebok, nemleg In a Holidaze
✦ årets adventskalender til han frå meg
✦ lo godt av vekas Huskestue der Magnus Carlsens lag vann suverent over Dag Ottos lag
✦ elskar filmen Les Choristes, og denne konserten med songane frå filmen er berre nydeleg
✦ telyshaldaren i vindauget frå Dottir Design, kjøpt hos Keiserens nye, gir det varmaste lyset
✦ Julemeloditimen med KORK frå 2016 og Filmavisen – julespesial 1962 på NRK Nett-TV
✦ "Top 10 Iconic Fred Astaire Dance Scenes" – fordi Astaire var den beste og stepping er tingen
✦ lese Fire julefortellinger av Selma Lagerlöf som den siste litteraturprisvinnaren
✦ julestjernene ved Breiavatnet lyser like varmt som julehjarta
✦ "En hyllest til det ustreite" – 30 år sidan premieren på Døden på Oslo S, og dette var fin lesing
✦ desemberhimmelen i rosa fargar
✦ og adventstjerna med den rosa himmelen i bakgrunnen var eit flott syn
✦ ettermiddagar med favoritte i ein av favorittkoppane, kalenderlyset og ei god bok
✦ Kong Haakon-konfekt på jobb frå ein av svømmeklubbane som takk for godt samarbeid
✦ tenk når me kan reise igjen, til dømes til finaste London, akkurat slik Ida gjorde for eit år sidan
✦ streame UiS sin julekonsert
✦ og denne songen frå julekonserten måtte eg legge til i julemusikklista mi med ein einaste gong
✦ sjå kortfilmen The Snowman i Kuppelhallen med live orkester på scena 
✦ eg blei så klart veldig rørt, og tårene rann då solisten song "Walking in the Air" 
✦ Eides språksjov med Ole Edvard Antonsen som gjest
✦ bake lussekattar med ekte safran

Legg igjen ein fin tanke