Sider

27. okt. 2024

Intermesso i eit sjakkparti




Sidan me "fekk" ein time i dag med tanke på at me stilte klokka, Også denne oktoberveka har vore full av fargar sjølv om det eit par av dagane har både regna og blåst ein god del. Endå meir julevarer på jobb og på tysdagsøvinga med orkesteret kom det juletonar. Litt tidleg spør du meg, men som eg skreiv førre veke, er det no berre slik det er. Julestemning har eg ikkje, og prøver heller å halde på hauststemninga, i alle fall det som er fint med hausten (er alltid litt skeptisk når november nærmar seg). På torsdag var me ein liten gjeng frå jobb som var heime hos ein kollega, og praten gjekk i eitt. Helga har vore passe avslappa; me var ute på eit par ærend i går, medan me i dag pusla litt med ting her heime. Om litt er dagen – og veka – over, og eg har som vanleg fleire kjekke punkt eg vil dele:
 
til og med eg heiv meg på Rooney-bølga og verkeleg slukte Intermezzo, hennar nyaste bok
sjå Where the Crawdads Sing, synest det var ein god adapsjon av boka
sosial torsdagskveld med pizza og prat hos ein kollega
både fint og litt morosamt å lese om katten Ida som blir med på fjelltur
sesongfinalen av Heartstopper var så himla fin (heile serien er jo superfin!)
magisk morgonlys på veg til jobb fredagsmorgon
bøker om bøker er alltid kjekt å lese, og eg likte veldig godt The English Bookshop av Janis Wildy
nesten Tre nøtter til Askepott ute på tur 
Bami, Dami og resten av gjengen er like herlege i kvar lille video
sommar og haust, begge delar i oktober med både tusenfryd og eit haustblad i det grøne graset
å, eg er blitt så glad i denne serien, og A Wedding at Hedgehog Hollow er den fjerde i rekkja
tredje veka på rad at eg høyrer "I Know Him So Well" frå musikalen Chess på radioen 
kjenner meg veldig igjen i denne lille haustlege teikninga
lukta av nysteikt brød
både raude og gulgrøne blad mot ein blå himmel
Claire Keegans Small Things Like These rommar så mykje sjølv om det er ein kortroman
når eg går til jobb: les litt på lesebrettet medan eg traskar av garde (tittar ofte opp, altså)
komme heim til heimelaga falafelar fredagskveld
Zalo blei henta på måndagskveld, men han er no ein artig skrue kva dag som helst
fullt av gylne blad på eit tre langs jobbvegen min
sundagskjensla med strikking, stopping av ullsokk, kjekk avisreportasje og eit par Non Stop attåt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar