Sider

▼

28. juni 2026

Seint i juni






Bursdagsveke også denne veka sidan broremann hadde bursdag i går. Han er på besøk hos oss nokre dagar, og me feira dagen med Morgenlevering som mamma og pappa hadde bestilt (dei hadde verkeleg slått på stortromma), piknik og ordentleg filmkveld. Å ha på meg kjole utan strømpebukse gir meg ei ordentleg kjensle av sommar, og det skjedde faktisk både på fredag og i går. Litt annleis jobbveke sidan me har hatt vedlikehaldsstengt, og alle saman var med på å rydde, kaste, sjaue og organisere lagerhallane. Det blei jo tid til litt kontorarbeid innimellom, altså. Gode lesestunder om kveldane og i alle fall litt meir senka skuldre i helga, her er resten av seint i juni:
 
✦ bøkene i kosekrimserien Mord under solen, der Intriger i Amalfi er bok nr. to, er artige å lese
✦ sjeldan eg les gotisk horror, men Shirley Jacksons Vi har alltid budd på slottet er eit unnatak
✦ klokkeblåstjerner i fleire fargar 
✦ sjå eit par episodar av Mysteria i Brokenwood 
✦ finaste Buddy som helser på tre supersmå kattungar, og så tolmodig når ein annan herjar
✦ rydde og organisere lagerhallane på jobb 
✦ velfortent å ete vaffel ute i lunsjpausen etter all sjauinga
✦ gul blomekjole og vakre prestekragar 
✦ spele "Takenoko" (aka. Pandaspelet) etter laurdagstacoen
✦ traileren til ei ny filmatisering av Sense and Sensibility, denne skal i alle fall eg få med meg! 
✦ lesing i hagen nokre av dagane 
✦ regndropar på ein rododendron 
✦ høyre på lydbok medan eg jobba på kontoret 
✦ trass kritikk frå kundar, har me fått ein del skryt også i løpet av desse dagane 
✦ utruleg stilig å lage eit skjelpaddesmykke av slipte glasbrot 
✦ emballasje til nye produkt i fint design og herlege fargar 
✦ koselege Stavanger antikvariat 
✦ quiz, Morgenlevering og ein halvtidleg laurdagsfrukost
✦ kunne ha reist rundt i Belgia berre for å besøke alle dei vakre bokhandlane
✦ piknik i den botaniske hagen, det gir sommarkjensla, det!
✦ søt, liten måseunge rett ved inngangen til jobben 
✦ sprette champagnen som me fekk då me flytta inn (!), ete taco og sjå ein bra film 
✦ lese E. M. Forsters skeive klassikar Maurice

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar